søndag 26. februar 2012

Solblank dag i februar.

I dag har veret vore så fint som ein dag i februar kan bli. Med berre nokre få skydottar på himmelen, vindstille og gradestokken fem-seks grader på plussida er det berre å kome seg ut og nyte.


Når ein bur på ei øy i ope landskap ute i havgapet er ikkja alle dagar som denne, 
derfor har leplanting vore ein fin måte å finne livd for vinden på.


Sjøliv og fiske har vore ein viktig del av livberginga på kysten. 
Alle gardane hadde sjørett med stø der dei kunne dra opp ein båt og også ofte sjøhus.
Framleis er båtliv viktig for mange, men nå mest "blott til lyst" for dei fleste.



Inne på  moloen i Alvestadkroken ligg båtane tett i tett, i tillegg ligg mange på land i vinteropplag.
Her er masse nytt og flott, men det er dei gamle trebåtane som fasinerer meg.







~ Men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken den vilde han sjå. ~


Mellom nye, store og flotte hus ligg idylliske små velstelte tun. 
Litt kaldt å sitte i solveggen her ennå kanskje, men snart er våren her :)




På veg heim går eg eit stykke langs "kvednabekkjen". Her låg "kvednhus" på rekke og rad i gamle dagar.
 Nå er alle dei gamle husa borte, men det er sett opp eitt i gammal stil slik at 
nålevande og komande slekter kan få med seg korleis det eingong var.




Heimover. Tunet til høgre på bildet er Heimdal.


Nabogarden vår har eit veldig koseleg tun synest eg.


Så er eg heime :) 
Her nå absolutt beste plassen på Bokn da, sånn objektivt sett ;)

tirsdag 21. februar 2012

Heldige meg :)

Då eg henta Ask Leonard på laurdag for å låne han i helga 
låg det ein forsinka morsdagspresang og venta på meg. 
Monica, Øystein sin sambuar, hadde verkeleg gjort seg flid med presangen. 
Ei pappeske var pynta og omgjort til eit vakkert lite skrin.


Lokket var dekorert med "glassdråpar", blonder og skjønne små blå roser. 
På sida  hang ein dekorativ nøkkel.




Oppi skrinet låg ei heil bunke med bilde av Ask Leonard. 
Rundt bilda hadde Monica knytt eit nydeleg blondeband som var festa med ei fin nål.


Her er det bilde frå Ask Leonard var bitteliten og fram til i dag. 
Skjønne gutten :)


Skrinet skal stå framme til pynt, dei fleste bilda blir liggande der som eit "skrytealbum",
 medan nokre få skal få komme i glas og ramme. 
Eg set verkeleg stor pris både på skrinet, skatten som låg inni  og omtanken bak  presangen.
  Tusen takk Monica :)

onsdag 15. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven blomsterfavoritt.

Nå er me komne til siste runde i x-faktor-konkurransen som Moseplassen arrangerer. 
Denne gongen kan me velje svarte, grønne eller fleirfarga blomar. 
Ein av mine absolutte favorittar er vivendel!
Nokre meter frå inngangsdøra på huset vårt går hagen over i eit brattlendt område med 
bergknausar og "villhage" med tre og det som elles vil vekse der heilt utan hjelp frå meg.
 Her breier vivendelen seg villig over store område. 
Vivendel har ein av dei herligaste angar ein kan finne i blomeverda synest eg. 
Lukta er sterkast om kvelden, natta og i tidlege morgontimar 
før sola eller eit vindpust tørkar doggen bort. 
Lukta av vivendel har følgd meg gjennom alle somrane mine 
og ber med seg minne frå barndom, ungdom og vaksenliv.
Eg har lyst å dele nokre av desse minna.

Det første er frå sommaren eg fylte sju år. Den sommaren blei det bygd ny silo på Heimdal. 
Frå å tørke alt graset som høy som me alltid hadde gjort blei nå mesteparten lagt i silo.
Nå kunne mor og far også jobbe med grashausting om kveldane. 
Me småjentene sat då på "fjosskotsjen" og åt kveldsmaten vår frå matboks, 
ofte med kakao til, medan mor og far la i siloen.
Når me kom inn på tunet og skulle inn for kvelden slo godlukta frå vivendelen imot oss. 
Dette barndomsminnet dukkar opp hos meg kvar sommar.

Seinare då eg kom i ungdomsåra kom eg ofte heim i seine nattetimar
 og blei møtt av den same herlege lukta. Eg har både gode og såre minne frå den tida.
Her seier vel diktet av Kolbein Falkeis som eg har sitert under 
noko om det å vere ung som mange av oss kjenner oss igjen i.

For eitpar år sidan kom eg ruslande ned vegen vår langt på natt 
etter ein flott kveld saman med gode venner. Det var ei blikkstille, 
varm natt og dei første fuglane var begynt å helse eit nytt morgongry velkome.
Då "møtte" vivendelen meg med så mange minne; 
gode, varme, triste, vonde, såre, lukkelege, 
alle fasettane livet er samansett av 
og som gjer det til den flotte mosaikken det er
 med mørke, lyse og fargerike bitar. 
Eg blei fylt ein stor takk over livet.


