onsdag 7. november 2007

Kontrastar. / Contrasts.

Veret har dei siste dagane vore svært så skiftande, frå fredeleg søndagsidyll til kuling og frådande sjø. Bilete av himmel og skyer følgjer på fredag. / The weather has been changing a lot lately, from calm and peaceful Sunday idyll to strong breeze and foaming sea. Søndag rusla eg ein liten tur langs Heimdalstranda. Sola varma skjølv om lufta var skarp. / The weather was beautiful on Sunday, I walked on the "Heimdal beach".
Tauverk som er slite av tida si tann er vakkert i mine augo.
Sola skin i sjøen under båten. Eg såg masse småfisk, men dei viser ikkje på biletet. Utsyn mot Boknasundbru. Hummarteinene til ein nabo er lagt på land.
Til og med ei svimanet kan vere vakker. Bileta under er tatt seinare i veka, då var veret eit ganske anna! Det har sin sjarm det også! Eigentleg set eg stor pris på variasjonane. Herleg å kjenne at vinden tar skikkeleg tak. / Another day, the weather has changed.
Her er eg på Gullhaug. Arkeologane trur at ein viking ligg gravlagd her! Kva som enn ligg skjult her er dette det finaste utsynspunktet på Heimdal. Då eg var lita gjekk me ofte hit på fine sommarkveldar, av og til hadde me også niste med. / Here I am on "Gold hill". The archeologists belive that a viking is buried here. There is a fine view to all directions from this point. Denne kvilesteinen har stått her i generasjonar. Mange har hatt ei lita kvilestund her i ein hektisk kvardag, her har dei tenkt store tankar om livet eller berre slappa av. Då barna våre var små var dette ofte målet for ein "nistetur". / This rest stone has been here in generations. Many people have had a breather here. Nokre haustbilete frå Heimdal. Eg har mange bilete på lager. Eg prøver å gruppere dei litt. Eg er blitt så hekta på fotografering og redigering av bilete. Og ikkje mindre på blogging! Det er kjempekjekt. Eg kunne brukt heile dagen på dette, men det er ein del andre gjeremål på ein gard som må prioriteras. / Some fall photos from Heimdal ( Home valley).

mandag 5. november 2007

You make me smile!

Tusen takk Marita for denne awarden! Og så kjekt at du la igjen kommentar! Det hender at eg lurer litt på kven dei er alle dei som er innom bloggen min. Det er vanskeleg å nominere vidare for det er så mange som fortener denne. Dei fleste har vel også fått han opptil fleire gonger frå før. Likevel vil eg nominere så kan dei eg nominrer gjere som dei vil om dei vil nominere vidare. Først vil eg nominere Anemone, er det nokon som får meg til å smile, les gapskratte, så er det iallefall henne! Ida er innom med både god morgon og god kveld det er Minerva også. Dessutan er eg veldig glad i bloggane deira. Med dette er dei også nominert. Ei som eg også har fått god kontakt med og som til og med brukar bloggen min som "barne tv" av og til er Anki, så ho må med! Eg vil også nominere Berit. Ho er nokså ny i "blogglandia", men ho er fullt på høgde med andre! Vakre, vare, nydelege og koselege innlegg. / Last but not least I vill nominate Dot who put me on her Sky Watch Friday list, she also has a beautiful blog. Biletet over er frå ein liten kalender eg har på skrivebordet. Biletet er frå november, tittelen er "Ventende hester" og orginalen er mala med munnen av Mariusz Maczka. Vakkert, ikkje sant? I dag har eg hatt "kontordag", betalt mange rekningar og ført husdyrkontrollpapirer. Eg har i tillegg holdt på med noko rekneskap. Dagen har gått i eit! I kveld var eg og mannen min på medlemsmøte i felleskjøpet. Høyres kanskje gørr kjedeleg ut, men det er faktisk interresant synes eg. Dessutan fekk me nydeleg middag, lammesteik og dronning Maud fromasj til dessert. Så her i gården går det lite i restaurantbesøk, men me er på mange fagmøter gjennom året.

søndag 4. november 2007

Søndagsmorgon i november. /A morning has broken.

