torsdag 12. februar 2009

Bokn i svart, kvitt og blått.

Eg er heilt overvelda over alle som ønskjer meg velkommen tilbake på bloggen. Tusen takk! Eg har ikkje fått vore innom hos alle ennå, men eg jobbar med saka. Det er så mykje eg har gått glipp av som eg har lyst å oppdatere meg på.
Me har eit strålande vinterver her i sørvest for tida. I går gjekk eg på toppen av Boknafjellet, kamera var sjølvsagt med. Her kjem ein liten fotostory over turen. Vil du vere med så heng på!
Heimdal i vinterdrakt. Boknabergsvatnet er islagt og dekka av snø. Iskunst laga av naturen sjølv. Sola varma i ansiktet til tross for skarp luft. Mose er ikkje berre eit ukrut som veks i plenen, her ei vakker utgåve av arten. "Det er i motbakke det går oppover." Løn for strevet er eit fantastisk utsyn! Havet ligg som eit sølvfat i sør. Kyrkjebygd i vinterdrakt. E 39 med Boknasundbru er pulsåra gjennom Bokn, men det greinar seg mange småårer utover øya som snor seg gjennom eit vakkert øylandskap. Snart på toppen. Boknafjellet er 294m høgt, på toppen står Boknsendaren ei tv-antenne på 150m.
Bokn (Bokn, Austre bokn og Ognøy) er omkransa av 123 holmar og småøyer.
Ved varden på toppen. Greit med tidsinnstilling på kamera. Ikkje eit vindpust! Trafikkstøyen frå E 39 er langt borte. Den einaste lyden er "potetmjølknirkinga" under skorne mine. Er det Mikkel rev som har rusla ein tur mon tru? Teikn på liv under snøen, ein frøstand med kime til mange nye planter. Sundet mellom austre og vestrebokn har alltid vore ei viktig ferdselsåre for dei som dreg sjøvegen. Utsyn mot Rennesøy. Snøkrystallane glitrar som eit teppe med diamantar i solskinet. Etter to timar er eg heime igjen. På dagar med regn og ruskever er det godt å kunne minnast dagar som denne!

mandag 9. februar 2009

Plutseleg tilbake! / I'm back!

Endeleg! Dataen er på plass igjen! Tusen takk til alle som har vore innom på bloggen min med helsingar! Eg takkar også for helsingar som ligg i kommentarfeltet hos Ida og Berit etter at dei har helsa frå meg. Julepynten blei pakka vekk for over ein månad sidan sjølv om det ikkje har sett sånn ut her på heimdalbloggen. Denne er også berre eit minne. Eg gjekk her og venta dag etter dag... etter dag. Eg har brukt kamera flittig, spesielt er mange solrenningar festa til minnebrikka. No trur de kanskje at eg har sete i godstolen, og sett inn i glørne og tvinna tommeltottar den siste månaden, men den gang ei. Broderiet eg har sydd på lenge er levert til innraming og eg er godt igong med å strikke sjal. Eg har vore ein god del på arbeid og gått mykje tur. Eg har mange bilde på lager og gler meg til å lage nye innlegg. No skal eg rundt å helse på og oppdatere meg rundt omkring i Blogglandia :)

tirsdag 30. desember 2008

Utan nettilgang.

Eg har problem med dataen for tida derfor blir det ein ufrivilleg bloggpause for meg. Litt abstinenser blir det, men det går bra :) Ønskjer alle ei fin nyårsfeiring!

tirsdag 23. desember 2008

God jul.

Du grønne glitrende tre goddag,
velkommen du som vi ser så gjerne.
Med julelys og med norske flagg
og høyt i toppen den blanke stjerne.
Denne klokka fekk eg i adventskalenderen då eg var lita jente og ho er den kjæraste julepynten eg har.
No koma Guds englar med helsing i sky,
Guds fred og velsigning dei bjoda.
No stig ifrå jordi ein helgasong ny,
Som skal gjennom himmelen ljoda:
Guds fred og vel møtt,
Du barn som er født!
Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Dompapp høyrer jula til., denne løparen vann eg på ein basar.
Juleduken under sydde eg for mange år sidan, i år ligg han på kjøkkenbordet.
Dette fine paret kjøpte eg på ei julemesse for nokre år sidan.
Denne nissen har minstemann laga då han gjekk på skulen.
Denne fine klokka har også minstemann sin signatur.
Huset fekk eg til jul då eg var lita jente. Då leika eg med det dagleg, no er det berre framme i jula.
Så la oss gå med stille sinn
Som hyrdene til barnet inn,
Med gledestårer takke Gud
For miskunnhet og nådebud.
Blommar høyrer jula til! Amaryllis må eg ha!
Ein stor bukett tulipaner på spisebordet.
Eg ønskjer alle bloggvenner, familie og andre som besøker bloggen min ei God jul!