søndag 28. april 2013

Vårteikn #7

 "I hagen ved skauen" oppmodar andre bloggerar til å vise vårteikn kvar søndag
 slik kan me sjå kor langt våren er komen til dei ulike delane av landet vårt.
Dette er eg med på når det passar for meg 
og i dag har eg tid og lyst å kome med mitt bidrag :)


 Etter ein snøfattig og kald vinter begynnar det endeleg å grønkast på bakkane.


I går, laurdag, hadde eg ei god økt med våropprydding i hagen.
Eg klipte mellom anna rosetrea mine. 
Til mi store glede ser det ut til at det er liv i alle trass i ein for oss som bur i sone 1-2 
heller kald vinter med mykje barfrost.


Klarblå Vårkjærminne lyser mot meg, eg synest dei er så vakre :)


Nå blømer vårlyngen ved granrota :)


Ei linselus lurer seg med på bildet ;)
 Pusur fotfølgjer meg når eg jobbar i hagen så nokre kosepausar må me ha :)



Han ser litt morsk ut kanskje, men snillare katt skal du leite lenge etter :)



Litt fargar i bedet også etterkvart.




Gladfargar :)



Dei første perleblomane står i knopp,
snart blir dei mange. Ein vårfavoritt!


På trappa :)


Klikk på bildet over så finn du lenker til mange andre vårteikn frå det langstrekte landet vårt.

I går hadde me nydeleg vårver, idag, på konfirmasjonsøndagen her på Bokn, 
blæs det friskt og regnar. Ikkje ønskever akkurat, men lite å gjere med det.

God søndag :)

lørdag 27. april 2013

La humla suse :)

Moseplassen har ei utfordring gåande om å sette fokus på humla.
Humla er i nedgang og det er derfor viktig å ta vare dei me har.

Humla har for meg vore det viktigaste vårteiknet. 
Det skal ikkje vere så mange plussgrader før humla er på leit etter den første blomen.
Rund og godmodig er ho der ho surrar rundt på leit etter nektar.
Litt seinare på våren veit eg knapt om noko koselegare ennå å sitte under
kastanjetrea her på Heimdal og berre slappe av og "la humla suse"
- frå kastanjeblom til kastanjeblom.


Humla er eigentleg for tung til å flyge med dei vengene ho har blir det sagt.
 Ei lukke er det at ho ikkje veit det sjølv ;)
(humla på bildet under har midd som blinpassasjer på ryggen, 
heldigvis ser det ikkje ut til at det skadar henne på nokon måte)


Sidan følgjer dei mange ulike humlene i heimdalhagen meg til frosten kjem, 
ein av grunnane til det er vel at her blømer det frå tidleg vår til sein haust.

Kikk inn til Moseplassen og sjå andre sine humlehistoriar :)

søndag 14. april 2013

Vårteikn #5

Bloggen "I hagen ved skauen" har oppmoda andre bloggar om å vise vårteikn.
Denne gongen blir eg også med og viser dei første vårteikna i hagen min.













Kikk innom her du også og sjekk ut kor langt våren har kome rundt om i landet vårt :) 

God søndag :)







fredag 12. april 2013

FOTOSAFARI: Myr

Her kjem eit nytt innlegg med bilde frå fotokurs-safarien.
Denne serien har tema: 

Myr.


Eg har begynt med nærbilde og tar med meir etterkvart til eg her med heile myra og terrenget rundt.




Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.
Arne Garborg

torsdag 11. april 2013

FOTOSAFARI: I villsauen sitt rike

Eg går på fotokurs i desse dagar og igår var heile gjengen ute på "fotosafari" saman.
Læraren vår Kjetil Hamre hjelpte kvar enkelt av oss med tips og gode råd undervegs. 
Lærerik undervisning ute i felten, veldig kjekt!

Eg har sortert og redigert bilde og vil vise dei eg synest er best
 på bloggen i fleire innlegg sortert etter tema.

Denne gongen er tema:

I villsauen sitt rike.


Her kjem flokken med han "far sjølv" i spissen. 
Me møtte dei på foringsplassen og dei var nysgjerrige på om me hadde noko godt å by dei.


Flotte dyr tilpassa livet i kystlandskapet.


Villsaulam er skjønne småbarn :)




Væren er ein staseleg kar med flotte horn!


Villsau er flokkdyr. Dei er alltid litt på vakt og klare til å legge på sprang om dei føler seg trua.


Etter ei stund miste dei interessa for oss og rusla ut i beitelandet.

mandag 8. april 2013

Våren "på veggen" :)

Endeleg dukkar små fargeklattar opp i hagen hos meg :)
O lukke!






















Nå går me inn i våren og eg gledar meg :)