søndag 30. mars 2008

Dryssa stjerner. /Flowers and a poem.

Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.
Når ein heilt vanleg gråversdag har stjerner over seg.
Når nokon har sett at vi er til.
Kanskje var det berre i forbifarten. I travelheten.
Ein uventa smil, ein open varme.
Kanskje var det ein omfamnelse,
kanskje var det eit sekunds stogg.
Nokon som hugsa noko godt, og takka.
Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst.
Vi kjende oss famna inn, kjende oss overdryssa av varme.
Våga sleppa gleda eit ørlite steg lenger fram.
Våga sjølv dryssa stjerner, dela ut varme, gje smil, røra ved...
Måtte vi nøra elden i kvarandre!
Bente Bratlund

torsdag 27. mars 2008

Sky Watch Friday

Easter photos from my domicile. The weather has changed almost every day.
Bokn mountain. The five next photos; the view towards Boknasund bridge.
The three next photos; my home. The four next photos; Boknasound.
The next three photos are from my neighbourhood. Take a look at my previous posts, there are some sky watch photos there too. Go to Tom for the sky watch blog-roll.
Happy sky watch :)

tirsdag 25. mars 2008

Winter wonderland.

Nokre bilete frå turen andre påskedag. Kva skal ein i fjellet, når veret er som dette ved sjøen? / Some photos from our walk on Easter Monday.
Ønskjer alle ein fin tysdag!
I wish you all a nice Tuesday!

mandag 24. mars 2008

From spring to winter. Frå vår til vinter.

Første påskedag kom snøen her i låglandet også! Påskeliljene strevar med å halde "hovudet over vatnet". Dei tåler tross alt nokre frostnetter. Det er verre med alpeklematisen som stod med bresteferdige knoppar, der er blada begynt å visne.
Tulipanane har fått snøteppe på. Vivendelen samlar snø med nyutsprungne blad. Denne vesle edderkoppen har nok blitt overrumpla av kulden. Her heng livet bokstaveleg tala i ein tynn tråd. Snøen har lava ned heile dagen så snødjupna har nok dobla seg etter at eg var ute med kamera.
Yesterday we had spring where I live, today it's winter! I hope the spring will be back real soon.

søndag 23. mars 2008

Walk in the sunshine. / Tur i solskinet.

Påskafta hadde me strålande sol og blikkstille ver. Eg og "midtimellom" hadde ein fin tur i skog og langs vatn. Her ligg det eit tynt snølag på breidda til ein sildrande, klukkande bekk. Solskinet fløymer over landskapet.
Stien slynger seg gjennom skog og i meir ope landskap. Me kom inn på ein traktorveg som me følgde eit lite stykke. Stille vatn speglar himmelen.
Ei lita steinbru over ein liten bekk mellom to vatn. Det låg ein tynn is-snerk på deler av vatna.
Raudlette jenter med solskin i håret. På veg heim passerte med ein hage med denne flotte blodripsen. Framleis god påske!
Happy Easter holidays!