søndag 21. juni 2009

Det er sommar, det er sol og det er søndag.

Det er framleis kjølig vind frå nord her i sørvest, men sola skin. Onsdag hadde me kuling frå sør og ei skikkeleg rotbløyte. Det har vore tørt lenge så vatnet var etterlengta av alt som gror. Lupinene blei piska flate, men dei strekker blomane opp mot lyset. Eit av desse almetrea står innanfor hagegjerde, dei andre rett utanfor. Dei er høge, majestetiske og vakre. Sibiririsen har vore på det vakraste denne veka. Staudebedet er frodig etter regnet. Løvemunn og akeleier. Strandnelliken trivst i bergsprekkene.
Kaffikroken.
I sinkbaljane er det full flor. Tusen takk for alle kommentarar! Eg har som mål å "stikke innom" hos dykk alle :)
God midtsommarveke!

torsdag 18. juni 2009

ABC-P for palett.

P for naturen sin eigen fargepalett.
ABC-bloggen finn du mange kreative p-innlegg :)

onsdag 17. juni 2009

Homemade cakes. / Heimebakst.

Det er ikkje ofte eg bakar for tida, men når eg har fødselsdag må det vere heimelaga kaker.
Om nokon andre har lyst å bake desse kakene skal de få oppskriftene her:
"Verdens beste rullekake"
5 eggekvitar
2 dl sukker
I pk vaniljesaus (eg brukte Freia til koking)
mandelflarn/hakka mandler til å drysse oppå
Pisk eggekvitar litt, tilsett sukker og pisk stivt. Rør forsiktig inn vaniljesauspulveret.
Kle ei langpanne med bakepapir og pensle med litt olje. Stryk marengsmassen jamt utover og dryss på mandelflarn.
Steik ved 170 gr i 15-20 min. Avkjøl på rist. Snu mandelsida ned på bakepapir og trekk av papiret som kaka er steikt på.
Fyll:
3 dl kremføyte piskas, bland i 2-3 dl friske eller halvtinte bær(med litt sukker) eller rørt syltetøy. Ha på fyll og rull saman. Ikkje fyll kaka forlenge før servering for då har ho lett for å bli blaut.
Etter at du har laga denne kaka sit du igjen med fem eggeplommer som du kan lage heimelaga is av. Pisk eggeplommene saman med fire ss sukker. Skrap frø or ei vaniljestang og bland i. Vend blandinga saman med 3 dl piska kremfløyte og frys.
Heimelaga is passar ypperleg saman med eplepai og her er oppskrift på ein god og lettvint pai:
300 g (5dl) kveitemjøl
180 g (2dl) sukker
1 klype salt
175 g smør, kjøleskapskaldt
1 egg, kjøleskapskaldt
1-2 ss vatn
Bland mjøl, sukker, salt og smør i terningar til ein gryna masse i kjøkkenmaskin. Tilsett egget og vatn og bland det raskt i. Trykk deigen jamt utover og oppover kanten i ei rund form, prikk og sett i kjøleskapet. Skrell og skjer i båtar rikeleg med syrlege eple. Ta deigen ut av kjøleskapet og ha i ein pakke Tine ferdig vaniljekrem (eller krem du har laga sjølv), legg i eplebåtar tett i tett slik at det dekkar kremen. Dryss på hakka hasselnøtter og steik ved 200 gr på nederste rille i ca 40 min. Server (gjerne litt lunka) med vaniljeis.
Lukke til! Håpar det smakar :)

tirsdag 16. juni 2009

Tusen takk :)

Tusen takk for gode fødselsdagsønske både på facebook, blotanical og her på bloggen! Eg hadde ein flott dag i går! Først vanka det klemmar, godord og kake på jobb. Då eg kom heim låg det ein pakke som var kome med posten og venta på meg. Eg venta ingen presang i posten og pakken var utan avsendar utanpå så dette var eg spent på.
Det viste seg at gåva kom frå Astrid som har bloggen Eit A4-liv. Eg vann ei trekking der for ei tid sidan, men det hadde eg heilt gløymd. Det passa jo godt at gåva dukka opp akkurat på fødselsdagen min :) Tusen takk! Eg fekk to nydelege lysglas, ein fin glatt stein med velkommen på og serviettar med roser på. Lysglasa kjem skikkeleg til sin rett med tente lys i. BeritT er ei god venninne og ho hadde med seg to vakre småbøker som ho hadde dekorert sjølv. I tillegg fekk eg fine lysglas til hagebordet og keramikkfuglar til å pynte med i hagen. Lys, blomar og serviettar er det alltid kjekt å få. Eg likar sånt "stæsj". Eg fekk dette fine nettet til å sette over maten på hagebordet, kjekt. Denne oppmuntringskalenderen har fått plass på skrivebordet. Ordet for i dag er; Det som er gjort i kjærlighet, varer evig. Ein ny fuksia til hagen. Det kan aldri bli for mange blomar i hagen! Nydelege kort fekk eg også. I dag har eg pynta litt i hagen av noko av det eg fekk. Desse småfuglane fekk eg også frå Berit Vakker "blå blom", alle veit at blå er favorittfarge. Tusen takk til alle som var med å gjorde gårsdagen til ein fin dag for meg :)

lørdag 13. juni 2009

Fargerike lupiner.

Lupiner er fargerike og voksevillige. Her er nokre bilde frå lupinbedet mitt, det er ennå nokre dagar før dei står i full flor.
God søndag :)

fredag 12. juni 2009

ABC-O for Okersol

Okersol er ei gruppe frå Rogaland der tre av dei som
spelar er fetterane mine og der dotter til kusina mi er solist. Du kan lese meir om gruppa her.
Tar med eit par bilde der himmelen er okerfarga rett etter at sola er gått ned.
Fleire ABC-innlegg finn du her.