mandag 30. mai 2011

Spreidde for alle vindar.

Vakker og villig kan vel seiast om løvetann. Og fint er det når vegkantane er dekka av lysande gult om våren.
Nå er frøa spreidde for alle vindar og eg tippar at ein del av dei ligg og lurer rundt om i hagen min. Der ligg dei og ventar på gode veksvilkår og lageleg ver til å spire. Løvetann er ikkje kresen verken på jordsmonn eller noko anna så han lyser nok opp til neste år også, rakkaren :)


Ha ein strålande dag :)

søndag 29. mai 2011

Anemone trullifolia

Her kjem ei lita helsing til Toril og Magnar Aspaker :)
Kjenner de igjen denne? Ho blømer i år også :)
Det er så kjekt når blomar eg får i gåve trivst i hagen min. Kvar gong denne Anemone trullifolia opnar ein blom tenker eg med glede på gjeverane :)

lørdag 28. mai 2011

Etter at regnet letta.

Det har regna i dagevis, derfor har det blitt lite hagearbeid på meg i det siste. Å luke i sorpe er ikkje noko å trakte etter. Dette ber staudebeda mine preg av. Men, det er alltid noko som klarer seg uansett. Klokkeblåstjerne er ein av dei. Desse er nydelege i villflor, men spreier seg uhemma. Løkane ligg veldig djupt og er derfor vanskelege å fjerne. Klokkeblåstjerna spreier seg også med frø og dei finn lettast grobotn der jorda er bar. Dei fleste blomane er blå, men det dukkar stadig opp ulkie rosa nyansar i tillegg til kvitt. Vakker og villig er eit uttrykk som passar perfekt her.


Løytnatshjarte har stått på same staden i årevis. Dette er ei staude som passar godt i ein uformell hage på landet og ho er ei av favorittstaudene mine.
Eg har også kvit løytnantshjarte, men denne er liten, "bleik" og unseeleg.
Eg spadde opp fleire av storkenebbplantene mine i haust fordi det vaks så mykje gras innimellom. Dei kjem heldigvis fint i år, men treng nok eitpar år for å bli like fine som dei var. Det største ugrasproblemet eg har er vanleg gras som kjem inn i bedet med utløperar eller frø som dryss ned frå bakken over muren.


Akeleier er også vakre synest eg, men dei nikkar så blygt med hovudet at ein må snu dei for å sjå kor vakre dei eigentleg er.

Det siste bildet er snøsløyfe. Først er denne skinande kvit, men ho blir vakkert rosa når ho er på retur.
Eg har nettopp starta på ein to-vekers ferie og ønskjer meg SOL OG SOMMAR!!!

lørdag 21. mai 2011

Familien sin største skatt :)

Storsjarmøren vår Ask Leonard hadde fått seg fin matrosdress til 17. mai :)
På mamma Monica sitt fang :)
Og på pappa Øystein sitt fang :)
Sjølv om han brukte store deler av 17. mai til å sitte på fang er det kjekt å kunne sitte åleine også :)
Store gullgutten vår er blitt eit halvt år alt!
Han og farfar har verkeleg funne tonen :)
Ingen tvil om at desse to er bestevenner :)

Koseleg med besøk av både gullet og foreldre :)

Velkommen igjen :)

mandag 16. mai 2011

Å teikne med lys.

Å fotografere er som å teikne med lys blir det sagt og ingen kan lyssette eit motiv som naturen sjølv. Ein må berre vere der til rett tid og fange det med kameralinsa. Her har eg vore på same stad to gonger og fått heilt ulike resultat. 
Her  er det som om himmelen har hengt opp lette blondegardiner som siler sollyset igjennom.

Her på dei to siste bilda har dagen vore skyfri, strålande og klar. Då det lei mot kveld og sola gjekk ned kom naturen si rullegardin sakte over himmelen og "slo av" dagslyset.

Eg ønskjer alle ein strålande 17. mai uansett ver :)

onsdag 11. mai 2011

Ut i naturen.

