fredag 31. juli 2009

ABC V for vatn.

I tillegg til sollyset er vatn livgjevaren framfor noko anna til alt som lever på jorda. Her hos oss har me fått vatn i store mengde dei siste par vekene. Akkurat no er det vanskeleg å forstå at det er under ein månad sidan eg laga dette innlegget her om mangel på vatn.
Naturen blir frisk og rein etter at vatnet har vaska lufta rein. Det er så lett å syte og klage over den minste ting, spesielt veret. Tenk kor heldige me er som kan tappe reint og klart vatn inne i våre eigne hus. Me slepp å gå kilometervis for å hente dyrebare dråpar. Dei fleste av oss kan dusje og vaske tøy så ofte me vil utan å tenke på at brønnen blir tom. Viktig å tenke over av og til. Kikk innom ABC-bloggen til Petunia, der finn du lenker til mange kreative V-innlegg :) God helg :)

torsdag 30. juli 2009

Tip tap det regnar i dag, -også!

Stress ned, slapp av sa eg til meg sjølv i dagtidleg. Etter eg har hatt fullt opp kvar dag etter at eg begynte på ferien blei eg litt rastlaus i dag då eg ikkje hadde nokon spesielle planar. Husarbeid er det alltid, men det frista lite. No når det er seint på ettermiddagen kjenner eg at det har vore godt å roa ned. Det har regna stort sett i heile dag så eg har ikkje vore lenger enn ein tur rundt huset med kamera.
I desse dagar kan vannkanna stå til pynt! Femtunge er ein takknemleg og flott sommarblom som blir stor og frodig utpå sommaren. Stauden til høgre er våvortemelk som har blømd sidan i vinter. Tidlegare var han limegrøn, no går fargen meir over mot terracotta. Ryllik og montbresia er nokre av hauststaudene i rabatten. Oktoberbergknappen står i knopp. Her er ein etternølar mellom irisane eg fekk hos Ida. Krukkene utanfor inngangsdøra. Til slutt eit lite appropos og til Petunia sitt innlegg om mandagar :) Høyrer det blæs storm på sør- og austlandet. Her er det blikkstille akkurat no. Stille før stormen kanskje...
Takk for mange koselege kommentarar :) Og ein fin kveld til alle :)

mandag 27. juli 2009

Dagstur til Telemark

I går, søndag, var eg og mannen min på biltur til vakre Telemark. Første stopp var ikkje så veldig langt heimefrå, ein tur innom Traktor og maskin på Knapphus er obligatorisk om me køyrer den vegen. Traktorar er ikkje mi største interesse, men er dei nye, blanke og fine er det greit nok.
Høgfjellsnatur derimot er fantastisk! Her har me ein liten pause på Haukelifjell. Målet for turen var Lårdal ved Bandak der mannen min ville sjå nærare på denne gravemaskinen som han vurderte å kjøpe. Her er han igong med å teste "vidunderet". Medan han sjekka, testa og prøvekøyrde fann eg finare ting å festa blikket på. Denne gamle låven av lafta tømmer var nydeleg. Det ligg mykje historie i desse verbitte veggene. Frå ein nyare del av låven kom denne fine hesten ruslande ut. Sjå dei vakre augene. Litt selskap hadde han, nokre sauer budde saman med han. Medan mennene prata graving og maskinar og hest og sauer rusla ut på beite gjekk eg ein tur nedover dalen. Litt lenger nede var utsikta upåklageleg. Det blei handel og etterpå blei me bedt inn til koseleg prat, iskake og kaffe. Deretter bar det på heimveg. Eg var ute og knipsa nokre bilde etter vegen. Litt av eit høgspentspenn dette. Kanskje det ikkje er så rart at det er nettleige på straumrekninga? Dette bildet er tatt gjennom frontruta på bilen, her er me tilbake på Haukelifjell. Det mørkna etterkvart, men eg måtte ha eit bilde av Langfossen som blir rekna for å vere ein av dei vakraste fossane i verda. Då me nærma oss heime var det heilt mørkt, denne plattforma lyste opp i hamna i Ølensvåg. Eg er akkurat begynt på tre veker ferie, eg skal slappe av og nyte det! Og kanskje blir det ein liten tur også :) Håpar på litt betre ver framover :)

Get more friends.

Det er en fin ting og vinne venner
og så lett som det går.
Den som sitter ved din side
kan du vinne med et smil.
Denne koselege awarden har eg fått av Flittige hender og Solsikken. Tusen takk begge to :) Eg hugsar då eg fekk min første award ei lita stund etter at eg var begynt å blogge, eg blei så glad! Eg var inkludert i "det gode selskap". Etter dette har eg fått mange awardar. Eg blir framleis glad for at bloggvenner deler desse med meg. Det som etter ei tid blir litt problematisk er å fordele dei vidare. Dei fleste får same awardane av mange, det er også dei som vel å ha bloggen sin fri for awardar. Eg må innrømme at eg har fått fleire eg ikkje har laga innlegg på og delt vidare fordi dei har kome litt tett til tider. Denne gongen vel eg å dele han vidare så får du som får han velje om du vil lage innlegg på det eller ikkje.
Først vil eg gje awarden tilbake til dei to eg fekk han av:
Flittige hender og Solsikken, begge har bloggar eg set stor pris på.
Det er så mange bloggar eg er innom både titt og ofte og eg deler awarden vidare til desse denne gongen:
og sist men ikkje minst til Troika sin blogg. Troika er ei skjønn lita hundejente som nettopp har fått ny heim hos brudeparet eg laga eit innlegg om for ei lita stund sidan.

fredag 24. juli 2009

ABC- U for utelampe, uver og ugras.

I dag presenterer eg bilde frå arkivet så du dreg sikkert kjensel på dei om du har følgd bloggen min ei stund. Første bilde: Verdas sterkaste utelampe!
Uver i vente. Ugras. Du finn lenker til mange flotte u-innlegg på Petunia sin ABC-blogg.

lørdag 18. juli 2009

Juliregn

Skikkeleg skybrot har me hatt her i dag. Eg hadde tenkt å jobbe i hagen, men i staden blei det klesvask, klesbretting og rydding i klesskap. Keisamt, men akk så nødvendig. Trass i regnet hadde eg meg ein tur rundt i hagen med kamera.
Med ein stor paraply over hovudet knipsa eg etter beste evne. Vatnet fossa frå takrenna. Lysglasa på bordet var heilt fulle av vatn. Det same var fatet med dekorstein, det er forresten dekorativt med våte steinar. Ved granrota og andre stadar er det dammar av vatn. For nokre veker sidan tørsta plantene, no held dei på å drukne. Blomane i krukkene sør for huset er no frodige og fine. Skaugumbegonia og ringblomar står også i full flor. Varmraudt, oransj og gult lyser opp ein gråversdag. Revebjøllene syng på siste verset, det er berre nokre få blomar igjen i toppane. Breiskolmen skal eigentleg vekse oppetter eit espalie, men tyngde av vatn heng dei framover. Eg må nok binde dei opp. Strandkattehale tåler både regn og vind, men dei nikka med hovudet i striregnet i dag. Hosta. Hortensiabusken har hatt godt av vatn og har begynt å springe ut dei siste dagane. Franske margeritter står i krukker ved inngangsdøra. Roser tyngde av vatn. Svært mange roser var stygge, så eg må nok ut med saksa når regnet lettar.
Eg ønskjer alle som har vore med meg på ei regnfull hagevandring ei god veke uansett ver :)