tirsdag 5. januar 2016

Halvårskavalkade.

 Det er lenge sidan sist oppdatering på bloggen min nå. 
På grunn av andre prioriteringar har bloggen blitt liggande på is lenge, 
men nå kjem det ein liten halvårskavalkade for den som eventuelt har glede av det.


Vêrmessig var ikkje sommaren den beste, men rosebløming blei det.
Seint, men godt.





Skaugumbegonia trivst godt sjølv om det er både vått og kjølig.





Så kom hausten og det var tid for å ta opp knollar, 
og rydde både dei og krukker inn i kjellaren.




Dagane blei sakte, men sikkert kortare. 
Det var tid for å tenne lys og kose seg inne.


Kjekt å lage det koseleg på kjøkkenet,
kanskje lage ein god salat, 
bake ein god pai med norske eple,
og be gode venner til eit måltid.






Eg elskar å sjå solskinet fløyme inn gjennom blondegardinene,
 dei timane og dagane sola viser seg.





Då eg var på ferie i sommar var eg innom nokre brukt- og antikvitetsbutikkar
og fann meg nokre, i mine auge, vakre skattar.




Så kom advent med lys i mørketid.











Julebakst.











Ein kikk inn i juleheimen. 
Sille og roleg feiring.



























Ettertanke og vemod høyrer også med i desse tider.
Livet kan by på utfordringar som ein ikkje kan forutsjå, 
og som ein må takle og gjere det beste ut av.
Bloggen har vore, og vil vere, i den grad eg tar meg tid til å oppdatere, 
ein kanal til å fokusere på det som gir kvardagsglede.

Ser inn i nye ubrukte dagar
Måtte det vedunderlege skje
At vi fekk gi av vårt beste til kvarandre
At det gode sigra over hat vondskap frykt
Måtte hjarto brenna for å ta vare på
det som er gitt oss å verna om
Alle desse dagane som er våre å fylla
Måtte vi vera svar på draumar for nokon
Måtte vi løfta eigne draumar og gå for dei
Valet er vårt, på nytt og på nytt og på nytt

Bente Bratlund


GODT NYTT ÅR!