tirsdag 30. september 2008

Haust i hagen. / Fall in my garden.

Etter ei travel helg og mandag med ekstra arbeid i fjøset og med sauer og lam har eg ein pustepause i dag før det er langdag med mjølking og barnehage i morgon. Fjøsstellet er unnagjort, husarbeidet ropar på meg, men no vil eg slappe av og kosa meg ei lita stund. Det gjer eg best når eg får sitte å redigere bilde og lage innlegg på bloggen. I natt og dag i har det striregna. Dei to første bilda er tatt frå utgangsdøra mi no i dag. Hagen får verkeleg vaska seg og alt regnet øydelegg nok ein del av plantene som framleis held stand. Me har hatt ein nydeleg sommar og haust her på sørvestlandet i år. Bilda som følgjer er med få unnatk tatt dei siste fjorten dagane. Solskinet møter meg i det eg trør ut i hagen 16. september. Hagen sett "litt fra oven". Dette og neste bilde er tatt frå altanen og gjev eit godt bilde av denne delen av hagen. Mykje er avblømd, men løvemunn og blodsdråpar står framleis fine.
Eg har valt sommarblomar som ikkje er favoritt hos brunsneglen, dette har redusert snegleplaga ein god del. Løvemunn har blømd frå slutten av mai og står ennå i full flor. Friske fargar til å bli glad av! Slik såg surfina og baccoba i samanplanting ut den 12. juli. (dei to neste bilda)
Dei same blomane 16. september. (dette og neste bilde) Campanula poskarskyana, har eg også i kasse. Denne klarer vinteren godt og kjem igjen år etter år. Eg er veldig glad i fuksia, eg har fire ulike sorter. Sidan dei står heile vinteren i ein gammal potetkjellar og først kan tas ut i lyset når det er frostfritt kjem dei seint igong med bløming.
På vestveggen i "kosekroken" har eg erteblomar i verandakasse(frø frå Ida) og fyllt hengepetunia og baccoba i amplar. Bilde er frå 24.august. Same kroa 16. september.
Erteblomane blømer rikt ennå, dette bilde er tatt i går. Verbena og baccoba. Verbena luktar himmelsk! Herleg å sitte under dei ein stille sommarkveld. Eg er veldig glad i samanplantingar der former og fargar harmonerer. Krukke utanfor døra, million bells og margeritt saman. Bilde er tatt 12. juli. Eg har ei krukke på kvar side av døra. Bilde tatt 16. september.
Også plantene på sykkelen har blitt flotte dei siste vekene, men hengepetuniaen er blitt stygt medfaren av regnet det siste døgeret og har nok sett sine beste dagar. Bilda er tatt for fjorten dagar sidan. Pelargonium likar heller ikkje regn. Med desse bilda frå septemberhagen min ønskjer eg alle bloggjestene mine ein
god haustdag :)

søndag 28. september 2008

Roses against a blue September sky.

Rosa rugosa.
You can find more Todays flowers on this blog.
I wish you all a nice week :)

lørdag 27. september 2008

Wild flowers by the road./Blomar i vegkanten.

Desse skjønne "natt og dag " fann eg i ein vegkant ein dag eg gjekk tur. God laurdag til deg som kikkar innom bloggen min :)

torsdag 25. september 2008

September night.

6.09 at 9 pm. towards north west. 6.09 at 9 pm. towards north. If you want to see more sky watch photos please visit the Sky Watch Friday blog here.

søndag 21. september 2008

Roses are my favorite flowers.

Då eg var på bloggtreff hos Ida var eg så heldig å få desse vakre sommarfuglane laga av rekved hos GundaM. Så når sommarfuglane ute i naturen kryp i skjul for vinteren har eg sommarfuglar inne i stova mi. Er dei ikkje nydelege? Anemone gav meg denne fine boka, "Slik lykkes du med roser". Inni boka hadde ho lagt ein vakkert liten kross av rusta jern. Nydeleg bok med mange gode og praktiske råd.
Dette er ei fantastisk bok for etter å ha følgd råda i boka denne siste veka ser rosebeda mine ut som dette :)
Roses in my garden.
You can find more Todays flowers on this blog.