torsdag 9. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven; rød.

I dag er det raudfarge som er tema i konkurransen hos Moseplassen.

Eg har sett på alle dei flotte raude eksemplara som alt er presenterte i konkurransen. Masse fint!
I eit forsøk på å vere litt orginal og skilje meg litt ut frå mengda vel eg å vise raude torner i staden for roser.
Sjølv om torner i utgangspunktet er noko me hageelskerar kunne klart oss godt utan er det flott å sjå at dei kan ha prydverdi i seg sjølv. Må berre kome tett nok på. 
Til og med det som oppfattast som stygt kan ha noko vakkert ved seg.


Du finn masse flotte raude konkurrentar her.

tirsdag 7. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, kvit.

I dag er det kvit som gjeld i x-faktor-konkurransen hos Moseplassen.

Eg vel å presentere "prestegardsrosa som går i arv". 
Eg har ikkje namnet på henne, men ho er like kjærkomen og vakker fordi om ho er mamnlaus. 
Denne rosa stod i hagen her då mor kom til gards i 1954 og har sansynligvis vore her i nitti år eller meir. 
Far kunne ikkje hugse at ho ikkje har vore i hagen her. 
Då eg for nokre år sidan var "på jakt etter røter" der farmor mi kom ifrå
 fann eg same sort rose i hagen der. 
Så eg kan tenke meg at farmor har fått ei rot med seg heimefrå 
og at rosa følgde henne gjennom livet. 
Det kan også vere at rosa alt var i hagen her då ho kom hit og at ho tok avleggar med seg heim til sine.

Rosa blømer i slutten av juni og treng godver og solskin for å bli skikkeleg frodig og fin. 
Er det mykje regn blir blomane brune og rotnar.
Rosa har ei fantastisk aromatisk og feminin lukt, mmm.


Ikkje heilt snøkvit, meir kremfarga.


Slekt skal følge slekters gang.


Du finn konkurransen her.

søndag 5. februar 2012

Vinterlys.

Når det blæs kuling og snøen kjem vassrett for å legge seg i store skavlar er det lite utlokkande.
I dag har eg slappa skikkeleg av og kosa meg inne. Har mellom anna leika meg litt med foto og redigering.
Og når eg ikkje kan gå på fototur ute lagar eg stemning inne med lyset som kjem gjennom vindauge og inn.




Snøen la seg etterkvart på kjøkkenrutene slik at det var umogleg å sjå ut.



Blåtime





Eg har hatt det varmt og godt inne medan mannen har brukt store deler av dagen på traktoren for å brøyte gardsvegen vår. Ennå blæs det skikkeleg her så det er vel nesten forgjeves arbeid. Godt eg har gangavstand til jobb kjenner eg på...

X-faktor blomsterutgaven, gul.

Konkurransen hos Moseplassen held fram, idag er det gladfargen gul som er aktuell.

På denne fargen kunne eg funne fram vakre roser, frodige påskeliljer eller andre prangande blomar.
Eg vel heller å presentere denne vesle optimisten, vårkål.
Som små soler lyser han opp straks sola varmar aldri så lite om våren.
Vårkål sprett opp overalt her hos meg, i plenen, langs husveggen og elles der han får lov å slå rot.
Dette er det flottaste våteiknet eg veit om. 
Då eg var lita plukka eg hendene fulle til mor. 
Ho sette dei i ein liten blå vase på kjøkkenbordet, 
O LUKKE!


Seinare blei det mine barn som plukka til meg.
 Til våren skal eg ta Ask Leonard med meg og plukke og pynte på kjøkkenbordet :)


Du finn konkurransen her.

fredag 3. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, blå.

Moseplassen er igong med ny konkurranse. 
Denne gongen gjeld det å presentere vakre blomar med X-faktor, altså "det lille ekstra". 
 Eg hadde tenkt å få med  meg alle fargane i denne konkurransen, 
men rosa fekk eg ikkje med meg dessverre. 
Denne gongen er det blått det skal konkurrerast i. 

Blått i alle nyansar er favorittfargen min og eg har mykje blått i hagen min. 
Det var ikkje lett å avgjerde kva for ein blom som var verdig å bli med i konkurransen. 
Til slutt blei det Myosotis forglemmegei (blir også kalla minneblom og mariauga) som trekte det lengste strået. Forglemmegei gjer seg best i større mengder, 
men kjem ein tett nok på ser ein at kvar enkelt blom også er strålande vakker.
Det er ikkje berre blomen som er vakker, men også namnet; forglemmegei eller minneblom.
Forglemmegei var ein av dei første blomane som kom på plass i hagen min då eg starta med hage.
Før det hadde eg ofte nytt synet av ville forglemmegei i ei eng like ved huset mitt.

