søndag 12. januar 2014

Interiør, om å skape mitt eige :)

 Først vil eg få seie at livet er så mykje meir enn hus og hage, 
men for meg er det er likevel ein stor del av det som gir livsglede :)
Eg likar å dele det med dei som skulle finne det interessant.
Likevel sit det litt inne. 
Er redd for å bli oppfatta som overfladisk 
der heimen min skal farmstå som støvfri og glansbildeaktig. 

Slik er ikkje det verkelege livet...
Der er det opp- og nedturar og utfordringar hos meg som hos dei fleste andre.

Bloggen er for meg eit pusterom i ein travel kvardag 
der eg vel å fokusere på det som er positivt og som gir meg glede :)


Så er det sånn at stilar og trendar er i stadig endring 
og hos meg er det litt sånn "blanda drops", mest gammalt, men også litt nytt.
Eg bur i eit gammalt sveitserhus bygd i 1855 
og det er ingenting av inventaret som er frå då huset var nytt. 
Eg prøver å finne mitt eige uttrykk 
som er nokolunde tru mot huset.


Her er ei salig blandig av nytt og gammalt. 
Tapetet er frå Nork Arv og heiter 2305 Kroken grønn.
Den grøne skåla på skapet er eit bruktfunn som er maken til ei skål mor hadde 
som dessverre blei knust. Veldig kjekt å kome over slike ting.
Skal det bli heim og ikkje berre hus er familiebilde på veggene viktig for meg.


Sofagruppa har eg arva etter mor. 
Nå er nok ikkje dette fargen eg hadde valt, men stilen passar heilt fint inn synest eg.
Sølvlysestakane på bordet er også eit bruktfunn. 
Mor hadde akkurat like desse som nå er hos ei av søstrene mine.


Blondegardinene berre elskar eg! 
Eg er så glad for at eg fann desse i nettbutikken til Helen Fredholm.


Litt eigne bilde høyrer også til. Skjenken og skapet i same stil er arv.


Herlige Ask Leonard kikkar på oss både her og der :)



Me bur fritt og landleg og har god utsikt.




"Skattehylla" mi. 
Eg var lenge på leit etter ei hylle i mørkbeisa eik, men gav til slutt opp og kjøpte denne.
Sidan lister rundt vindauge og dører er kvite går det an synest eg.


Under tallerkenhylla er det fleire skattar som eg har arva.


Litt nytt er det innimellom. Desse figurane frå Willow Tree er gåver.
Likar dei veldig godt :)



Dette er mitt og her er eg heime :)

God sundag :)

torsdag 2. januar 2014

Før julelysa brenn ned....

Snart skal julepynten pakkast ned, men det skal få stå til helga her hos oss.
Er litt gammaldags eg (på den måten også). 
Pynten kjem fram dei to-tre siste dagane før jul,
juletreet blir pynta vesle julafta, 
så då står det til trettande dagen før det blir pakka saman igjen.
Desse få dagane etter at nyårshelga er deilige. 
Eg har ferie fram til måndag og det er ingenting eg gjere.


Raudt skal det vere, blankt skal det vere og englar skal det vere :)


Sjølv om englane dominerer har ein og annan nisse lurt seg inn imellom :)




Blomar er prikken over i-en :)


Juletreet er fargerikt pynta med pynt eg har samla opp gjennom åra.


Vindaugepynten er ny (Perfect home).

Ute regnar og blæs det, og det har det gjort store deler av jule- og nyårshelga,
Lite dagslys når dagane er så grå. Då er det ekstra kjekt med lysfest inne :)