søndag 30. mai 2010

Humlesurr :)

I dag har eg latt humla suse på eiga hand i hagen medan eg har vore ute på vift heile dagen :)
Nå melder vermelderane fint ver og sommarlege temperaturar her i distriktet!
Å som eg gler meg :)

lørdag 29. mai 2010

Alpeklematis.

Sykkelen ser ut til å vera eit meir populært klatrestativ enn nettet eg har kledd berget med. I korgene på sykkelen har eg planta campanula, men dei er ikkje kome i bløming ennå.

fredag 28. mai 2010

Litt meir rhododendron.

Denne første har eg ikkje namnet på. Dette er ein låg, tett og svært riktblømande busk. Lauvet er grågrønt og litt matt i fagen.
Bløminga i år er såvidt starta, men eg tar med eit bilde frå ifjor som viser kor overstrødd med blomar denne busken blir. 'Furnivall's Daughter' (under) viste eg knoppar av sist eg hadde bilde av rhododendron. Nå er knoppane i ferd med å springe ut. Denne siste som er vinraud har eg heller ikkje namnet på. Denne burde nok vore flytta fordi det er for dårleg jordsmonn der han står, noko han ber preg av. Ønskjer deg som kikkar inn på bloggen min ein fin fredagskveld :)

torsdag 27. mai 2010

"Fields of gold".

Noko meir voksevillig enn løvetann skal du leite lenge etter! Desse siste dagane i mai månad er dei vakraste i året synest eg. Det er kjøleg, javel, men det er så utruleg grønt og frodig overalt. Fuglane syng tidleg og seint. Og det beste av alt, -ennå blir dagane lengre ein månad til!
Bilda er frå ein liten rusletur i nærmiljøet her eg bur.
Det stod en liten løvetann så freidig og tilfreds
på landeveiens grøftekant med sølevann til knes.
Et bustehue lyste gult: Å nei, hvor jeg er fin!
Den hadde nettopp speilet seg i sølepytten sin.

mandag 24. mai 2010

Rhododendron

Eg har fleire rhododendron i hagen. Denne første heiter 'Furnivall's Daughter' og står med bresteferdige knoppar i desse dagar. Denne veks litt "grese" har store blad og store fantastisk vakre blomar (dei kjem nok på bloggen etterkvart). Denne blir to meter fullt utvokst.
Ein som derimot står i full flor i desse dagar er 'Cunnigham's White'. Knoppane er sart rosa, men blir kvite når dei er fullt utsprungne. Nokre har rosa mønster inni medan andre er lys brune. Busken som kan bli to meter har god tilvekst og er tett og fin og rund i forma. 'Scarlet Wonder' blir berre ca ein halvmeter og legg seg utover. Desse blømer tidleg og er på retur hos meg nå. Eg har fleire sorter som eg skal fotografere og vise etterkvart som dei blømer.

Vinnarloddet er trekt!

Nå har eg hatt høgtidleg trekking av hage-bildeboka mi. Eg samla alle namna på lappar i ei skål, rørte godt rundt og lot mannen min trekke ein lapp.
TATATA, og vinnaren er eigaren av bloggen Vform! GRATULERER!
Vform bur i Finnland og malar dei vakraste bilde. Kikk innom den vakre bloggen hennar her.
Håpar at ho blir nøgd når du får boko heim :)

søndag 23. mai 2010

lørdag 22. mai 2010

Gult er kult :)

Både vårkål og løvetann kjem vel for dei fleste av oss under katogorien ugras, men det hindrar dei ikkje i å lysa omkapp med sola i det dagane går over frå vår til forsommar. Og vakre det er dei begge.
Begge desse kjem inn under "naturen inn i hagen" teorien min :)
"If you can't beat them, join them", hehe. Når markene ligg som grønne teppe med gule "polkadott" prikkar er det verkeleg vår!

torsdag 20. mai 2010

Fargerikt felleskap.

Det fyllest i krukker, kassar og amplar med sommarblomar og i tillegg blømer dei første staudene, så nå er det fargerikt i hagen. Eg har hatt ein runde med kamera og her kjem ein presentasjon av eit fargerikt fellesskap.
Minner om bildeboka mi som eg loddar ut på mandag. Eg trekker ut ein vinnar mellom dei som har kommentert på innlegget du finn her. Klikk deg inn og sjå om det er noko du har lyst på :)
Ja, om du ikkje har kommentert der alt da :)