lørdag 6. september 2008

Sedum og takløk passar saman.

Sedum, bergknapp og takløk er tørketålande planter. Eg har planta nokre der det er for tørt for dei fleste andre planter. Sédum cautiola japanbergknapp er berre ti cm høg, rosa i knopp og rosa og mørk raud når han spring ut. Blada er blågrønne.
Sédum spúrium 'Variegatum', gravbergknapp. Sédum spurium 'Purpurteppich' gravbergknapp. Sédum spurium 'Varigattum', gravbergknapp. Ulike takløk passar godt saman med bergknapp.
'Herbstfreude' er barn av oktoberbergknapp. Blomane på berknapp står veldig lenge og endrar farge etterkvart som dei spring ut.

fredag 5. september 2008

Blomar i sarte fargar.

Her kjem nokre blomebilde eg har tatt i august. Scabiosa er grasiøse blomar på lange stilker. Nokre er store og andre er mindre. Vil du ha sommarfuglar i hagen så plant scabiosa! Desse store har eg i to ulike blåfargar og i kvitt.
Dei to siste her er mykje mindre. Rosestorkenebb. Eg har fleire sorter storkenebb, dei er blant favorittane mine.
Storklokke har eg i blått og kvitt.Ei humle drikk nektar frå ein løvemunn. Eg likar løvemunn fordi han tåler regn utan å bli stygg. Lupiner er fordringslause og vakre synest eg.
Spanske margeritter kan ein få i mange fine fargar. Med desse små glimta frå hagen vil eg ønskje alle ei fin helg!
Eg takkar for alle kjekke kommentarar de legg igjen hos meg :)

torsdag 4. september 2008

Early in the morning and late at night.

At daybreak on August the 29th. On my way to the cowshed at 6.40 a.m.
Some photos from my evening walk two days later. Between 8.30-9.30 p.m.
If you want to see more sky watch photos please visit the Sky Watch Friday blog here.

tirsdag 2. september 2008

Frøken Solgull.

Lat meg presentere "frøken Solgull" Montbresia. Ho er mi "frøken haust" i konkurransen hos Moseplassen. "Frøken Solgull" lyser opp i hausthagen når mykje av det andre har blømd ifrå seg. "Frøken Solgull" er ikkje ei frøken som ser blygt fram under kronblada, ho opnar seg mot lyset og smiler mot sola! Har du lyst til å delta eller vere med og stemme besøk Moseplassen og sjå alle dei vakre haustfrøkenane. ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 03.09. Eg var visst litt snar då eg publiserte dette innlegget i går. Eg vil legge til at blomen heiter Montbresia. Værhane blir også brukt. "Frøken Solgull" er namnet eg har gjeve akkurat denne frøkena som er med i konkurransen.