Torsdag er gul i fargeveka. For meg er gult ein farge som gjer meg glad :)
Dei aller første blomane i hagen min om våren er gule. Påskeliljer og krokus står og lyser i ein heller vintergrå hage og ber bod om at våren er på veg.
Gulldodre er ein av dei første som prisar våren i hagen min.
Vårkål har eg masse av i plenen. Dei speglar sollyset og ser ut som om dei er laga av glanspapir.
Løvetann er ikkje alltid like velkommen, men vakker det er han.
Ei av dei første rosene som blømer hos meg er Friesia.

Blomkarse har ulike varme fargar og han er alltid veksevilleg.

"Kosekroken" ein sommarettermiddag.
Eit gult hus i ein vinterkvit Heimdalhage.
Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange gule lenker.
Smalballblom likar seg også godt i Heimdalhagen.
Gjerdesolhatt vender blomane sine mot haustsola.
Ta ein tur innom Mette på bloggen Koselig, der ligg det mange gule lenker.



























