søndag 30. august 2009

Skal det vere ein liten dråpe?

Det er ikkje gull alt som glimar og det er ikkje diamantar alt som glitrar, men for ein liten augneblink kan det vere like så vakkert! Vassdråpar er flyktige, etter at sola kjem med sine varmande stråler forduftar dei som, ja nettopp, dogg for sola. Derfor gjeld det å nyte før det er over. Det beste i livet er gratis!
Tilsist ein tilleggsopplysning til innlegget i går. Eg har det veldig bra i dag! Eg har ein dyrekjøpt erfaring bak meg som eg godt skulle vore forutan, men eg brukar han som ballast i møte med livet.
Ha ein finfin søndag :)

lørdag 29. august 2009

Ut mot lyset.

Eg har gjort meg mange tankar om kor personleg og for ikkje å seie privat eg skal vere på mitt vesle pustehol på internett. Nokre brettar ut heile livet til seg og sine, andre derimot held ein låg profil og ønskjer å vere mest mogleg anonyme. Me får alle finne vår veg og eg leitar etter min. Det eg har sagt og publisert her har eg ingen kontroll over lengre. Likevel vil eg at bloggen min ikkje berre skal vere ein fargeklatt, men også bere preg av menneske bak. Eg har gått mange turar langs vegen eg har henta desse bilda frå. Det er god mentalhygiene i tillegg til fine naturopplevingar å gå her. Mange blogginnlegg har blitt til medan eg har rusla her, men dei har blitt igjen her ute i skogen og inne i hovudet mitt. Berre bilda har havna på bloggen.
Det ligg vel inne i oss alle eit djupt ønskje om å bli likt, å vise at ein kan, vil og veit. Her eg bur kjenner me kvarandre, eller me trur iallefall at me gjer det. På ein liten plass er det mange som bryr seg med andre sine liv, men det er også mange som bryr seg om på ein god måte. Ein ting som iallefall ikkje er enkelt er å kjenne seg annleis. Då eg var lita jente i småskulealder kom eg inn i angsten sitt faste og kalde jerngrep. Utan nokon som hels grunn kunne angsten slå ned. Eg kjente ingen som hadde det sånn som meg og det var få som forstod. Eg fekk lære kva skam var. Eg var annleis, det som såg ut som ein lett sak for alle andre blei ein dagleg kamp for meg. Då eg var femten år gjekk eg i naturen her saman med nokre venner. Dei vonde åra låg bak meg og eg var begynt på vegen ut i lyset. Eg hadde også lært at det ein ikkje kan kvitte seg med finnst det strategiar til å klare å leve med. Eg rusla litt bort frå dei andre og sette meg ved ein brusande vårbekk, svartrosten fløyta sine melankolske tonar og kveldsola sendte sine gylne stråler over landskapet. Det lukta av skogbotn og vaknande, spirande liv. Litt borte høyrte eg vennene mine sin trillande latter. Denne stunda blei skilsetjande for meg. Det var så uendeleg godt å leve! Så har livet oppturar og nedturar for meg som for alle andre, men denne opplevinga står krystallklar for meg og pregar livsinnstillinga mi.
Er på besøk på gamle stier
men hver meter føles ny
Det er nok sant det de sier
Vær turist i egen by
Har en glede dypt i hjertet
Lenge sia jeg har kjent
Vært så mye sorg og smerte
Er det svar på bønner jeg har sendt?
Og jeg tar det med et smil
Og jeg tar det som en klem
Og jeg tar det som et strøk over kinnet
Ja, jeg tar det med et smil
Og jeg tar imot med takk
Og trår varsomt på vei ut mot lyset.
Henning Kvitnes
No skal eg knyte skosnorene og gå same turen saman med ei venninne. God helg :)

torsdag 27. august 2009

Med auge på stilker og huset på ryggen./At a snail's pace.

Denne vesle krabaten er ikkje mellom dei mest velkomne i hagen hos meg, men han er eit av naturen sine vakre kunstverk.
Dette siste bilde er ikkje heilt skarpt, men eg hadde lyst å ha det med likevel. Snakk om å ha auge på stilker!
Tusen takk for kommentarar på dei siste postane mine :) Ha ein fin dag :)

søndag 23. august 2009