Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og truleg ein av dei eldste i landet. Ho blir datert til slutten av 1100-talet. Kyrkja har namn etter garden Hove. Rike gravfunn frå romartida peikar ut Hove som eit tidleg hovdingsete i Vik, og historikarar meiner kyrkja kan vera bygd av ein framståande jordherre som ei privat gardskyrkje. Den eksisterande kyrkja kan vera etterfølgd av eit tidlegare gardskapell, men dette er svært usikkert. (kopiert frå fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane si side)
Litt lenger nede låg Hopperstad stavkyrkje som vart bygd kring 1130. Stavkyrkja vart kjøpt av arkitekt Peter Andreas Blixi 1885 og restaurert/ombygd i åra fram til 1891.
Blogger har tulla noko voldsomt medan eg laga dette innlegget så eg er spent på korleis det ser ut når eg publiserer. Eg er ganske varm, puh...