torsdag 31. mai 2012

Tid for hage :)

Hei igjen :)
Det blir lite blogging på meg for tida dessverre.
Tida går til jobb, familie og hage.
Me hadde nokre dagar med full sommar her og då fekk eg malt rekkverket på terassen.
Kjennes godt å få det gjort.


Me er veldig nøgde med terassen. Kjekt å pynte med blomar nå når sommaren endeleg er her.


Korga på bordet er fylt med søte små alyssum.




Ei georgine har fått plass i hjørnet.


Etter at eg ikkje hadde sommarblomar ifjor grunna husrenovering 
er det ekstra kjekt å pynte rundt dørene i år.



Desse er nye av året og eg har ikkje fått namnet med meg.





Nord for bislaget er det lite sol og eg har derfor planta blomar som klarer seg godt i skuggen. 
I den minste sinkstampen hadde eg solelskande takløk og sedum frå før og eg får sjå om dei vil trivast her.


Nokre rhododendron opnar knoppane i desse dagar medan andre er på retur.




Overstrødd med blomar, men snart ferdig for iår.


Strandnellik.



 Løytnantshjarte.


Det er ei stund før rosene står i flor.


Her har eg samla stauder som tåler å stå vått saman med krukker med femtunge, verbena og fucsia.


Humleblomen har ingenting imot å stå med "beina i vatn" store deler av vinteren.


Sibiririsen har opna den aller første blomen.


Fylt tusenfryd er verkeleg ein fryd for auga.





 Stemor høyrer med.


Rosa rugosa Moje Hammarberg står full av knoppar og første rosa har opna seg.




Syriner høyrer med i ein gardshage :)


 Ein stor del av fritida går med til hagestell, men når det er noko av det kjekkaste eg gjer er det heilt greit :)
Eg takkar så mykje for alle dei koselege kommentarane eg får av dei som er innom bloggen min :)

Gode sommardagar til deg :)

mandag 28. mai 2012

Kyrkjekaffe i prestegardshagen.

Første pinsedag var eg på kyrkjekaffe i prestegardshagen i Tysværvåg. 
Gjestfritt vertskap, sommarvarme, strålande sol, kaffi og kaker 
og ikkje minst godt selskap gjorde at folk kosa seg.


Etter eitpar koppar kaffe og ein god "drøs" rusla eg ein tur rundt i den store flotte hagen.
Bli med ein liten runde da vel :)



Eg var ikkje heilt åleine om å sjå meg rundt :)


Gamle maleriske fruktre i full flor.







Å, men eg elskar slike flotte gamle tun og hagar! 


Takk for oss!

lørdag 5. mai 2012

Svanesjøen.

Som stolte svane på havets bølge
må hell og lykke din fremtid følge.

Dette er eit av versa me skreiv i minnebøkene til kvarandre då eg var jentunge.
Og stolte er dei, svanene, der dei skinande kvite glir lydlaust gjennom vatnet.


Dette vakre paret gjesta Heimdalsjøen for nokre dagar sidan.


Dei sumde att og fram på "catwalken" og poserte villig for fotografen.





Etter ei lita stund var "showet" over, dei nikka fint takk for seg og sumde vidare på turen sin.



God helg :)

onsdag 2. mai 2012

Kom mai du skjønne...

Her eg bur har me hatt eit herleg ver dei siste dagane, strålande sol frå skyfri himmel.
Eg har nokre feriedagar denne veka og det passa perfekt å ta ei skikkeleg våronn i hagen.
Luking, planting av stauder, gjødsling og plenslått .
 Eg har også planta skaugum-begonia og potta om og sett ut pelargonium. 
Om det det blir meldt frostnetter kan eg ta pottene inn i kjellaren.


Stauder i god vekst.
Rhododendron og lyng ved granrota.
I staudebedet er det narsisser som dominerer i desse dagar.

Dei tidlegaste rhododendronbuskane har sprunge ut og resten står fulle av knoppar.
Eitpar nye småtre til krukkene er kome på plass.
Pelargonium som har stått i kjellarvindauga har kome ut i dagslys
(eg får visst gå ut og berge dei i hus for natta, det er berre fem grader her nå ikveld).
Vårvortemelk Euphorbia polychroma 'Bonfire'
 er ny i staudebedet


Sverdiris og fylt bekkeblom likar seg saman.
Forglemmegeisøster lyser opp i vårhagen.

Håpar på fint ver resten av veka slik at eg kan nyte sola på terassen :)


Ønskjer deg som er innom bloggen min fine maidagar framover :)