fredag 29. juli 2011

Takløken blømer.

Takløk står spreidd omkring i hagen min der det er tørt nok til at han kan trivast.
Dei er vakre når dei står i små rosettar og enda vakrare når dei blømer.

Her pyntar dei opp ved trerota eg har i hagen.
Det har vore ein litt amputert hagesommar hos meg i år sidan eg ikkje har kunna hatt blomar i krukker rundt huset. Nå er endeleg nokre krukker kome på plass på sørsida på huset etter at snekkerar og malerar er ferdige på den sida av huset. Kjekt å få litt blomar rundt dørene også :)

God helg :)

onsdag 27. juli 2011

Rundtur på Bokn saman med Ruth Bernssen Bø

Ruth Bernssen Bø med bloggen Solsikken har laga mange flotte innlegg  over temaet 
Ho har også vore her på Bokn på fototur. Eg fekk vere med som kjentmann. Kjekt å gå tur saman med ei som er like hekta på fotografering og natur som meg :) Det er nokre veker sidan, men av ulike grunnar har eg ikkje lagt ut bilda før nå. Bilda til Ruth finn du her og her. Kikk innom henne og sjå hennar bilde også :)
Vakre blomar må eg alltid ha med :)
Første stopp var ved  Vatnalandsvatnet. Det blæs ganske friskt, men sola skein så det var fint likevel.


 Idyllisk plass å bu.
Ein flokk skotsk- høglandsfe gjekk fredeleg og beitte.

Skjønn lita "bamsejente" :)

Dei neste fire bilda er frå Straumen, idyllisk plass dette også.
Her er det mange som har sommarparadisa sine.


I eit lite vatn i Jøsen hadde eit svanepar funne sitt sommarparadis (under).

Ein gråstein treng slett ikkje å vere berre grå.
Her fann me også denne vakre villrosebusken.

Ved Gunnarstad står det ein allé av høge flotte tre, mange av dei eik som må vere veldig gamle. 
Her er det fint å gå same kva årstid me har.





Gunnarstadlia ligg ved Gunnarstadvatnet. Dette er ein av dei finaste plassane på Bokn synest eg.
Takk for besøket og turen Ruth :)
Velkommen tilbake :)
Eg håpar å ta turen til deg også snart :)

lørdag 23. juli 2011

Varme tankar.

Varme tankar til alle dei som er råka av det tragiske som hende i går.

Så fort
livet skifter så fort
et ord
en telefon
en samtale
et bud
så er alt forandret
~~
som en gnist i tørr skogbunn
flammer virkeligheten opp
mot lys
eller mørke
~~
og livet
er aldri mer hva det var
så fort



I den ordløse time
jeg vil gi deg vakre ord men jeg er ordløs
jeg vil gi deg trøst men smilet er frosset
jeg vil gi deg lindring men hånden kjennes kraftløs
jeg vil gi deg tro men bønnenne vender tilbake
allikevel kan du lene deg mot meg
så står vi begge i Hans armer



Medmenneske
gå stille gjennom døren som åpnes mot din neste
slik at du ser hvem han er
lukk så døren bak deg og bli der inne
ikke bare i medgangs lyse dager
men vent med ham
gjennom nattens lange timer
slik at dere ser soloppgangen sammen

Alle dikta er skrive Tove Houck




søndag 17. juli 2011

Stjerneskjerm.

Stjerneskjerm ber verkeleg namnet sitt med rette. Dette er ei av dei vakraste staudene eg veit om.



Litt meir sol og sommar hadde vore fint nå sidan eg får ferie frå torsdag av :)

Ha ei fin veke :)

mandag 11. juli 2011

Roser i regn.

Roser flest er lite glade i regn. Her hos oss stod himmelen sine sluser på vidt gap eitpar dagar før helga. Heldigvis har det vore betre i går og i dag. Prestegards-rosa mi blømer kort og intenst i desse dagar og ho ber sterkt preg av uveret. Første bildet er tatt før regnet kom.
Nå er dei fleste rosene brune. Litt knoppar er det igjen som ikkje har sprunge ut ennå.

Mandarin-rose og white cover tåler regnet betre.
Knopp på presetgards-rosa (under).

Eg har ikkje alle namna i hovudet så eg skriv dei eg kjem på i farten.

 Leonardo Da Vinci tåler ganske godt regn.
Shocking blue. Ikkje blå akkurat, men fin er ho.

Nostalgi, første knoppen i år.
Friesia (under).

Sekel er ei fantastisk fin rose. I det knoppane opnar seg er dei guloransje, etterkvart går dei meir over i gulrosa. Denne stortrivst hos meg.
Til sist må eg ha med  eitpar bilde av rynkerosa Moje Hammarberg.

Nå håpar eg inderleg at sommarsola skal varme framover sånn at rosene får vise seg frå si beste side :)