fredag 29. juni 2012

Livet rundt granrota akkurat nå.

Eg ønskte meg takløk til fødselsdagen min og det fekk eg, fleire ulike fine variantar.
Eg fylte opp litt ledig plass rundt granrota.
Uheldigvis har ein katt eller ein fugl grove opp og rota til litt mitt i, 
men eg har planta det nedi jorda igjen og håpar at det røter seg på nytt.



Nokre er klare til å springe ut.



Takløkane er planta saman med sedum i same fargeskala,


Eg har både rustikke, romantiske og natur-nære innslag i hagen. Eg likar variasjon frå det eine blikkfanget til det neste. Eg har veldig mange draumar om korleis eg har lyst å utvikle hagen vidare. Så vil det vise seg kor mykje av det eg drøymer om blir til konkrete planar som vidare blir realisert :)
Hagen ligg sol-ope og vind-ope til, det første positivt , det andre negativt. Men som ein vis mann har sagt; vil du ha utsikt må du tåle litt vind. Det gjeld å tilpasse planteval til klima og andre verforhold. Så då må ein kanskje velje kvitrogn der ein kunne tenkt seg viftelønn, men, men...

Det det skortar mest på er tid (og litt meir muskelkraft). Håpar på fine sommardagar når eg får ferie om ei veke slik at eg får tid både til arbeid i hagen og kos på verandaen.

God helg :)

mandag 25. juni 2012

Yndig favoritt.

Stjerneskjerm er ein av dei yndigaste staudane eg veit om.
Er dei ikkje vakre?






Eg har vore ute på ein fotorunde i hagen.
Meir følgjer dei næraste dagane :)

søndag 24. juni 2012

Iris

Moseplassen kom med ei utfordring om å vise iris me har i hagane våre fekk eg også lyst å vere med.
Her er mine bidrag.


Den irisen som viser seg først i hagen min er våriris. 
Dei er små, men vakre og kjærkomne der dei lyser mot vårsola.


Dei fire følgjande bilda er sibiriris.  Dei treng ikkje mykje stell, 
men blømer best om dei blir delte år om anna og det er litt av ein jobb!





Eg har sverdiris med stripete blad ståande i ein pytt. 
Desse er dekorative også utanom bløminga.


Dei er spesielt fine når låg ettermiddagsol lyser gjennom blada.


Sverdirise blømer fine gule blomar i juni.


Eg kan ikkje namnet på alle iris eg har. 
Desse siste her er eg glad for å bli tipsa om namnet på.


Same iris over og under.




Desse to siste er mindre, men lyser vakkert opp sjølv på ein regnversdag.


Klikkar du deg inn HER finn du lenker til veldig mange flotte iris-eksemplar :)  NYT!

søndag 17. juni 2012

Helg

Enkelte dagar gjer det absolutt ingenting at det regnar ute...
Etter ei hektisk veke er det godt å vite at idag er det ingenting eg må.
Deilig å sitte og bla i ei hagebok eller to med ein kopp kaffe på sida.
Eg har masse fine blomar rundt meg, nokre frå eigen hage
og andre som eg fekk frå gjestene som var på fødselesdagsfest hos meg fredag kveld.















Nå kjempar sola for å kome gjennom det tunge skydekke, kanskje det er på tide med ein liten tur ut :)

God søndag!

lørdag 9. juni 2012

Farfar i kjeledress :)

"Ein farfar i kjeldress sku alle ha".
Ask er så heldig at han har akkurat det og i dag har dei to karane jobba ilag :)


Først raka farfar gras medan Ask Leonard og Pusur passa på at traktoren ikkje stakk av.


Det var mykje å rake så Pusur og Ask Leonard tok seg ein liten pust i bakken.


Endeleg var det tid for å køyre bort graset.


"Du må trykka på den knappen der farfar".


"Klar farfar? Då kjøre me."


Så var det tid for ein ny jobb, denne gong med gravemaskin.


"Eg kan med an altså farfar, berre sjå!"



"Kjekkare denne gravemaskinen enn den di har i barnehagen jaffal."


Kry liten arbeidskar!



"Farfar, har du hørrt den om når an..."


"Ha, ha, ha va'kje den god?" 
(Kommentarane til Ask Leonard er farmor sin frie fantasi som de sikkert skjønar)

GOD HELG :)