Vårnatt
Nå bygge nåttå stille
si tynne stjernebro,
og øve den går eng og skog
og maidagen til ro.

Den fysste sommarfuglen
har lukt sitt vingepar,
og som ein song av fred og jord
går søvn fra gard til gard.

Men ennå våke drømmer 
bak vegg og stengte grind.
I unge hjerter suse det
ei lengting sår og linn.

Og febervarmt aleina
når alt har funne havn
lukke heite lepper seg
forelska rundt et navn.

Ei vårnatt bygge stille
si stjernebro så tung
å herregud, så godt det va
og vondt å væra ung.
Kolbein Falkeid
(Diktet er i Vamp sin versjon)


Kikk innom her og sjå alle dei flotte deltakerane som er med i denne siste runden :)

mandag 13. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, orange.

Konkurransen på Moseplassen held fram, i dag med oransje.

Dei første vårteikna i heimdalhagen er løkblomar og ein av dei aller første er krokusen. 
I midten av mars lyser han omkapp med vårsola og hjelper meg til å tru på våren ennå ein gong :)
Då kjenner eg at eg gledar meg til ny hagesesong :)


Det glitrer av sol i den bratte grend,
det dufter av mark og enge.
Hvor skulle vel våren ellers hen?
Vi venter jo på den så lenge.
Jeg elsker den vår som du knapt kan se,
en blomst som sprang ut i den kolde sne!
Arnulf Øverland


Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord
og atter som eit under nytt liv av daude gror.
Elias Blix


Har du lust å delta i konkurransen eller sjå mange flotte kandidatar så klikk deg inn her :)

lørdag 11. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, lilla.

Så er det lillafargen sin tur i konkurransen hos Moseplassen.

Den vakraste tida på året er forsommaren synest eg. 
Ein mild blikkstille ettermiddag først i juni når humla surrar og angen av syrin 
breier seg i hagen er det godt å ta ein liten pause i hagearbeidet og berre nyte!





Mange flotte lilla bidrag finn du her.


torsdag 9. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven; rød.

I dag er det raudfarge som er tema i konkurransen hos Moseplassen.

Eg har sett på alle dei flotte raude eksemplara som alt er presenterte i konkurransen. Masse fint!
I eit forsøk på å vere litt orginal og skilje meg litt ut frå mengda vel eg å vise raude torner i staden for roser.
Sjølv om torner i utgangspunktet er noko me hageelskerar kunne klart oss godt utan er det flott å sjå at dei kan ha prydverdi i seg sjølv. Må berre kome tett nok på. 
Til og med det som oppfattast som stygt kan ha noko vakkert ved seg.


Du finn masse flotte raude konkurrentar her.

tirsdag 7. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, kvit.

I dag er det kvit som gjeld i x-faktor-konkurransen hos Moseplassen.

Eg vel å presentere "prestegardsrosa som går i arv". 
Eg har ikkje namnet på henne, men ho er like kjærkomen og vakker fordi om ho er mamnlaus. 
Denne rosa stod i hagen her då mor kom til gards i 1954 og har sansynligvis vore her i nitti år eller meir. 
Far kunne ikkje hugse at ho ikkje har vore i hagen her. 
Då eg for nokre år sidan var "på jakt etter røter" der farmor mi kom ifrå
 fann eg same sort rose i hagen der. 
Så eg kan tenke meg at farmor har fått ei rot med seg heimefrå 
og at rosa følgde henne gjennom livet. 
Det kan også vere at rosa alt var i hagen her då ho kom hit og at ho tok avleggar med seg heim til sine.

Rosa blømer i slutten av juni og treng godver og solskin for å bli skikkeleg frodig og fin. 
Er det mykje regn blir blomane brune og rotnar.
Rosa har ei fantastisk aromatisk og feminin lukt, mmm.


Ikkje heilt snøkvit, meir kremfarga.


Slekt skal følge slekters gang.


Du finn konkurransen her.

søndag 5. februar 2012

Vinterlys.

Når det blæs kuling og snøen kjem vassrett for å legge seg i store skavlar er det lite utlokkande.
I dag har eg slappa skikkeleg av og kosa meg inne. Har mellom anna leika meg litt med foto og redigering.
Og når eg ikkje kan gå på fototur ute lagar eg stemning inne med lyset som kjem gjennom vindauge og inn.




Snøen la seg etterkvart på kjøkkenrutene slik at det var umogleg å sjå ut.



Blåtime





Eg har hatt det varmt og godt inne medan mannen har brukt store deler av dagen på traktoren for å brøyte gardsvegen vår. Ennå blæs det skikkeleg her så det er vel nesten forgjeves arbeid. Godt eg har gangavstand til jobb kjenner eg på...