lørdag 26. februar 2011

Altfor, altfor tidleg...

I dag dukka denne vesle krabaten opp i kjellaren hos oss. Eg såg først berre dei brunspraglete undersidene på vengene, men på grunn av størrelsen rekna eg med at det måtte vere ein påfugløye-sommarfugl. Nokre av desse sommarfuglane overvintrar som vaksne individ i vedstablar og uthus. Kanskje har denne følgd med ein vedsekk frå løa eller så har han vore her heile vinteren. Dei siste dagane har gradestokken krøpe eitpar grader opp på plussida så kanskje det er det som har vekte han opp or vintersøvnen.
Eg pirka såvidt det var borti han og då openberra desse praktfulle vengene seg.
Han opna og lukka vengene nokre gonger før han igjen sat urørleg. Eg lot han krype opp på fingeren min og plasserte han oppå ei list sånn at me ikkje trør på han. Så håpar eg at han lukkar augo ei stund til for ute er det regn og surt og ennå er det lenge før blomane freistar med nektar.

onsdag 23. februar 2011

Tulipaner.

Her kjem nokre fleire tulipanbilde :)





Eg elskar "knaselyden" av tulipaner når dei skal i vasen :) Og så er dei så fine og fargerike :)

lørdag 19. februar 2011

Eit lite pust av vår :)

Eg vil ønskje alle som er innom hos meg ei god helg med eit lite pust av vår  :)





søndag 13. februar 2011

Frå hjarte til hjarte :)

Eit lite apropos i desse sms og chatte-tider :)
Språk er nøkkelen til all kommunikasjon.
 Men språk er så mykje meir enn ord, 
mimikk, kroppsspråk og stemmeleie kan formidle vel så mykje :) 








GOD SØNDAG :)

onsdag 9. februar 2011

Frøken Solslikk.

Moseplassen er ute med ny konkurranse og eg har sjølvsagt lyst å vere med. Denne gongen er det "frøken solslikk" som skal kårast :)
La meg presentere "frøken Solstråle"  av Heimdal :)
Har du lyst å vere med på konkurransen? Eller kanskje du vil vere med å stemme?
Klikk deg inn på Moseplassen og få meir informasjonen :)

fredag 4. februar 2011

"Forglem meg ei".

I natt hadde me ein skikkeleg vinterstorm. Snøen er borte, nå er det plussgrader og regn. Veret har betra seg utover dagen i dag heldigvis. Det er lite å fotografere om dagen, eller kanskje det er eg som manglar inspirasjon... Dagane er korte og dagslyset svinn fort etter at eg kjem frå jobb. Eg ser fram mot vår og lengre dagar. Har likevel lyst å ønskje god helg med eit lite blogginnlegg, derfor har eg henta fram eit par bilde frå arkivet. Bilde frå sommaren som var og som ber bod om det som skal komme...om ei stund.....




GOD HELG :)