fredag 12. oktober 2018

Hageglede

Då er sommaren 2018 historie,
men du verda for ein fantastisk sommar me fekk i år!
Varmt og strålande vêr heile sommaren.
I september kom regnet, og etter det har det kome store nedbørsmengder.
No dei siste dagane derimot har me hatt strålande sol og varme vindar.
Eg har nytta høvet til å tømme kassar og potter.
Dei fleste krukkene står nå vinterlagra i kjellaren, 
og skaugumbegonia- og sommargeorgineknollar ligg frostfritt i potetkjellaren.




'Leonardo da Vinci'- og 'Bonica rosene blømer framleis, 
det same gjer geraniumen 'Rozanne'.
'Rozanne' er ein fantastisk staude, blømer rikt og lenge. 
Den er heller ikkje sneglefavoritt.


Det meste rundt meg har ein grønn/gul/brun fargepalett ispedd litt raudt.
I dag blæs det frisk og det er meldt regn, 
så snart ligg den fargerike bladpryden på bakken.

Heldigvis kan eg framleis nyte sommarens blomeprakt, via bilde på ulike skjermar.


Her frå terrassen.


Roser stortrivst med sol og varme.



Klematis.


Stjerneklokker Campanula poscharskyana og Betlehemsklokke (Campanula isophylla)
fekk det i tørraste laget i sommar, men dei har vore fine no etter at regnet kom.


Begonia x tuberhybrida og Begonia multiflora stortrivst i skuggen.


Mjødurt, skaugumbegonia, og gjerdesolhatt blømer i august.


Litt av kvart. Det rosa er strandkattehale.


 Heile september og godt ut i oktober regna det ei einaste lang regnbyge. 
Endeleg etter eit par soldagar kunne tredjeslåtten slåast, rakast, pakkast, 
og køyrast heim og lagrast til vinterfor, både hos oss og naboane.


Dei aller næraste naboane får maten servert både sommar og vinter. 
Fredelege og vakre dyr som likar å helse på når eg går tur.


Eg seier takk for denne gongen med dette diktet av Per Sivle

HAUST
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.



mandag 9. juli 2018

Sommaren 2018

Då prøver eg meg på ein aldri så liten oppdatering her.
Den gamle lap-toppen er proppfull så eg får ikkje lasta opp bilde der lenger, 
derfor har bloggen blitt liggande på is.
Nå brukar eg mobiltelefonen til det meste,
men det er vanskeleg å lage innlegg på den fordi alt blir så smått.
Denne gongen har eg lasta bilda opp til bloggen frå mobiltelefonen
og legg til tekst og redigerer på pc-en.
Nå er det vel ikkje å vente at eg har følgerar igjen her etter så lang tid, 
men ein og annan kikkar kanskje tilfeldigvis innom :)

På Instagram finn du meg på @heimdalhusoghage




Dette året har me hatt ein solstålande sommar fram til nå.
Flott med sol og varme for hagevekster så lenge dei blir vatna, 
verre er det med grasavlingen som skal mette kyrne våre gjennom vinteren.


Rosene elskar sol og varme.



I dei gamle sinkstampane på skuggesida trivst ulike begonia.





Når veret er så fint som nå så prioriterer eg hagelivet,
men eg likar å ta litt av hagen med inn.




Eg er stadig på jakt eller gamle skattar som passar inn i bestemorstova mi :)


Prestegårdsrosa mi.


Engelsk broderi.


Brodert duk med kniplingblonde.


Stolane, som er maken til dei som var her i huset
 då eg var lita jente, kom eg tilfeldigvis over på Finn.no.









Spegelen med bord og måneskinslampen er kjøpt på auksjon.





På bordet er noko arva og noko "nytt" ;)



Tre-arma lampe, arva.


Nokre arva, andre kjøpt på auksjon og Finn.no.


Lampen her er kjøpt på auksjon. 


Det aller viktigaste i livet er å vere farmor til denne karen :)
Eg er også blitt mormor, gledar meg til vere saman med henne også i ferien.


Då seier eg og min faste følgesvenn i hagen takk for denne gongen :)
Nå står plenslått på programmet :)