onsdag 30. september 2009

Underverk og aforismer.

"Ein knopp som brest, er eit underverk som spring ut av gøymestaden sin."
"Nokre strevar etter å finne det skjønne. Andre tar vare på det skjønne i det dei finn." "Det største kunstverket er det som er til før det blir avbilda."

søndag 27. september 2009

Takk til snille, godhjarta damer.

Laila med bloggen Tankespinn og fargeklattar hadde sal på mange fine loppefunn for ei stund sidan fall eg pladask for eit fin sett med fruktfat med asjettar til. Eg tok kontakt, men dei var uheldigvis alt selde. Laila kom til å nemne dette til ei god venninne som sporenstreks fann fram eit vakkert sett frå Figgjo Flint ho hadde og sa at det kunne eg få kjøpe. Med dette innlegget vil eg takke deg du ukjente dame :) Eg har heilt sidan eg var lita jente vore veldig svak for fine fat med fruktmotiv. Det minner meg om juleselskap me var i då eg var lita. Eg skal ta dei fram i jula som kjem samstundes som eg sender Laila og ei ukjent "mor-godhjarta" ein venleg tanke :)
Så til desse tjukke, gode gryteklutane, dei fekk eg av Ruth som har bloggen Solsikken. Ho var innom meg nokre timar på torsdag. Gryteklutane er alt tatt i bruk. Takk for hyggeleg besøk og takk for gåve :) Kjekt å bli nærare kjent med deg :) Det å blogge gjev meg kontakt med nye menneske som eg er glad for å bli kjent med :)
Takk også til alle dykk som flittig kommenterer på innlegga mine :)
Små gåver det også :)

lørdag 26. september 2009

Jonsok? Olsok?

Nei, dette er verken jonsokbål eller olsokbål sjølv om veret er slik me drøymer om at det skal vere på slike "bålkveldar". Dette bildet er tatt den 15. september. Siste sommardagen eller første haustdagen? Det kjem an på veret og ikkje minst auga som ser. Dette året vil eg seie det var den aller siste seinsommardagen her hos oss. På primstaven står det om "krossmesse" som er 14. september; No skulle kornet vere i hus og det var siste bufarsdag frå setrene.
Ikkje har me korn, ikkje har me seter og ikkje er det 14. september, men likevel blir det bufarsdag her hos oss idag. Me har sauer spreidd omkring på fleire små og større beite og idag skal me samle og flytte nokre av dei.
God helg :)

torsdag 24. september 2009

Macrofotografering med nytt stativ.

I dag har eg tatt i bruk nytt stativ til kamera. Eg var ute og testa med macrolinse på kamera. Her er litt av det eg sat igjen med etter å ha sortert ut dei beste. Eg har berre brukt manuell fokusering, resten er autoinnstillingar. Det er måte på kor mykje nytt eg klarer å styre med på eingong, hehe.
Knallkjekt :)))

onsdag 23. september 2009

Fine gåver og gode ord.

Saman med gode samtalar, god mat og fine turar vanka det også gåver frå dei eg var saman med i helga. Og som de ser har begge fått med seg at eg er ei "blå dame".
Då eg skulle legge meg hos Berit første kvelden låg denne vakre boka på puta mi. Inni boka låg kortet på bildet under. Boka og kortet har Berit laga sjølv. Takk for at jeg får være din venn, hadde Berit skrive på kortet. Eg blei både glad og rørt :) Takk i like måte Berit! Gamleheksa hadde også gåver med seg. Ho hadde strikka pulsvarmerar til oss i favorittfargane våre. Dette varma ikkje berre "pulsen", men også hjarte! Tusen takk til deg også :) Ei av damene hadde dessverre ikkje tenkt så langt at ho skulle ha med gåver, og ho sit her :(
Eg lovar å rette på det ved ein seinare anledning :)

mandag 21. september 2009

Minnerik helg.