Eg elskar denne sarte pastellblå fargen, den minner meg om knappane 
på ein sommarkjole eg hadde då eg var lita jente. 
Då kjolen blei forliten for meg blei han gitt til ei innsamling til barn i Afrika. 
Mor spretta or dei lyseblå knappane og sydde i kvite i staden slik at fekk behalde dei blå knappane. 
Eg håpa lenge på å få sjå ei lita svart jente i min kjole på fjernsynet, men så heldig var eg ikkje :)




Konkurransen finn du her.
Ta ein kikk på alle dei flott bidraga eller delta på konkurransen sjølv :)

onsdag 1. februar 2012

Når alt kjem til alt...

Når alt kjem til alt
kva betyr desse våre vakre fasadar
desse våre skilt mot omverda
desse våre produkt
Når alt kjem til alt
kva er det som tel
Er det ikkje ei hand å halda i
eit ope blikk vi kan møta
nokon å vera trygg hos
nokon å vera nær
Er det ikkje andlet, smil
tårer vi delte
som står att og lyser
mellom det som nådde
djupast inn
Sigerspallen
kva var den mot varmen
frå eit anna menneske
når alt kjem til alt
Bente Bratlund
God helg :)

På veg heim.

Då eg var på veg heim frå Aksdal på mandag måtte eg stoppe på Ognøy 
og feste dette magiske kveldslyset over Bokn til minnebrikka på mobiltelefonen min.





Her ute under tv-masta ein stad bur eg! Er det ikkje vakkert?


Etter regn, storm og ruskever i lange periodar tar eg imot slike kveldar med opne sansar og berre nyt!


Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik

med fagre fjell og fjord og tronge vik,
det stig i all sin venleik stort og vilt
og atter møter meg så mjukt og mildt.
Tore Ørjasæter

torsdag 26. januar 2012

Det dagast.

Morgonlyset fanga med linsa på mobilen i går litt før klokka ni. 
Eg har ikkje redigert bildet meir enn at eg har lagt på ramme.


Dei siste to dagane har det storma skikkeleg her ute ved kysten. Så sjølv om gradestokken viser to-tre grader pluss er det bitkaldt ute. Heldigvis går det mot lysare tider :)

lørdag 21. januar 2012

Ikkje berre hus, men heim.

Eg har brukt dei siste vekene til å gjere det "nye" huset vårt om til ein heim. 
Huset er så forandra at eg gjekk litt att og fram i stovene i starten 
og lurte på om eg kom til kjenne meg heime her. Nytt og fint, men framandt. 
Nå har eg fått sett mitt preg på inventaret og funne meg godt tilrette :)


Denne helga har me fått lånt denne vesle sjarmøren som bed deg velkommen inn :)


Her er litt nytt og litt gammalt. Maleria har eg vist før. 
Dei små koselege bøkene på skapet har Berit Tjøsvoll laga.
 Lampen har eg hatt i årevis medan telys-lyktene er nye.


På eit lite skap står det kjære ting eg har arva etter mor. 
Då eg var lita jente var dette fatet og tekanna noko av det finaste eg hadde sett.
Dei er sikkert ikkje verd mange kronene, men eg elskar dei.





Lys er viktig og eg har kjøpt nokre nye lampar. 
Kristusbildet fekk eg av BeritT til ein fødselsdag for to-tre år sidan.


Orkidéen er innflyttingsgåve.


Då eg skulle handle inn nokre nye blomar var eg så heldig å finne nydelege engelske pelargonia.
Dei passa perfekt til den nostalgiske stilen huset har fått.




Ny stålampe. Lampane eg har kjøpt på Lampehuset på Oasen. Det er eit stort utval i lampar på lampebutikkane her i distriktet, men det var berre Lampehuset som hadde den stilen eg var ute etter.


Skjenken er frå barndomsheimen min.


Denne fine kaffikanna kjem frå mor sin familie. Asjetten er også gammal, men eg er usikker på opphavet.
På fatet ligg ei sølvskei og sølvgaffel som far fekk til komfirmasjonen. Skeia er så tynn at ho kan umogleg vore brukande til å ete med. Påleggsgaffelen har vore mor sin.


Denne store sølvskeia er tynnsliten og oppskrapa under skeibladet etter at ho har vore brukt i grautgryta.
Det at tinga er godt brukte gjer dei berre meir verdifulle for meg.


Her har eg også ein gammal huspostill med gotisk skrift liggande.



Det som aller mest gjer eit hus om til ein heim er familien :)
Nå er me toeine til dagleg, men bilde av barn og barnebarn er noko av det kjæraste eg har :)






I det du går ut kan du jo ta kjøkkenvegen. Her har eg nettopp fått opp knaggar
 til å henge opp forkle og andre ting som er praktisk å ha for handa.



Dette skjønne fatet fekk eg av Berit då ho var hos meg nå på torsdag.
Fatet passa perfekt på kjøkkenet hos meg. Tusen takk for fatet Berit, 
men aller mest takk for koseleg besøk  :)


Då seier eg og Ask Leonard takk for besøket og velkommen igjen :)