I dag har me hatt strålande solskin og over ti grader varmt. Ein slik dag er skapt for å nytast ute. Sjølv om mykje er stygt etter alt regnet me har hatt i det siste og det meste er avblømd på denne tida av året er det framleis mange fargar som lyser opp i hagen. Campanulaen i korga på sykkelen blei klypt sterkt tilbake på seinsommaren, no blømer han for fullt igjen.
Potentilla som har blømd jamt og trutt i fleire månader.
Det er også frodig i pottene i solveggen.
Pelargonia med blommar og mange knoppar.
Klokkebusken blømer for andre gong.
Campanula (ein annan type enn på sykkelen) her også.
Skuggane blir lange no når sola står lågt på himmelen. Det er ikkje så mykje som lyser opp i rabatten no, men litt er det.
Oktober-bergknapp.
Hortensia held på fargen.
Solhatt er vakker også når han visnar.
Fuksia blømer, men må nok snart inn for vinteren.
Ringblomst lyser opp.
Rosene er stort sett stygge etter regnet, men nokre held stand. Under her Bonica.
The fairy.
Denne veit eg ikkje namnet på.
Ikkje denne heller.
Hm, denne burde eg visst.
Nostalgie står frisk og frodig med friskt bladverk og både blomar og knoppar.
Storkenebb får vakre haustfargar.
Kvitrogna er eit yndig lite tre som mognast tidleg av. Blada er mykje mindre enn på vanleg rogn.
Bæra er skinande kvite med raude stilker.
Det er uvanleg mykje bær på kristornbusken min i år. Masse god trostemat her!
Rynkerosene har flotte store nyper.
Prestegårdsrosa har mindre, men veldig vakre nyper (dei to neste bilda).
Ertebelg som høyrer til på breiskolm, fleireårig ertestaude.
Sverdiris får brune, blanke, vakre frø.
Velkjent frøkapsel på ringblomsten.
Eg har vore på tur i finveret også, men dei bilda kjem ein annan dag :)GOD HELG :)