Bloggtreffet eg har annonsert med store bokstavar i fleire omgangar i det siste enda opp som eit bittelite minitreff. Det var mange som hadde lyst å kome, men andre planar, lange reiser eller sjukdom sette ein stoppar for fleire. Heldigvis dukka det opp ei "gammal heks" frå Toten og redda oss frå å føla oss som Sponheim etter valet. Gammal heks var no strengt tatt å ta for hardt i, ikkje hadde ho sopelime og ikkje var ho gammal. Ho er ei positiv og flott dame som det var lett å få kontakt med. Sidan me alle tre er fotogalne, likar å gå i naturen og er glade i å blogge fann me straks ein god tone.
Mesteparten av helga var me på Berit si koselege hytte. At Berit har ei kunstnaråre i blodet ber hytta og hagen preg av! På soveromma våre låg det små skjønne bøker på putene, eit teikn på omsorg og gjestfridom. God heimebaka gjærbakst og nydeleg hjortesteik-middag fekk me på fredagen. Laurdag tok me turen til Skudeneshavn som er eit eldorado for oss med fotodille og sans for sørlandsidyll. Det var nokre få andre som gjekk rundt med kamera og eitpar grupper som var på byvandring, men ikkje same yrande liv som om sommaren.
Ein svart katt over vegen tyder ikkje alltid ulukke, denne poserte villig vekk og sette tydeleg pris på fotografane. "Damå i parken" og månesteinen i parken må me ha me oss. På tilbakevegen var me nede ved sjøen på Ferkingstad. Her er det sett opp eit minnesmerke over fiskerar som har omkome på havet. Vinden ruska i hår og klede, men sidan det var frålandsvind var havet ganske roleg. På vestsida av Karmøy er det fine sandstrender i vikene mellom stein og svaberg. Laurdag ettermiddag og kveld var me hos meg. Hagen er litt stusseleg og prega av at hausten er her, men litt blømde ennå. Søndag var det ut på tur med kamera igjen. Då med motiv frå sjøen i Hervik og frå nokre stopp langs vegen mot Svinali. På veg heim søndagkveld måtte eg stoppe på Ognøy og knipse himmel og hav idet sola braut gjennom skydekke. Sjølv om det ikkje blei så folksomt på bloggtreffet som me hadde håpa, hadde iallefall eg ei fantastisk helg! Tusen takk til Gamleheksa som kom. Etter denne helga har eg fått ei ny venninne :) Håpar at det ikkje blir forlenge til me møtest igjen. Takk til mi gode venninne Berit også, du er den perfekte vertinne og det er alltid ei stor glede å kome til deg :)

torsdag 17. september 2009

Heimtur i strålande ver!

Eg skulle vel kanskje valt berre dei beste bilda til dette innlegget, men eg likar sjølv å "vere med på reisa" når eg ser bilde hos andre derfor så mange bilde. Fotografen som underviste på kurset eg nettopp var på sa at han tok ikkje eit og eit bilde, han laga fotostorys. Dette var kjekt å høyre for meg som likar å vise bilde på denne måten, sjølv om eg trudde at ein "ekte" fotograf berre viste dei aller beste blinkskota. Så er eg berre ein amatør som elskar å fotografere så då gjer eg akkurat som eg vil :)
Første bilde er av Vinje kyrkje. Vidare hadde me små stopp langs vegen utan at eg kan stadfesta alle eksakt. Dei er i kronologisk rekkefølge frå Vinje, over Haukelifjell, over Røldalsfjellet og vidare heimover. Klikk på bilda og bli med på turen :) Ein liten kaffipause på rasteplassen på Haukelifjell. Me tok gamlevegen over Røldalsfjellet (dei ni neste bilda). Deler av vegen går gjennom vill og mektig natur. Etter turen over Røldalsfjellet var det godt å komme ned i lågare lende igjen. Sola seig under horisonten før me var heilt heime. Desse siste bilda er tatt på Ognøy. Bokn i sikte! Snipp snapp snute så var turen ute!