Har du lyst å vere med på ein liten omveg? Eg er så heldig at det tar berre ti minutt å gå til jobb for meg. Når eg skal heim vel eg ofte ein omveg på femti minutt, først gjennom skog, deretter langs ein traktorveg gjennom beiteland. Siste biten i ope landskap på vegen gjennom kyrkebygda. Ein skulle kanskje tru at det blir kjedeleg å gå same vegen så ofte, men det synest ikkje eg. Eg elskar skiftingane årstider og verforhold gjev. Å gå her ein blikkstille vinterdag der det er alldeles stille og å gå her seinhaustes i kuling og regn gjev totalt forskjellige opplevingar. Eller som no i desse dagar, det er eit fuglekor utan like, det luktar nydeleg av nyutsprungen bjørk og lysegrøne mjuke granskot. Eg skulle verkeleg ønskje at eg kunne lagt lyd- og luktfil  med på dette innlegget. Bilda er ikkje av beste kvalitet fordi dei er tatt med mobilkamera. Håpar likevel at eg klarer å formidle litt av vårstemninga.
Sollyset blir silt gjennom greiner og blad. Det luktar vårvarm jord og nyutsrungen bjørk og anna grønt. Vinden susar lett i tretoppane og stryk meg vart og varmt over kinn og panne. Tjue grader i mai er sjeldan kost på desse kantar. Fuglar sitt tett i tretoppane og innimellom greinene og syng sine vakre strofer. "Her bur eg, her eig eg" høyrer eg om eg legg godviljen til. Bokfinken si strofe går opp og ned, så ein liten pause før han sluttar av med eit "sant?" før han tar same strofa eingong til, om igjen og omigjen. Andre fuglar nærast boblar over i våryr begeistring.
Blåbærlyngen står frodig mellom treleggene.
Det klukkar lett i ein liten sildrebekk.
Eit rognetre prøver å finne sin plass mellom litt glisne graner.
Grusstien snor seg gjennom skogen.
På veg ut i opnare landskap.
Her langs traktorvegen er det lys nok til at mange ulike blomar trivst, slik som løvetann, fioler og kvitveis. Skogstjerne blømer også nå.




I ei av desse småbjørkene sat svarttrosten og song sine mollstemte vemodige fløytetonar i det eg gjekk forbi i dag. Eg stoppa og pusta litt på og fekk med meg litt av konserten. Svarttrosten er favoritt-sangfuglen min.

Vakre grøne nyansar. Her veks einer, lyng og bjørk framfor eit bakteppe av lerk og gran.
Vegen svingar seg gjennom landskapet, opp og ned bakkar.
Etter utmarka går vegen inn i kulturlandskapet. Her blir eg møtt av vipa sitt vivitt, vivitt, ho har tydelegvis reir i nærleiken og vil halde meg på avstand.
Svalene som er komne tilbake frå sørlegare breiddegrader flyg høgt på himmelen. Eit skikkeleg godversteikn.
Takk til alle som har kommentert hos meg i det siste :) Det har vore litt labert med svar frå meg, men eg har planar om gjenvisitt ganske snart :)


Ha ein fin vårkveld :)

mandag 9. mai 2011

Fager kveldsol smiler.

Her kjem eitpar bilde eg tok 17. april. Desse lyse kveldane om våren har eg lengta etter så ofte i mørke vinterkveldar. Når veret er som denne kvelden er det herleg å vere ute, rusle litt rundt og lytte til svarttrosten sine mollstemte fløytetonar.
Tuntreet stod i april framleis med nakne greiner, men ser ein nøye etter ser ein blomeknoppane ytterst på greinene. Alm (Ulmus glabra) er vakre tre som kan bli opptil 500 år gamle. Almetreet kan bli 40m høgt, og kan få ein solid, tjukk stamme. Trekronene blir vide, og gir god skygge på bakken.  Alma blømer før blada kjem, blomestandsknoppane opnar seg og det kjem fram eit rundt nøste med rødbrune, små, klokkeforma blomar. Almetrea her hos oss er ca 125 år gamle. I dag står almane med fullt utsprungne grøne blad og vinden susar lett i toppane.
 Det har vore over 20 gr her idag. Eg gjekk tur etter jobb i ein behageleg varm bris. Herleg!

torsdag 5. mai 2011

Til å bli glad av :)

Det er fantastisk når små grøne knoppar opnar seg i vårsola. For nokre veker sidan var alt i hagen brunt og grått. Nå lyser blomar i vakre fargar opp. Dei første blomane om våren er ekstra velkomne fordi kontrasten er så stor.





Eg har ikkje så mange gule blomar, bortsett frå om våren. Då lyser det gule opp både her og der og gjer meg GLAD!