fredag 28. januar 2011

Rimkvitt.

Vissent strå ifrå ifjor pynta til vinterfest.
Vintergrønt med vinterkvitt.
Ventar på varmare dagar.....
God helg :)

søndag 23. januar 2011

Så kom sola :)

Det er skiftande ver om dagen. Typisk vestlandsver med andre ord. I dag er det nesten vårleg, strålande sol frå skyfri himmel og 4,5 pluss. Torsdag føremiddag vakna eg til tjukk skodde og rimkvite bakkar, men etterkvart braut sola igjennom...


For kvar dag har me lyset bittelitt lengre. Herleg :)

torsdag 20. januar 2011

Og vinnaren er :)

Vinnaren av kalenderen er;
Gratulerer!
Trøystegevinstane med tre fotokort til kvar går til;
og
Takk til alle som som har skrive kommentar både på dette og andre innlegg :) 
Det å få tilbakemeldingar er noko av det kjekkaste med heile blogginga!
Forstår likevel godt at ein ikkje alltid legg spor etter seg, det gjer ikje eg heller. 
Dei fleste av oss har vel ein nokså hektisk kvardag der ein ikkje kan prioritere bloggsurfing til ei kvar tid.

lørdag 15. januar 2011

Utlodding :)

Teljaren på bloggen min nærmar seg etterkvart hundretusen besøk. Då eg 3. juli 2007 la ut mitt aller første innlegg (her) og fekk kommentarar frå niese og nevø hadde eg på ingen måte drøymt om kva dette skulle utvikle seg til! Takk til Mona som hadde idéen og hjelpte meg igong :) Eg har gjennom blogginga fått kontakt med menneske frå "heile verda", nokre har tilfeldig eller sporadisk kome innom, andre har blitt faste gjester som rett som det er gler meg med hyggelege kommentarar. 
TUSEN TAKK!
 Nokre få av desse har eg også møtt og blitt venner med. Då eg starta opp tenkte eg at dette skulle vere ein stad der eg skulle vise fram bilde frå hagen min og naturbilde frå turar eg var ute på. I starten var eg også meir anonym enn eg er nå. Etterkvart har eg også delt meir tankar og litt av familielivet. Dette er vel gjennomtenkt og eg har som rettesnor at eg ikkje skal legge ut noko på bloggen som eg ikkje hadde vore komfortabel med hadde vore i ei avis som alle kunne sjå og lese. Så er det jo sånn for meg som for alle andre; ingen er berre det du ser...

Grunnen til at eg ikkje ventar til teljaren verkeleg rundar hundretusen med dette innlegget er at eg gjerne vil lodde ut ein bordkalender (lite lurt å vente til han er "gått ut på dato") til ein av dei som kommenterer dette innlegget, det vil også bli eitpar smågevinstar som vil innehalde tre kort. Har du lyst på kalenderen legg du inn ein kommentar på dette innlegget. Eg kjem til å trekke vinnaren 20. januar. (om du ikkje er den heldige har eg eitpar kalenderar til som eg sel for kr 100+porto om nokon skulle ha lyst på)


Når eg legg bort kalenderen frå ifjor og startar eit nytt år er det ei tid for ettertanke.
Eg vil gjerne dele eit sitat frå dagens Haugesunds Avis. 
Det er Simon Næsse som har sett desse tankane på trykk.

"Sånt sett blir vel dette en plan for året.
Tre små huskeregler.
For det første skal jeg prøve å tenke at alt er mulig.
For det andre må jeg huske at ethvert møte med andre mennesker
 kan føre til noe spennende og positivt.
For det tredje så må jeg selv være med å skape den rettferdigheten
 jeg selv synest livet bør innholde."

God helg :)

fredag 14. januar 2011

Sov du vesle spire...

Bilde frå oktober. Lyng og rhododendron står full av knoppar
 vel førebudde på våren som eingong skal komme.
Så kom vinteren.

Sov du vesle spire ung,
ennå er det vinter,
ennå sover bjørk og lyng,
roser hyasinter.
Ennå er det langt til vår.
langt til rogn i blomstring står.
Sov du vesle spire,
ennå er det vinter.

Himlens sol ser ned på deg
solskinnskyss den sender.
Snart blir grønt langs sti og vei,
småblomst varmen kjenner.
Enn en liten solskinnsbønn;
Vesle spire, bli snart grønn!
Himlens sol ser ned på deg
solskinnskyss den sender.
Z. Topelius

Dagane blir bittelitt lengre og lysare for kvar dag og før me veit ordet av det er det mai!

GOD HELG :)

lørdag 8. januar 2011

Heimdalhagen i vinterdrakt.

