fredag 6. mai 2016

Utanfor allfarveg.


Vandring med kvilepuls 
i kulturlandskapet.


Solstreif over mosegrodde trappetrinn.
Det ligg eit vemod over gjengrodde stiar.


Mellom bakkar og berg utme havet
heve nordmannen fenge sin heim, skreiv Ivar Aasen.


Solstråler smyg seg mellom greinene på gamle tre,
litt sol, litt skugge over ein gammal jordkjellar.
Den står her som eit minnesmerke over dei 
som eingong levde her og strevde her,
i ei ikkje altfor fjern fortid.
Fiskarbonden og familien hans.


torsdag 5. mai 2016

Då er endeleg våren komen :)

 Mai, den beste månaden i året for meg.
Fargane er tilbake i naturen, det blir mildare i lufta.
 Og lyset, 
eg elskar at det er lyst frå tidleg morgon til langt på kveld!


Hagen livnar også til. 
Akkurat nå er det gule påskeliljer og grønt gras 
som dominerer fargepaletten.


Lyngen har blømd lenge, 
og nå opnar også dei tidlegaste rhododendronane knoppane sine.


På ein gammal gard som vår er det kjekt å ta vare på noko av det gamle.
Granstubben som smuldrar litt bort for kvart år, 
var ein gong juletre (på rot) i farmor og farfar si stove.
Rart å tenke på at far og søskena hans gjekk rundt
dette treet og song julesangar for hundre år sidan.

Kvernsteinen er eit minnesmerke over travle kvardagar
for generasjonane som budde her før meg. 








På tide å slå plenen kanskje?
Akkurat denne flekken med så mykje vakker og lysande gul vårkål 
skal få stå litt til for her er det masse nektar å finne for humle og bier.


Peon.
Det ligg mykje livskraft i vårens spirer.


Bregneskota er så vakre.


Enkarse med to cm stilk, 
plukka av små barnehender, 
står i eit eggeglas på kjøkkenbordet. 
Plukka til farmor i glede,
gitt med ein varm klem, 
og orda;
-eg er så glad i deg farmor.

Vakrare blir det ikkje.