mandag 11. november 2013

Siste innspurt i hagen for i år.

Nå står lauvtrea nakne med sprikande greiner mot hausthimmelen.



I går var himmelen høg, klar, og blå som på bildet over. 
I dag er det regn og ruskever. Begge deler høyrer seinhausten til.


Blomeprakten frå i sommar er borte og fargane har bleikna.


Ein og annan roseknopp held stand.




I ein einsleg ringblom finn ei lita fluge ly.


Slyngpelargoniane som har hange utanfor kjøkkenvindauga
 heile sommaren og hausten har blitt klipte ned og flytta inn i kjellarvindauga.




To små takløk i ei gammal skei har også fått plass der saman med meir varmekjær familie.




Desse to har stått her nokre veker alt og blømer trass i lite lys.


Potter og sauer ventar på våren :)


Hagereiskapa er også under tak.
Så nå er hagen klargjort for vinteren :)

onsdag 6. november 2013

Livsvisdom.



~Den summen du er blitt gjennom all menneskeleg erfaring og gjennom livets furer, 
den summen er det som gjer deg verdifull. 
Ikkje draumane om kva du kunne ha blitt eller burde vere eller aldri blei, 
men DEG som du er no, slik er du verdifull.~



søndag 20. oktober 2013

Seinhaust på Heimdal.

Me har hatt masse fint og mildt ver her på sørvestlandet i haust.
Her er nokre bilde frå hagen og garden vår tatt nå i det siste.


Litt skyer og regndrypp innimellom.


Fargar i hagen ennå.





Flagrande sommarfuglar....


...og surrande humler samlar nektar frå dei siste staudene.


Kristornbusken er klar for svarttrostane.


Kvitrogna byd også på bær for den som lar seg freiste.


Hestekastanjetrea strør rundhanda frukta rundt på bakken for mus og andre vengelause.



Ein einsleg ringblom lyser mot meg.


Klematisblomen står også einsam i skumringen.


Klematis...


...og rose i haustsol.


Dei fleste blomar som ikkje tåler frost er inne i kjellaren,
men slyngbegonia ved kjøkkenvindauga får
 henge til frostmeldingane kjem.


Nokre dagar har skodda vore innom,
men er fort blitt jaga bort av sola.




Bilde frå igår, idag er kyrne inne i fjøset for vinteren.


Berre katten ruslar att og fram som han vil :)

lørdag 19. oktober 2013

Ei stille stund ved eit stille vatn.

Bilde frå 12.10 då eg og Ask var ute og kosa oss i finveret :)


Mange dager av purpur og gull har oktober gitt oss
under en himmel som daglig blåner seg mere blå.
Ennå er frosten bare et disig varsel bak åsen,
men langsomt, langsomt begynner året å gå i stå.


Aldri er sinnet så åpent som slike høstklare dager,
når luften smaker av blomster og av kjølig jern,
og noe svever forbi deg, et minne du ikke husker,
en drøm som bestandig er like udrømt og fjern.


Kanskje er det skyggen av Han som sitter og venter
bortenfor alle blåner av dét du aner og vet,
der hvor tiden går under, og høst og vinter og sommer
drukner i stumhet og mørke og susende evighet.


Langt der ute i mørket har vi en fred i vente.
Men i menneskehjertet banker den samme drift
som får døgnfluen til å spile ut sine vinger
og får stjernene til å skrive sin himmelskrift.


Aldri kan mennesket løse den siste gåten om livet.
Men følger likevel budet fra livet selv
når vi erobrer et år, en dag eller bare en time
fra Den Stumme som bor bak det ytterste stjernehvelv.

Inger Hagerup






God helg :)

torsdag 10. oktober 2013

Rusletur i haustlandskap.

Travle dagar og andre prioriteringar 
har gjort at det har blitt lite tid til bloggen i det siste.
Kamera har heller ikkje vore så flittig brukt,
 men litt har blitt festa til minnebrikka.

Her er nokre små glimt frå rusleturar i haustlandskap :)









Nå er det meldt nydeleg ver i helga og eg har ferie 
så eg ser ikkje bort ifrå turar med kamera i dei komande dagane :)

onsdag 25. september 2013

Haustdagar.

Når dagen startar som dette....




...og sola etter ei stund fløymer inn i stova....


...er det deilig å gå ut og møte dagen.


Andre dagar er det godt med "hole hus med tette tak".


Ønskjer eg deg som kikkar innom :)