mandag 20. august 2012

Go'gutten på søndagstur med farfar.

Eg likar så godt å fortelje historiar med bilde og denne gongen er det Ask som har hovedrolla.
Då farmor var på handletur på laurdag klarte ho ikkje dy seg frå å låne go'gutten med seg heim.
Ask likar så godt å vere med farfar ute og her kjem bilde frå søndagsturen dei gjekk i lag.
Farmor var også med, bak kameraet.
(Farmor har skrive litt av det Ask sa og vore litt tankelesar og skrive ned det også)

-Faffa, faffa, gå, gå, gå!

-Hei, pusur :)

-Kom med meg så ska du få mat sjå meg å faffa.

-Hadde du så lyst å kosa litt kanskje?

-Va det godt?

-Oi, det va ein store doggedoggedogg!

-Me må jo sjå litt på traktorane til faffa.

-Me kjørte litt tur i går seie faffa, så idag får eg berre sitta her litt.

-Åja, sånn det ser ut i siloen altså.

-Faffa har mången rundballar og han altså.

- Sjå faffa, eg kan springa og nå :)

-Oioioi, vatn!


-Denne fant eg på strannå.

-Sjå faffa, så fint skjell :)


-Eg plokke blommar te farmor for det lika hu :)


-Lukta litt på di.

-Denne va ganske mjuke oppå.

-Kom faffa, nå må me gå.

Hare hopp, hare hopp...

...hare hopp!


-Eg vil gå denne veien heller.

- Kom faffa!


-Denne dørå va visst låste.

-Eg kan leka med denne, der e plass te mången steinar oppi her.



-E'kje så lett å få di or igjen.

-Du må visst helpa meg faffa.

Kjempekjekt med besøk av verdas beste go'gutt :)

tirsdag 14. august 2012

Etterlengta sommardagar :)

Så fekk me endeleg nokre deilige sommardagar.
Eg har brukt dei to siste ettermiddagane til å kose meg i hagen, 
eller jobbe ville vel kanskje andre ha sagt.
Hagearbeid er stort sett kos for meg, iallefall når veret er som idag.
I gårkveld tok eg kamera med meg på ein liten rusletur i hagen.

Hagen ligg nå i skuggen, men sola skin på andre sida av sundet.

Hellegangen mellom huset og gamleløa har lege her i generasjonar. 
Her har barn hoppa og dansa i leik og kanskje snubla og skrubba kne.
 her har vaksne gått med faste steg til og frå arbeid, 
og her har gamle trøtt forsiktig for ikkje å skli når vått haustlauv har gjort hellene glatte.

Ein sliten benk innbyd til ei lita kvilestund.

 Kvitrognene eg planta i eit hjørne i hagen veks år for år. Dei har masse bær i år.
 Krittkvite bær og fargerikt lauv pyntar og lyser opp når hausten er her.


Rosehekken blømer og spreier godlukt i hagen.

'
Klatrerosa eg planta ifjor likar seg i hagen min ser det ut til.

Små yndige lysrosa roser.


Sola gjekk etterkvart ned, dei siste strålene farga skyene i sør rosa.
Me har hatt ein varm og fin dag idag også sjølv om det skya over innimellom.

torsdag 9. august 2012

Titt, titt :)

Titt, titt, her står me og ventar på godveret som er lova nå til helga :)









Som sagt er me lova ein liten smak av sommar dei neste dagane,
eg gledar meg! :)

lørdag 4. august 2012

Hageglede -roser

Ny utfordring frå Moseplassen om å dele hageglede.
Denne gongen er det roserglede som skal delast. 
Eg elskar roser og vil gjerne vere med og dele :)

Klaserose 'Leonardo Da Vinci'.

Klaserose 'Leonardo Da Vinci', er riktblømande, vakker og tåler regn brukbart.

Bonica blømer også rikt, men drysser veldig fort.

Klaserose Home & Garden. 
Denne fekk eg til fødselsdagen, fantastisk fin. Håpar ho vil trivast her hos meg.

Klaserose Aspirin. Nydelige nokså små roser i store klasar som tåler regn ganske godt.

Home & Garden i ferd med å opne seg.

Alba 'Maxima' (kystkvitrose). 
Gammal prestegårdsrose som er litt av eit syn om berre sola er framme
 for regn vil ho slett ikkje ha på blomane. Remonterer ikkje.

Klaserose 'Schneewittchen' er fantastisk vakker.
Dette eksemplaret er ikkje heilt nøgd med å stå i min hage, ho er pistrete og kjem berre med få roser.

 Slotsrose er fantastisk vakker og riktblømande, men tåler ikkje regn så godt dessverre.

Austinrose 'Mary Magdalene'  er heilt skjønn, denne er heller ikkje særleg glad i for mykje regn.

Nostalgi, er den rosa som tåler regn best her hos meg. 
Store roser med vakkert, friskt, mørkegrønt bladverk. 
Sterk mot strålesopp, i tillegg blømer ho til frosten tar henne.

Duftwolke, stilkrose. Store, vakre roser med deilig lukt.
Denne fekk eg i gåve nå i sommar, spent på korleis ho vil trivast over tid.

 Friesia, ei av dei første rosene eg planta for mange år sidan. 
Ho er den første som ønskjer sommaren velkommen av rosene i hagen her hos meg.
Lyser opp med fine gule roser, men drysser og tar lange pausar i bløminga.

Mini Mandarin har eg i fleire krukker. 
Er raudoransje som knopp og nyutsprungne og blirr blassare etterkvart noko som gjev fint "liv" til planta.

 Har hatt denne i hagen lenge, men veit ikkje namnet. 
Varmraud klaserose som etterkvart opnar seg heilt slik at støvbererane viser.
Veit du namnet så legg det gjerne igjen i ein kommentar.

Same som over.

Ti sist rynkerosa Moje Hammarberg som eg har ein heil hekk av.
Desse er vel strengt tatt ikkje velkomne i Norge lengre, men dei får nå stå her i hagen hos meg.
Desse passar best der ein kan slå rundt for å halde alle rotskota i sjakk.

Klikk deg inn til Moseplassen og nyt synet av masse vakre roser :)