søndag 28. juli 2013

Rosetid

Den siste veka har me endeleg fått skikkeleg sommarvarme her hos oss også.
Roser elskar sol og varme så det passa perfekt med godver nå :)


'Shocking blue'. Blå er vel å overdrive, startar som lilla og blir etterkvart mørk rosa.
(over og under)



Klaserose 'Home & Garden'. 


Klaserose' Home & Garden'. 


Klaserose 'Home & Garden'. 


Klaserose 'Leonardo Da Vinci'.


'The fairy'.


Klaserose 'Aspirin'


Klaserose 'Aspirin'


Klaserose 'Aspirin'


Klaserose 'Schneewittchen'


'Slotsrose'


Potterose eg fekk i gåve, denne har eg ikkje namn på.


Austinrose 'Mary Magdalene' 
(over og under)




 Bildet over og dei fire neste er av 'Nostalgi'.






'Sekel' i knopp over og i ulike stadie på dei neste tre bilda.





Saman med 'Sekel' står også 'Westerland' som dessverre ikkje trivst der ho står.
Ei einaste rose til nå.










Så håpar eg at kraftige regnbyger og kuling i ettermiddag og kveld ikkje har øydelagt for mykje.
Roser krev godt stell, men ein får mykje vakkert igjen for arbeidet :)

fredag 26. juli 2013

Ein liten rundtur i hagen.

Endeleg kom sommaren med sol og varme til oss også :)
Noko roser og pelargonia set spesielt stor pris på.
Har du lyst å rusle rundt litt med meg?
Rosene har me tilgode til ein annan dag ;)




















NYT dagane :)

onsdag 17. juli 2013

Feriegjest :)

Farmor og farfar har vore så heldige at dei har fått hatt
 ein liten feriegjest på besøk ei stund.
For han gjer det ingen ting om det er litt surt og kaldt,
det er jo berre å kle litt ekstra på seg :)


 Det er travelt å feriere på garden hos farfar,
masse arbeid som skal gjerast :)




Ein liten jobbegutt må ha skikkeleg mat, og grovbrød med brunost
 smakar godt etter ei travel arbeidsøkt :)


Farmor si terrassetrapp passar perfekt som bord og sittebenk :)



Idag kom endeleg sommaren!
Dress og støvlar er lagt bort og t-skjorte og shorts er funne fram frå kofferten :)