onsdag 31. mars 2010

God påske!

Det silregnar og er grått her i sørvest. Våririsen i hagen har vakna frå vinterdvalen og lyser opp utanfor døra. Ein varm tanke går til Ida som gav meg løkane for eit par år sidan :)
Inne har eg pynta med egg og kyllingar. I tillegg har eg tatt inn nokre kastanjekvister som eg håpar vil kome med blad om eitpar dagar. Her på garden er kalvinga i gong så me held oss "ved teltet" som så mange påskehelger før. Me har besøk, får besøk og går på besøk. I tillegg høyrer ei gudsteneste eller to med i påskefeiringa for meg.
~~~~~~~~~~~~~~~~
Du som låg i natti seine Sorgtyngd, vanvørd og aleine
skjelvande på såre kne.
Du som skåli trufast tømde Medan alle dine rømde
Stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og banna Kront med klungerkrans om panna
Medan augo brant i sorg.
Du som stod i namnalus pine, Skild frå dei du kalla dine
Einsam i Pilati borg!

Du som hekk til krossen nagla, Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg!" Å, lat nådens blodstraum nå meg
Offerlam frå Golgata!

Lær mi sjel kor du laut lida, Syn meg såret ditt i sida,
Styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender, Så eg frelst mitt auge vender
Opp til deg på krossen, du.
(Jakob Sande)
~~~~~~~~~~~~~~~~
Nå tar eg bloggpause og påskeferie.
GOD PÅSKE :)

søndag 28. mars 2010

Vårfriske fargeklattar.

Dei første fargeglade og vårfriske spirene er framme i lyset i hagen hos meg. Ingenting av det som kjem seinare kan varma hjarta slik som desse første fargeklattane som kikkar opp mellom visne strå og rester av det eg burde ha rydda i haust. Eg har sett meg litt overvunnen, men når desse fine vårteikna lyser imot meg får eg lyst til å ta fatt :)
Eg ønskjer alle ei fin "stille veke" fram mot påskehøgtida :)

torsdag 25. mars 2010

Små mjuke vårteikn.

Så fann me til slutt nokre små teikn på at våren er i emning. Eit av dei var desse skjønne gåsungane. Små mjuke dunduskar overstrødd av naturen sine flyktige vassdiamantar.
Leve i stunda
-når vårmorgonklokkene ringlar og slår
og syng for den gro'gla kimen,
når tonen frå fløyta kling mollstemt og sår
av vårlengt i skymingstimen.
Leve i stunda
-når heggen står drivkvit med levande snø
som angar av gløymde vårar,
når tusenfrydblomen på grønkande bø
gret morgondoggblanke tårar.
Leve i stunda
-når brisen frå havet er vårvarm og linn
som mjuke, små barnehender,
-når kjærleiken bårar i vårvare sinn
som dønning mot sommarstrender.
Leve i stunda
-når hjarta er ope og veit kva det vil,
når kjenslene spør og svarar,
-få kjenne ein lever og at ein er til
den stunda som stunda varar.
Josef G. Larssen

onsdag 24. mars 2010

Gammal kystkultur.

Eg lova maritime bilde på dette innlegget. Her har kjem nokre smakebitar. Her er eit gammalt naust med treverk som er vaska av sjø og regn og vind- og soltørka år ut og år inn noko som gjev treverket ein vakker grå patina.
Ein tjørebreidd robåt i vinteropplag. Åreblad. Ei gammal teine. Garn og tauverk. Vrakgods. Sollys og frisk sjøluft smyg seg inn mellom dørplankar og takpanner. I det du trør ut over dørstokken lurer du kanskje på om me ikkje såg eit einaste vårteikn på turen. Jovisst gjorde me det :) Det får du sjå i morgon :)

tirsdag 23. mars 2010

Livet på ein taukveil.

Vegen me gjekk enda ved havet. Nokre meter frå strandkanten låg ein gammal taukveil delvis nedgrodd. Vakkert samspel mellom tauverk og ulike vekster.
Sidan me no er komne fram til havet blir det eit par innlegg med maritimt preg dei neste to-tre dagane.

mandag 22. mars 2010

Turkisblått, limegrønt og grått.

Her kjem fleire bilde frå fototuren eg og Berit gjekk.
Mange av steinane langs vegen var dekka av skorpelav i vakre fargar og mønster.
Steinane lavet veks på har også ulie fargar og struktur. Løfter me blikket opp frå bakken finn me store mengder av skjegglav. Fleire tre er meir eller mindre heildekka av dette spesielle lavet. På neste innlegg vil eg vise "macrolivet" på ein gammal taukveil ved havet.