I dag har det vore regntungt og mørkt heile dagen, men her kjem hagebilde frå søndag då ei låg novembersol
var oppe nokre få timar og gav dei få staudene i hagen som framleis blømer etterlengta lys.
Det er framleis litt liv i sykkelkorgene.
Stjerneklokker Campanula poscharskyana er ei takksam staude
som blømer frå vår til sein haust.
Krypklokke Campanula portenschlagiana
opnar også nokre klokker mot sola.
Ein og annan stemorsblom som har sjølvsådd seg kikkar også fram her og der :)
Ei einsleg nostalgi-rose er igjen i roserabbatten. Litt vinterbleik, men likevel vakker.
Nå er hagesesongen over for i år, men det er kjekt med ein liten bonus
som desse hardhausane gjev meg så langt uti november som nå :)
Marie :)







