Det har vore mykje regn og rusk dei siste dagane og nokre finn det tryggast å smette under døra og krype i hus.
Horn er fast tradisjon.
Litt grovt smakar godt. Eg har laga havrerundstykke og solsikkerundstykke.
Eg trur ikkje ei einaste av nordlandskakene blei rund, men det gjer ingenting. Eg vil ha dei mjuke og lause og då må eg klappe dei ut på takka. Sidan eg stort sett berre lagar desse til jul blir det så som så med handlaget.
Seint på kvelden laga eg Kvæfjordkake eller "verdens beste" som me seier her. Denne hadde eg med meg på julemesse idag.
Det var litt av kvart på messa. Eg kjøpte dørkrans,
tova ull-sitteunderlag,
og tova ulltøfler. Tøflene er alt tatt i bruk, dei er gode og varme!
God helg :)
Alle blomane snur seg mot sør for å suge til seg det vesle dagslyset me har no midt i november.
Fekk lyst å ta med desse klyppa av teikneserien Hårek. Eg kjenner meg litt igjen i begge desse stripene, hehe. Eg var på "homeparty" der det blei demonstrert hudpleie for nokre dagar sidan. Så no er oppussingsprosjektet i gong!
Ha ein fin tysdagskveld :)
Turen min i går gjekk langs landevegen som gjekk gjennom kulturbeite og med utsikt til eit vatn. Eg hadde også ein liten avstikkar innom ei lita skogli.
Ein gammal jordkjellar ligg som eit minnesmerke over menneske som levde her før.
Nakne lauvtre som strekker sprikande greiner mot himmelen er skulpturelt og vakkert synest eg.
Her er det sauer som held landskapet ope.
Trea formar seg etter lys, ver og vind.
Ei avbroten mosegrodd grein er ei lita verd for seg sjølv.
Her veks det kjuker i brunt og beige i ulike fasongar.
Legg merke til dei vakre grønfargane på mosen og lavet.
Bakken i skogen er dekka med eit mjukt lag med lauv. Her inne i skogen luktar det verkeleg haust.
På hasselbuskane heng det ennå litt gult lauv igjen.
Her har eg snudd meg og tatt bilde av vegen eg kom.
Frå gardsvegen til garden mannen min kjem frå.
Nokre av dyra våre går ute ennå. Det er mildt og me forar dei med kraftfor og rundballe.
Utsikta frå stoveglaset til svigerforeldra mine (under).
Her går sauene våre. Trur neppe at dei har auge for kor vakkert det er rundt dei.
Inne venta mamma/svigermor og pappa/svigerfar med middag til mannen min og meg. Seinare vanka det også kaffi og kake :)