tirsdag 30. desember 2008
Utan nettilgang.
tirsdag 23. desember 2008
God jul.
Denne klokka fekk eg i adventskalenderen då eg var lita jente og ho er den kjæraste julepynten eg har.
Dompapp høyrer jula til., denne løparen vann eg på ein basar.
Juleduken under sydde eg for mange år sidan, i år ligg han på kjøkkenbordet.
Dette fine paret kjøpte eg på ei julemesse for nokre år sidan.
lørdag 20. desember 2008
Godt med tette hus!
I Boknasundet som er innaskjærs gjekk sjøen grov med skumtoppar på. Huset ligg i le for nordvesten så rundt dørene her var det nesten stille til tross for at me høyrde stormen dura skikkeleg. Dei som bygde huset her i si tid visste kva dei gjorde!
Eg må innrømme at eg ikkje var ute og målte krefter med stormen. Eg har vore inne og målt krefter med støvsugaren og moppen. Så no er det stort sett pynting og handling av mat som står igjen.
I morgon er det "svartesøndag". Siste søndag før jul var tidlegare den einaste søndagen i året som ikkje var raud på kalenderen. Denne søndagen skulle huset vaskast til jul. Elles var det veldig strengt med kva som var lov å gjere på ein heilagdag. Eg har ikkje tenkt å vaske i morgon, eg skal pakke inn dei siste julegåvene og ta julepynten ned frå loftet. Utpå dagen skal eg hente eldstejenta på flyplassen, det gler eg meg verkeleg til! Ein dag eller to seinare kjem "midtimellom", det gler eg meg også veldig til!
torsdag 18. desember 2008
Eva sine tørre vafler.
Eie spurte om eg ikkje kunne legge ut oppskrifta på tørrvaflene mine og det kan eg gjerne gjere.
"Eva sine tørre vafler".
250 gr margarin
250 gr sukker
3 egg
250 gr potetmjøl
250 gr kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1 ts natron
Rør smør og sukker kvitt. Pisk egga saman og rør i litt om gongen. Rør inn det torre og sett røra kaldt natta over. Ta 1/4 av røra ut or kjøleskapet om gongen. Trill emner, klapp og kjevle (ikkje for tynt for då dett det frå kvarandre, ver veldig lett på handa). Bruk godt med mjøl på bordet, men kost av emnene før steiking. Steik vaflene lett gyldne. Avkjøl og legg i boks.
Lukke til for dei som vil prøve :)
mandag 15. desember 2008
Puss, puss så får du ein suss.
Kjekt med levande lys i blanke nypussa stakar.
Litt julestemning i kjøkkenkarmen.
Tørre vafler er lagt til "kakesamlinga". Det blir ikkje sju slag hos meg, eg har laga dei tre slaga eg likar best. Betre å lage det som blir ete, enn å bere kakene inn og ut.
Koseleg å sette fram dei gamle kakeboksane eg hugsar frå min eigen barndom.
Stova blir ikkje julepynta på nokre dagar enno, men ei julestjerne er komen på bordet.
For eitogeithalvt år sidan hadde eg ikkje peiling på kva ein blogg var og datakunnskapen var minimal, i går runda teljaren på bloggen min 40000. Blogging har blitt ein kjær hobby for meg. Sjølv om me sit kvar for oss er det likevel veldig sosialt. Eg har fått mange nye kontaktar og også gode venner. Takk til alle som kikkar innom sida mi og ikkje minst takk til dei som legg igjen spor som koselege kommentarar. 5-10% legg igjen ei lita helsing. Til deg som ofte er innom og som ikkje gjev deg til kjenne, kva med å legge igjen ei lita helsing? Hadde vore kjekt å visst litt om kven som er på besøk. Du treng ikkje ha blogg sjølv for å kommentere.
Så har eg fått ei utmerking for koselege helsingar frå Frå eit A4-liv.
Eg seier tusen takk! Kommentering att og fram er det koselegaste av alt med blogging synest eg! Det er meiniga at eg skal dele denne med tre stykke. Vanskeleg dette for eg burde gitt han til så mange. Eg vil velje tre av dei som er ivrigaste til å kommentere hos meg.lørdag 13. desember 2008
Award, utfordring og julebakst.
Det følgjer ei lita utfordring med utmerkinga.
Fem ting eg er avhengig av:
1 Familie og venner.
2 Eit stor krus kaffi etter frokost.
3 Kamera.
4 Brillene mine.
5 Hagen min.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ I dag har eg endeleg fått baka litt. Grove rundstykke og to slag småkaker.
"Vepsebola" er i boks.
Kakeboksane har eg fått av mor, mange gode juleminne dukkar opp når eg tar fram desse.
torsdag 11. desember 2008
søndag 7. desember 2008
Ei lita utfordring.
Eg vil avslutte dette innlegget med Vinterbarn av Kari Bremnes. Her det mykje eg kjenner meg igjen i.



