Klokka er halv åtte og eg er nett ferdig i fjøset. Det er søndag og veret er strålande. Trea står med sprikande nakne greiner, månen står som ein liten sigd høgt på himmelen. / The time is half past seven in the morning. I've just finished milking the cows. It's Sunday and the weather is beautiful. The trees have lost all their leaves, the moon stands like a little sickle on the sky. Eit fly lagar ei stripe over himmelen, kanskje er det på veg til sol og sommar. / A plane is leaving a stripe on the sky.
Haust. / Fall. Ei pjuskete rose strekker seg mot lyset. / A ruffled rose is stretching out for the light. God søndag! / I wish you a nice Sunday!

lørdag 3. november 2007

Vennskap

Tusen takk for alle koselege kommentarar på innlegget under! Eg er så glad for å bli kjent med deg! Eg legg ut nokre bilete som du kan få kvile augo på ei lita stund. Håpar du tar deg tid til å lese diktet under også. Nå deler ikkje me stunder ved kjøkkenbordet saman, men me kan jo late som...ikkje sant? God fantasi gjer livet rikare på så mange måtar. Me er med kvarandre på turar, til næraste fjelltopp eller kanskje til Paris. Me ligg i skjønne himmelsenger, me pyntar i heimen og me kjenner lukta av ferske kaker og nytrekt kaffe. Eg vil ønskje alle ei god helg!
Så uendeleg godt med små stunder ved kjøkkenbordet saman.
Med eit varmt tekrus framfor oss.
Der vi kler av andleta våre og deler tårer og gleder.
Der vi snublar mot kvarandre med famlande, utilstrekkelege ord.
Der vi tar imot kvarandre og lyttar med opne sansar.
Alt forstår vi kan hende ikkje.
Og somt lar vi respektfullt liggja.
Men vi kjem nær kvarandre, og lærer litt om kva vennskap er.
Dette umistelege.
Bente Bratlund Mæland

fredag 2. november 2007

Sky Watch Friday

Dette bilete er tatt mot sør 29. oktober / Photo taken towards south, October 29th. Dette er utsynet mot sørvest på same tid. / The view towards south vest at the same time. Så kjem regnet og openberrar denne nydelege regnbogen i aust! / It's starting to rain... Resten av bileta er tatt mandag 1. november. / The following photos are taken on November the first.

torsdag 1. november 2007

Alt har si faste tid! / Family photos.

"Tider skal komme, tider skal henrulle. Slekt skal følge slekters gang..."
Meg som treåring. Trudde vi at livet kunne temjast?
At vi kunne surfa oss fram?
Trudde vi at vi uberørte skulle mognast?
Det er dei rasp og sår vi har fått
som har vore våre mulighetar
Det er dei som er våre ressursar
Bente Bratlund Mæland

Dykkar barn er ikkje dykkar barn. Dei er Livets søner og døtre med eigne lengsler. Dei kjem gjennom dykk, men ikkje frå dykk. Og sjølv om dei er saman med dykk, tilhøyrer dei dykk ikkje. De kan gje dei dykkar kjærleik, men ikkje dykkar tankar. For dei har sine eigne tankar. De kan gje hus for kroppane deira, men ikkje til sjelene deira. For sjelene deira bur i morgondagens hus, som de ikkje kan besøke, sjølv ikkje i dykkar draumar. Kahil Gibran Pappa har laga dokkesenger til jentene til jul. Ny dokke!

Juleglis til ære for fotografen. På båttur med farmor og farfar. Morfar og minstemann var gode venner. Far og Lady. Mormor og barnebarn. Dette er dei eg er aller mest glad i på denne jord! " Minstemann" inkludert. Kven er du, barnet mitt? Eg kjenner deg, men likevel kjenner eg deg ikkje. Nå kan eg sjå ned på deg, men snart er du høgare enn meg. Du er mi verd, men høyrer likevel til di eiga. Nokre gonger, midt i travelheita, stanser me lenge nok til å sjå kvarandre inn i augo. Då hugsar eg at å vere di mor ikkje berre betyr å lage mat og vaske klede, mase og rydde. Du slit i fortøyningar, men skjønar at du treng ei hamn. Du treng tid og rom til å finne ditt eige land. Sjølv om eg fører deg dit, er det eg som må bli igjen utanfor medan du går inn og tar det i eige. Eg kan berre koma dit viss du opnar og bed meg inn. I dei korte stundene av fellesskap ser eg i augo dine at du har begynt å finne ditt eige land. Det er eg glad for, barnet mitt, særs, særs glad for. Mary Hathaway _________________________________________________ Når en morragretten unge slår seg vrang og retter tunge og nekter å ta klær og støvler på, når melkeglassa veltes og geitostmaten eltes mellom fingre som er klønete og små.
~~
Så husk at denne dag må du ta vare på, den forsvinner mellom figra dine nå. En gang vil du savne slitet, da er det for sent å vite; det er du som gjør din dag og tinning grå.
~~
Du er kysten som de engang seiler fra. Si meg hvem er stor og hvem er liten da? Når framtidshavet ligger som et speil, så blås medvind inn i deres seil.
Louis Jacobi
__________________________________________________________ Alt har si faste tid, alt som skjer under himmelen har si tid. Fork. 3.1