mandag 28. mars 2011

Etterlengta vårteikn og ein liten kikk "bak forhenget" :)

Snart er det april og vårteikna begynnar å vise seg. Fuglane syng og dei første blomeknoppane opnar seg i hagen.
Julerosa har stått med knoppar lenge og i dag hadde den første opna seg.
Bak huset står ei krukke med våriris. Der står dei forviste for ikkje å vere i vegen for arbeidet på huset. Alle krukker er rydda bort for tida. 
Krokus i fleire fargar lyser opp både i bed og direkte i plenen.

Desse gule har ein lei tendens til å legge seg flate og dei blømer mykje kortare enn dei kvite og dei lilla.
Til sist eit lite blikk innafor "forhenget". Renoveringa går på fram, men det er masse arbeid og ikkje alt som blir gjort viser like mykje igjen. Viktig at det blir gjort fagmessig og grundig. Med eit veldig gammalt hus og tidlegare reparasjonar der det har vore tatt litt for lettvinte løysingar er det nok å ta tak i for tømmermennene.
Eg er over middels opptatt av detaljar :) Hengslene på vindaugene er veldig fine synest eg.
Vannstokken var fjerna frå deler av huset, men kjem nå tilbake. Bordkledningen er også meir lik den som var på huset før. Trur at det endelege resultatet kjem til å bli veldig bra. Medan eg ventar tenker eg tapet og gardiner :)

torsdag 17. mars 2011

Ting på gang :)

Det at det er veldig stille på bloggen min for tida betyr ikkje det same som at det er stille her på Heimdal. Her høyrest hammarslag og saging dagen lang. Endeleg er me igong med stor renovering av huset vårt!
Dei første vindaugo er på plass og eg er veldig fornøgd.
Det er meininga at når tømmermennene er ferdige skal huset likne meir på slik det var då det var nytt i 1855. Iallefall utvendig. Innvendig går me for gode praktiske løysingar, men tar sjølvsagt hensyn til byggestilen så godt me kan.
Så enn så lenge bur me litt kaotisk, men det går fint for ei stund. Gledar meg til å få det ferdig :)

tirsdag 1. mars 2011

Dette gledar eg meg til i hagen i år :)

Så var det tid for ny konkurranse has Moseplassen igjen. 
Og eg vil sjølvsagt delta denne gongen også :) 
Denne gongen er tittelen:

Hva gleder du deg til i hagen i år?

Det er masse å glede seg til, men noko av det beste er å sitte under ein parasoll ein god og varm junisøndag :)
Derfor er dette bildet mitt bidrag denne gongen :)

Klikk deg inn her og ver med, enten du har bilde sjølv eller at du vil vere med å stemme :)
Har du berre lyst å kikke på alle dei fine bidraga så er det også lov sjølvsagt :)