tirsdag 21. juli 2015

Julidag.

Dagen vaknar. 


Sola er ennå gøymd bak åskammen, 
men ho er ikkje lenger unna enn at dei første strålene speglar seg i sundet
og skapar det om til eit fat av gull.


Dagslyset siv inn gjennom florlette gardiner og fyller etterkvart stova. 
Det er ferietid så eg treng ikkje haste avgarde.




Ruslar ut og tar ei økt i hagen.
Får opp pulsen, men har likevel kvilepuls.
Er i "flyt", timane går utan at eg ensar det.
Vere her og nå.
Mindfulness.



På ettermiddagen skin sola gjennom lauvtunge greiner
og gjev varme til blomane ved husveggen.


Skaugumbegonia langs verandarekkverket.
Knollane har vore sett i jorda kvar forsommar i årevis.
Tidlegare var det mor som sette og tok dei opp, det er lenge sidan nå...


Sjølv om sommaren har vore kjølig er det frodig i krukker og kar.




Ein liten pause på verandaen kanskje.




Her kan eg nyte utsikten.


Rosene er fulle av knoppar og nokre av dei har opna seg.


Kjellardøra.


På skuggesida veks femtunge, begonia og lobelia.


Prestegårdsrose høyrer til på eit gammalt tun.


"Bestemorstauder" ved farfar og far sin slipestein.


Granstubben, minnesmerke.
Grana kom hit som juletre då far var liten. 
Ho stod i "bestestova" med levande lys, 
spegla seg i forventningsfulle barneauge
då familien gjekk rundt henne og song:
"Tider skal komme, tider skal henrulle.
Slekt skal følge slekters gang."


Kyrne lever "det gode liv på landet".


Huset på Heimdal.


Det avdagast, det er tid for å tenne lampen.


Duken på bordet er kopiert frå ein duk mormor til mannen min hadde på bordet sitt.
Det er brodert tekst rundt:
"Kjerlighed er hjemmets lykke.
Gjestfrihed er husets smykke.
Nøisomhed er livets dyd.
Snehvid dug er bordets pryd."


Då far tende lampen julekvelden og parafinslukta reiv litt i nasen 
kom julestemningen sigande inn i eit barnesinn.
Nå er lampen pussa opp og har fått elektrisk lys.
Den er hengt opp på same stad som den hang dengong.
Nå lyser den kvar kveld, ikkje berre på høgtidsdagar.


Lampen er ein av vakraste skattane eg eig.


Då eg var på ferie i Bergen kom eg over nokre nydeleg blomsterpotter på ein antikvitetsbutikk.
Dei passar perfekt inn i glaskarmane hos meg.




Fatet, som er i same stil, fann eg på ein gjenbruksbutikk i Haugesund.




Mest gammalt, litt nytt.




Rosettane i taket er prikken over i-en. Lampen er streken og rosetten er prikken ;)


Peoner frå hagen i gammalt servise.


Duken har mor brodert då ho var ung, kaffekanna er arv frå mor si slekt.
Lysestakane er bruktfunn. Dei er heilt like mor sine som søster mi arva.



ja eg er klarsynt
eg ser kor dyrebar
kvar dag er
korleis dei små øyeblikka
kjem og kan takast imot
at kvart val vi gjer
fører oss til ny lærdom
det er vel klarsyn
at eg ser kor rik eg er
eg som er blitt rørt ved
av livet
og har fått smaka
både godt og vondt
og enno er det dagar og val
treng eg sjå meir

Bente Bratlund