Alm og ask står nakne med sprikande greiner, det er ikkje mykje liv i hagen på denne tida av året.
Store furutre kastar lange skuggar i den låge vintersola.
Sommarstid er det livlig med småbåtar på sundet. 
Om vinteren er det berre westamaranen som susar forbi i tillegg til ein og annan fraktebåt.  

Snøen glitrar vakkert som om skaparen har dryssa diamantar utover bakkane.
På fuglebrettet er det vanligvis liv og røre, men fuglane sit oppi trea og ventar på at eg skal rusle inn igjen.
Staudene i sykkelkorgene er i djup søvn.

Eg takkar alle som gledar meg med kommentarar på innlegga mine. 
Hyggeleg at så mange likar det eg puslar med :)

GOD HELG :)

onsdag 5. januar 2011

Kontrast.

Same motiv, men ulik årstid.





Fram på vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkarne blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.
      Ivar Aasen

tirsdag 4. januar 2011

Draumever i romjula.

Eg tok eindel bilde i romjula, men det blei lite tid til blogging då så eg presenterer nokre av dei framover. Me hadde i år som ifjor ei kvit og kald jul noko som er ganske uvanleg her vest i fjøresteinane. I fjor låg snøen i fleire månader, men i år er allereie det meste borte. Då eg gjekk naturstien heim frå jobb i dag var heile vegen dekka av holke. Eg hadde aldri kome meg fram om eg ikkje hadde hatt isbroddar på skorne.

Men tilbake til romjula; her kjem ein serie bilde frå ein tur eg gjekk saman med "midtimellom" :)
Me gjekk "rundt Håland", deler av vegen blir ikkje så mykje brukt så her er det fredeleg og fint å gå. Boknebergsvatnet ligg dekka av is og snø.
Kjekt å ha lag :)
"Slettabakkar" er ei svingete bratt kneik..


Oppe på "sletta" er det lett å gå.
 Låg vintersol kastar sine siste stråler på ein liten haug.
Hus med historie. Her har det vore ungdomshus og bedehus, men i dei siste åra har huset vore nytta til bygdemuseum. Her gjekk eg på yngres for lenge, lenge sidan og her har eg vore på mange basarar og andre tilstellingar. Lenge sidan det også nå...



Skøyteisen som lokka mange utpå vatnet for nokre veker sidan er nå dekka av snø.
Klokka er rundt tre og sola er gått ned bak fjellet(over). Resten av turen går mot nord. Vakkert vinterlys i himmelranda(under).


Eg har lyst å takke alle som har følgd bloggen min i 2010 :) Håpar at de framleis vil kikke innom titt og ofte og legge igjen eit spor i ein kommentar i ny og ne :)

ØNSKJER ALLE EIT GODT NYTT ÅR :)

søndag 2. januar 2011

Til låns...

Ask Leonard har vore på overnattingsbesøk hos farmor og farfar. 
Verdas skjønnaste litle gutt blir to månader den 4. januar.
Han brukte store deler av nyårshelga til å sitte på fang :) 
Ein mjølkeskvett i ny og ne må krabaten ha :) 
Tante Mona sitt fang er som skapt til å rape på :)
Det aller, aller beste er å få sprelle litt utan klede :)
Ein liten prins har fått torr bleie og reine klede på.
 Heia tante Mona, kjekt å bli kjent med deg :)

Det tar på å flørte så masse med jentene :)
Her er det trygt å godt å sove :)
Nattepysjen er på og tante Evy får "nattaklem" :)
"Takk for denne gongen farfar, eg kjeme snart igjen vett du :)" 


Deres barn er ikke deres barn.
De er livets sønner og døtre med egne lengsler.
De kommer gjennom dere, men ikke fra dere...
Og selv om de er sammen med dere, tilhører de dere ikke....

Dere kan gi dem deres kjærlighet, men ikke deres tanker, 
for de har egne tanker..
Dere kan gi hus til deres kropper, men ikke deres sjeler..
For deres sjeler bor i morgendagens hus, som dere ikke kan besøke, selv ikke i deres drømmer....

Dere kan strebe etter å ligne dem, men prøv ikke å få dem til å ligne dere!
For livet går ikke bakover eller dveler ved i går.

Dere er de buer som deres barn blir skutt ut fra som levende piler.
Byeskytteren ser merket på evighetens sti, og han bøyer deg med sin kraft, 
så Hans piler skal fly langt og fort.
Vær glad over å bøyes i bueskytterens hånd, for slik han elsker pilene som flyr, 
elsker han også den trygge buen......

Kahlil Gibran