mandag 31. desember 2012

Romjulsaktivitet.

Her hos oss har det regna, regna og regna dei siste dagane.
I sjølve julehelga hadde me eit melisdryss med snø og den låg til tredjedag.
Då nytta ein liten og ein stor mann høve til å leike litt ute.
Pusur var også med.

Farmor og farfar sin litle blåmann :)

Ask Leonard og Pusur er bestevenner :)





"Ska me gå og hente posten?"

"Nå ska me him igjen."

"Faffa, venta!"



"OISANN"

"Faffa jeppa."


"Tein faffa, fine!"

Familien på Heimdal ønskjer alle
eit GODT NYTT ÅR!

søndag 30. desember 2012

Gullklompen :)

"Farmor sin....gutt."




:)

fredag 28. desember 2012

Ein liten gjest i farmor sitt julehus :)

Ask Leonard studerer juletret til farmor og farfar.
 "Ball"

"Fine"

"Låna?"

(Berre sjå på, seier farmor)

"Sjå, sjå, farmor, fine."

onsdag 26. desember 2012

Juleglede og julevemod.

Juleglede og julevemod har eg sett som tittel på dette innlegget.
For meg er også vemodet ein del av gleda, men i vemodet ligg også saknet. 
Det er så mange minne frå så mange juler som har fylt sinn og tanke denne høgtida.
For første gong har eg og mannen min vore toeine på julekvelden.
God tid for tanke og refleksjon med andre ord.

På sjenken står sølvlysestakane og vasen eg har etter mor og far. 
Duken med sølvmønster høyrer til her synest eg.

I haust fann eg eit par sølvstakar på marknad 
som var akkurat like eit par frå barndomsheimen min.
Dei måtte eg berre ha! 
Julekrubba i papp som kan trekkast ut til 3D er noko av den kjæraste barndoms-julepynten eg har.

Julekrubba eg kjøpte då barna var små høyrer også med.

Fine kjolar og pariserfletter, ein dresskledd liten mann, juleselskap hos besteforeldre og tante,.
Juletrefest med Frelsesarmeen; "svinger oss i kretsen" "SNU"!
Travle dagar, sliten mamma, mange "burde og skulle" som ikkje blei gjennomført...
Nå er dei flytta ut alle, kjekt kvar gong nokon av dei er heime. 
Idag får me besøk frå litt av familien, inkludert Ask Leonard :)

Trehuset eg fekk til jul eit år då eg var lita jente er blitt julepynt.

Snøen me hadde tidlegare i desember var borte til jul, 
men julaftemorgon kom julesnøen.



Sola har "snudd", men ennå er dagane korte.

Utpå dagen "Tenner moder alle lys så ingen krok er mørk".

Blåtime.

Hos oss har me hatt som tradisjon å gå rundt juletreet og synge julesonagr på julekvelden.
Alle dei kjente songane og alle versa. 
Under treet låg pakkane og det hasta ikkje å pakke opp.
 Kribling og forventning i kroppen.
Det er som eg høyrer stemma til far idet han stemmer i med "Nå vandrer fra verdens krok" 
sjølv om det er over tjue år sidan han gjekk bort.
"Jeg er så glad hver julekveld", var og er min favoritt.
Etter at mor blei gammal og dårleg til beins har juletreet fått stå fint i ei kro,
men julesongane høyrer likevel til hos oss.
Nå er også mor borte og saknet er spesielt sterkt i desse dagar.
Eg ser henne for meg; då ho pussa sølv og messing, kjenner lukta av småkaker, 
julepålegg og møbelpolisj. Ho nynna alltid, sjølv om ho var aldri så oppkava og stressa.

I år har juletonane kome frå radio og cd her i huset og bordet har vore dekka til to.

I julegåvene var det mellom anna musikk, bøker, og pynt.

"Da tenner moder alle lys så ingen krok er mørk".

Til sist eit lite dikt frå ei av bøkene eg fekk til jul:

Livsveven
Eg viklar meg inn i livet
blant trådar i knutar og vev
Eg ser ikkje lett eit mønster
når dagar blir kav og strev
Men trådar i regnbuefargar
legg også Meisteren inn
Ein skapar som ser meg
i mørke og lys
tar hand om livsveven min.
Reidar Munkejord.

mandag 17. desember 2012

Førjulsvinter og adventstid.


Seinhaust og korte dagar, snøen lar vente på seg 
som så ofte før her vest ved havet.

Av og til kikkar jamvel sola inn gjennom blondegardinene.

Men alt klokka tre om ettermiddagen er ho på veg ned
berre gjenskinet i skyene i sør heng igjen ei lita stund.

Så idet me gjekk inn i adventstida kom snøen 
og la sitt kvite teppe over mark og eng.


Sjølv om dagane nå er på det kortaste 
hjelper det godt på at snøen reflekterer det vesle dagslyset som er.



Ei bittelita strime av sollys kom inn gjennom ruta idet sola glei ned over åskammen.

Det er kjekt å tenne lys i mørke førjulskveldar.






Lunt og godt inne når gradestokken kryp godt under null ute.

"Så tenner vi tre lys i kveld..." (eller i gårkveld :)

Så er det tid for meg å slukke lampar og lys for ikveld og ønskje god natt :)

Det høyrer med til historia
 at nå er det 5 grader pluss ute
og snøen er smelta vekk.
Slik er det å bu heilt ute ved havet...