torsdag 1. november 2007

Alt har si faste tid! / Family photos.

"Tider skal komme, tider skal henrulle. Slekt skal følge slekters gang..."
Meg som treåring. Trudde vi at livet kunne temjast?
At vi kunne surfa oss fram?
Trudde vi at vi uberørte skulle mognast?
Det er dei rasp og sår vi har fått
som har vore våre mulighetar
Det er dei som er våre ressursar
Bente Bratlund Mæland

Dykkar barn er ikkje dykkar barn. Dei er Livets søner og døtre med eigne lengsler. Dei kjem gjennom dykk, men ikkje frå dykk. Og sjølv om dei er saman med dykk, tilhøyrer dei dykk ikkje. De kan gje dei dykkar kjærleik, men ikkje dykkar tankar. For dei har sine eigne tankar. De kan gje hus for kroppane deira, men ikkje til sjelene deira. For sjelene deira bur i morgondagens hus, som de ikkje kan besøke, sjølv ikkje i dykkar draumar. Kahil Gibran Pappa har laga dokkesenger til jentene til jul. Ny dokke!

Juleglis til ære for fotografen. På båttur med farmor og farfar. Morfar og minstemann var gode venner. Far og Lady. Mormor og barnebarn. Dette er dei eg er aller mest glad i på denne jord! " Minstemann" inkludert. Kven er du, barnet mitt? Eg kjenner deg, men likevel kjenner eg deg ikkje. Nå kan eg sjå ned på deg, men snart er du høgare enn meg. Du er mi verd, men høyrer likevel til di eiga. Nokre gonger, midt i travelheita, stanser me lenge nok til å sjå kvarandre inn i augo. Då hugsar eg at å vere di mor ikkje berre betyr å lage mat og vaske klede, mase og rydde. Du slit i fortøyningar, men skjønar at du treng ei hamn. Du treng tid og rom til å finne ditt eige land. Sjølv om eg fører deg dit, er det eg som må bli igjen utanfor medan du går inn og tar det i eige. Eg kan berre koma dit viss du opnar og bed meg inn. I dei korte stundene av fellesskap ser eg i augo dine at du har begynt å finne ditt eige land. Det er eg glad for, barnet mitt, særs, særs glad for. Mary Hathaway _________________________________________________ Når en morragretten unge slår seg vrang og retter tunge og nekter å ta klær og støvler på, når melkeglassa veltes og geitostmaten eltes mellom fingre som er klønete og små.
~~
Så husk at denne dag må du ta vare på, den forsvinner mellom figra dine nå. En gang vil du savne slitet, da er det for sent å vite; det er du som gjør din dag og tinning grå.
~~
Du er kysten som de engang seiler fra. Si meg hvem er stor og hvem er liten da? Når framtidshavet ligger som et speil, så blås medvind inn i deres seil.
Louis Jacobi
__________________________________________________________ Alt har si faste tid, alt som skjer under himmelen har si tid. Fork. 3.1

8 kommentarer:

dot sa...

Enjoyed seeing your pictures. It's hard to translate so I'm assuming it's your family members.

minerva.jor sa...

For en herlig familie du har!
Vakkre barn:)
Når barna er ute av "redet" er det så godt å vite at vi ga dem alt av kjærlighet omsorg og verdier , slik at de er godt rustet på sin ferd videre.
Morsfølelsen er alltid der.
--
Det du har skrevet får meg til å minnes og tenke tilbake :)
Ha en fin fredag!
klem:)f

Anemone sa...

Trøstes min kjære venn. Nå har du grepet meg noe aå til de grader igjen.

Har gåsehud og fryser her jeg sitter i mitt lune hi. Vakre bilder, vakre barn og vakre ord. Og det rare er at du eller dikta setter så ord på det jeg selv tenker og grubler rundt. Nesten skummelt til tider dette.

Man er jo så redd for ikke å strekke til i denne verden, som mor, kone og datter. En ønsker og prøver å gjøre dem alle til lags, men om en lykkes, det kan jo til tider våære litt uklart. Jeg er i alle fall så redd for å tråkke feil, prioritere galt osv. Vanskelig tema i grunn.

og du foressten, har du kjøpt deg scanner ?? Siden du får til å kopiere slike gamle bilder ?

Klem til deg min venn, skulle ønske vi hadde vært i kaffekopp avstand :-)

Ida sa...

Vakkert Marie.
Personlig og nært, gjennom flere av livets faser.
Flotte bilder av en fin familie, gjennom flere generasjoner.
Ordene til Kahil Gibran er fin livsfilosofi og kloke ord.
Forsonende ord.
Det siste diktet er også forsonende. Om å gi slipp og om å fly, men møtene er der. Sterkt!
Takker for at du deler av livet ditt med meg og alle andre her i "Bloglandia".
Ha en fin fin dag! :)
God klem.

Marie sa...

Dot - yes it's my family members. It's about times goes bye and new generations.

Minerva, Anemone, Ida -
Her hos oss er barna ute av reiret. Jentene er flytta eit godt stykke heimanfrå så me ser ikkje kvarandre så ofte. Minstemann bur i nærleiken, men det blir ikkje så veldig ofte at han kjem heim heller. Han er i jobb og i helgene vil han vere med venner, forståeleg nok. Godt med telefon og sms. Eg saknar dei mest med det same dei har vore heime faktisk.

Det vil alltid vere ting eg kunne gjort annleis og også betre som mor. Eindel blei heilt sikkert feil. Får likevel håpe at eg gjorde det meste rett. Eg var veldig sliten i ein periode då barna var små... Livet har mange krav og det er ikkje lett å strekke til i alt.

Som eg seier i innlegget er det ei tid for alt, og nå det er godt å kunne prioritere seg sjølv med godt samvit. Nå er eg inne i ein periode i livet der venskap er særs viktig for meg. Det er mykje stillare i heimen enn før. I går hadde eg besøk av to venninner.

Skulle gjerne hatt dykk også rundt kjøkkenbordet til ein god kopp kaffi, grove rundstykke og koseleg prat. Litt skjemt og litt alvor.

Me har ein Epson scanner og printer i eit. Eg er godt nøgd. Han printar litt seint, men kvaliteten på bileta er god.


Ønskjer bloggdamene ein finfin fredag og god helg :o)

chatrine sa...

Så koselig dette var!

Garden Angel sa...

Så koselige bilder du viser Marie!
Fin familie du har!

BO sa...

Så masse fine og kjekke bilete av dine hjarteborn! Du har alltid så masse fine dikt og ord! Eg blir rett og slett ofte rørt når eg les her inne på bloggen din. Takk for det, Marie!
Ha ein kjekke og god kveld!