tirsdag 22. januar 2013

Tankereise gjennom liv og landskap.

(Ut for å teste det nye kompaktkamera mitt. Canon Powershot G15)

Er du tittgjengd på bloggen min har du heilt sikkert vore med meg på denne turen før,
men har du likevel lyst å bli med på er du velkommen :)
Landskapet er det same, men årstid, vind og ver gjer at turopplevinga 
kan endra seg mykje frå gong til gong.

Når eg er ute og går får tankane fritt spelerom. 
Då kan eg analysere nederlag, glede meg meg over meistring, 
glede meg over alle gode menneske i livet mitt, 
oppleve årstid, vind og ver, og stemningar rundt meg.
Andre gonger tømer eg hovudet og berre ER i naturen.

Eg er ein person som treng å høyre til,
ha ei bygd som eg kjenner meg heime i,
vite at her har eg minne på godt og vondt.

Museet vårt, her ligg fortida til boknarane for dei som har lyst å sjå.
Då eg var lita jente var eg her ofte, då var det basarar,
 juletrefestar og andre aktivitetar som fylte huset.
Stolane hadde eit brett på ryggen som me slo ned når asjettar
 med serviettar rundt blei delte ut i benkeradane. 
Ei halv skive med ost, ei med servelat, ei med fiskepudding 
og ei grovbrødskive med egg og sild.
Å, men eg gleda meg, og så kjekt som det var!
Nå i desse multimedia-tider og mengder av tilbod 
er det vanskeleg å sjå for seg korleis det var.

Kyrkja, eit trygt haldepunkt i høgtid og glede, men også i sorg.

Godt å kunne ta ein snartur innom til mor og far, plante om våren, luke og vatne om sommaren,
 legge på krans om hausten, tenne eit lys om vinteren, eller berre stå her ei lita stund.

Denne dagen var det stille her, berre ein svarttrost hoppa rundt på jakt
 etter kristornbær eller noko anna etande.

Naturen har så mange uttrykk. Ei vintersnau bjørk strekker mjuke greiner mot himmelen.

Store vintergrøne graner har stått her i ein mannsalder eller to,

rotfeste i skrinn jord. Majestetiske er dei der dei står som ein vegg
 mot nordavinden eller synnavinden alt etter som.

Hustrig med bleike jordfargar ligg beitelandet langs vegen.

Menneske har sett sitt preg på kulturlandskapet på ulike måtar gjennom tidene. 
Grenser og stengsler har eg inni meg også, nokre skal stå medan andre bør rivast.

Kva møter oss over neste bakketopp mon tru? Her veit eg fordi eg har gått her så mange gonger.
Kva som møter meg over neste bakketopp i livet veit eg mindre om...

Av og til står grinda vidopen og vegvalet er lett å ta.

Andre gonger er eg usikker. Skal eg prøve noko nytt...

eller skal eg halde meg til det sikre, der eg kan sjå vegen vidare langt fram.

  Det er lett å gro fast og bli ståande...

Av og til treng eg å studere livet og omgjevnadane nøye,

sånn skikkeleg under lupa (eller gjennom macro-objektivet).

Kanskje må eg skrelle av nokre lag kvardagar for å sjå det vakre som ligg gøymt under.

Når eg er i skuggelandet og grinder synest lukka

er det godt å finne gjerdeklyverar langs vegen.

Tunge motbakkar er det innimellom, men her oppe i høgda er det lettare å få oversikt.

Inn i det ukjente...

eller søke mot lyset på vante stiar.

Våga tru på tøvèr og vår når kulda tar tak...

Finne ein kvilebenk i ein lysning i mørk skog.

Våge å følgje nykvista stiar og oppleve noko nytt.

Snu andletet mot sola...

Finne lys og fargar i mørke.

Sjå sola strøyme mellom treleggene og gylle visne grastuster.

Vite at i knoppane på turre kvister ligg kimen til ein grøn vår...

Her ute i skogen hentar eg energi og ladar halve batteriet mitt, det andre halve
ladar eg ved å vere saman med familie, venner og gode kollegaer.
Så får framtida vise... :)


(Og ja eg er veldig nøgd med kamera og ser fram mot nye fototurar!)

God vinterveke til deg som gjestar meg :)

lørdag 19. januar 2013

Velsignet være de enkle ting.







Velsignet være
Velsignet være
de enkle ting,
de trofaste ting
som er stilferdig
hos oss i dagene
og fyller dem med duft
som av hvitskurt tre.

God redskap i hendene,
grovt brød når du er sulten,
et ly mot uvær, noen
som venter på deg
og hører at det er du
som trår i ganggolvet...

Det er i lognene
der vatnet flyter ugrumset stille,
elva speiler fuglene og himmelen.

Hans Børli

fredag 18. januar 2013

Livsinnstilling.











 Livsinnstilling

Livsinnstilling-
ditt ståsted i livet
din holdning til hva livet kan gi deg
av gleder,opplevelser og utfordringer
Du kan bare vinne
og ikke tape
på positiv innstilling
Lillian Unneland



torsdag 17. januar 2013

Himmelsk # 120


 Idag kastar eg meg på "Himmelsk"-oppmodinga hos Petunia :)
Ikkje topp kvalitet på bilda, hadde berre mobilen med då eg gjekk på tur etter jobb.
 Har likevel lyst å dele litt av lyset og stemningen i naturen denne januardagen.

 
 
 
 
 

Kjekt å gå på tur på sånne dagar!

Klikk deg inn til Petunia og sjå mange flotte himmelbilde :)

tirsdag 8. januar 2013

Skoddeheimen








Tåkeluren
Eg savnar
den gamle tåkeluren
Lyden
frå den djupe
buldrebassen
liksom ein godsleg bestefar
som pustar
i ein gammal tuba

Eg berre stod der
ved vinduet
og lytta
utan sut for båtar
på skoddehavet

Skulle ønskja
eg ennå kunne høyra
varslet
om farleg farvatn
når eg famlar rundt
mellom draumar
i skoddeheimen.

Reidar Munkejord

fredag 4. januar 2013

Vinterhagen

Her i sørvest vekslar veret stadig.
 Temperaturen er minus åtte den eine dagen og pluss åtte den neste.
Snø, regn, sol, storm,og stille.
Alt dette er like "normalt" her hos oss.
Soldagane (dei få timane dei varer) nyt eg i fulle drag!
Her er nokre bilde frå heimdalhagen ein fin soldag :)

I rosebed og krukker ser det ganske så livlaust ut.

Litt vintergrønt gjev likevel litt liv.

Lyng og litt anna vintergrønt rundt rota.
Frøkapslar og bladverk står igjen i staudebedet gjennom vinteren.
Noko vil frø seg og det er dessutan veldig vakkert med rimfrost på.

Møllestein frå kvernhuset som brann ned for mange år sidan er minne frå ei anna tid.


Siste rosa står pjusk og sturer i vintersola.

Utsikt mot sør.
Låg vintersol kastar lange skuggar.

Eit ynda motiv, tuntreet og utsikt mot Boknasundet i aust. 

onsdag 2. januar 2013

Julepynta til trettende-dagen.

Så var nyttårsfeiringa også over og store og små gjester har reist heim til seg igjen.
Nyttårsafta var me samla fire generasjonar til ribbemiddag og kaffi. 
Koseleg kveld :)




Hos oss pleier me ha julepynten til trettende-dagen
så den skal eg pakke bort i helga :)