Når blomar, fotografering og redigering av bilde kan kombinerast er det som eit kinderegg for meg. Tre gode ting på eingong. Så er det sånn at når eg først har leika meg med bilda mine har eg også lyst å vise dei. Håpar at du kosar deg med dagens serie.
onsdag 8. juli 2009
Fotografering og redigering.
tirsdag 7. juli 2009
Livgjevande vatn.
Tenk at eg skulle kome til å lengte etter regn! Me har hatt det så tørt her i lang tid at landskapet var begynt å bli brunsvidd der jordsmonnet var tynt. Beiter der det går dyr var oppetne. Så sjølv om varmen og det fine veret har gjort godt for kropp og sinn var det ein lise då regnet kom. Då det begynte å regne i går kom det først mjukt og mildt. Etter at dagen hadde vore varm og lummer var det forfriskande å gå heim frå jobb i går. Det var framleis 20 gr, men lufta var frisk og rein.
Eg måtte ein tur rundt i hagen med kamera. Desse irisane fekk eg som løk hos Ida i vår. Er dei ikkje vakre?
I gårkveld og i natt kom regnet for fullt! Slik såg himmelen ut i sør i gårkveld. Eg høyrde torden som rulla langt borte så dei som bur lenger sør hadde verre ver enn her. Men vatn det fekk me her også i store mengder!
No er det skiftande skydekke og akkurat no er sola framme. Det er 21 gr, frisk og rein luft og framleis sommar :)
Ønskjer deg som kikkar inn på bloggen min ein god dag :)
søndag 5. juli 2009
Helgemodus.
Det er heitt på jobb om dagen, men det er herleg med sommarvarme når eg har fri. Når eg kan sitte og slappe av under ein parasoll på dagtid og sitte ute i dei små timar saman med gode venner utan å fryse er det berre herleg. Å legge noko godt på grillen, steike poteter som er pakka i folie i glørne, lage ein god salat og servere jordbær med fløyte til dessert er det som ein liten miniferie. Når ein av gjestene i tillegg tar på seg jobben som grillmeister er det perfekt! At me i dag måtte ut å samle sauer og køyre dei på nytt beite fordi ein hadde funne eit smutthol frå beitet og inn i naboen sin hage skal eg ikkje snakke så veldig høgt om, hehe. Kor lenge var vel Adam i "Paris"? Helga er ikkje over ennå, eg skal ikkje vere på jobb før klokka sju i morgon :)
fredag 3. juli 2009
ABC- R for revebjelle.
Q-en hoppa eg glatt over sist helg, men no er eg på banen igjen. Rosene står i full flor hos meg no og kunne passa godt i eit R-innlegg, men eg har lenge tenkt at R-en skulle vere revebjeller. "Ville" revebjeller veks overalt i hagen, høgreiste og vakre blomar som tåler mykje vind. Dei er lette å luke bort der eg ikkje vil ha dei. Dei er toårige, første året kjem det berre ein bladrosett året etter blømer dei og døyr om hausten.
Abonner på:
Innlegg (Atom)