søndag 27. november 2011

Berit ruskar ute.

Stormen Berit ruskar skikkeleg utanfor veggene i dag. Til og med Boknasundet som ikkje ligg direkte ut mot storhavet grov seg skikkeleg opp med kvite skumtoppar. Godt med "hole hus" på dagar som denne :)






Sauene våre går og beiter i livd frå huset og let seg ikkje afisere av stormen i det heile.


Ønskjer alle som er innom bloggen min ein god 
første søndag i advent :)

onsdag 23. november 2011

Etterlengta sol til seintblømande stauder.

I dag har det vore regntungt og mørkt heile dagen, men  her kjem hagebilde frå søndag då ei låg novembersol 
var oppe nokre få timar og gav dei få staudene i hagen som framleis blømer etterlengta lys.



Det er framleis litt liv i sykkelkorgene.
Stjerneklokker Campanula poscharskyana er ei takksam staude 
som blømer frå vår til  sein haust.


Krypklokke  Campanula portenschlagiana 
opnar også nokre klokker mot sola.
Ein og annan stemorsblom som har sjølvsådd seg kikkar også fram her og der :)


Ei einsleg nostalgi-rose er igjen i roserabbatten. Litt vinterbleik, men likevel vakker.


Nå er hagesesongen over for i år, men det er kjekt med ein liten bonus 
som desse hardhausane gjev meg så langt uti november som nå :)

Marie :)

søndag 20. november 2011

Kjuker.

Eg treng ikkje gå langt for å komme "ut i naturen". I vår bitte-litle skog er det eit naturleg mangfald og fargerikt felleskap. Her veks det mange ulike treslag. Skogen her har vore ein naturleg  leikeplass for barna her på Heimdal i generasjonar. Det var her natur-interessa mi blei vekka då eg var lita jente. Då eg som tolvåring fekk pengar til fødselsdagen la far til nokre kroner slik at eg fekk nok til å kjøpe meg kikkert. Eg fann nokre gamle teppe på loftet som eg laga meg kamuflasje av. Så sat eg der og kikka på fuglane som heldt til i trekrunene.I dag hadde eg ein liten tur her i "barndommens rike" i finveret.


Mellom mange friske tre stod denne døde bjørkestammen med fleire kjempestore kjuker. 
Eg har leita på nettet etter namnet på dei utan å finna noko som  likna heilt. 


"Merksnodige" soppar :)
Ein av naturen sine mange rarietetar :)
Nokon som veit namnet så skriv kommentar :)



Popcorn anyone?



Også på greinene som ligg på bakken veks det kjuker.


Eg fann faktisk litt liv i hagen også, det skal eg vise ein annan dag :)
God søndag :)


Oppdatering: Stor takk til Kristin Vigander som opplyste meg om at kjukene her heiter knivkjuker :)

søndag 13. november 2011

Klar for oppussing!

Hei til familie og venner som spør om eg ikkje kan vise bilde frå husrenoveringa, 
her kjem ei lita oppdatering :) Enn så lenge er det mørkt i dei "nye" stovene, 
men denne veka startar oppussinga. Velkommen inn til ein liten kikk :)


Døra på bildet over går frå gangen og inn i ei av stovene.  På bildet under ser me 
dobbeldøra mellom stovene og vindauge mot aust (fotografert frå stova i sør).


Kjøkkenskapa er dei same som mor hadde då dette var hennar kjøkken. 
Det er likevel ganske store endringar her; nye benkeplater, 
nye kvitevarer, nye beslag på skap og skuffer, ny vask og kran, 
parkett på golvet, ny dør til gangen og nytt vindauga. 
Døra mellom kjøkken og stove har me fjerna slik at det nå er ope der døra var før.


Den nye ventilatoren er smalare og han kjem derfor høgare oppe enn den som var her før 
noko som gjer at me treng eit par fliser til å fylle tomrommet med.
 Er ganske sikker at det skal vere nokre ein eller annan plass, men kor?


På bildet under ser me skapa over vasken. 
Skapa under skal eg vise når krana og oppvaskmaskinen er på plass.


Så nå er nedtellinga igong :) Om nokre få veker kan me flytte inn :)

mandag 7. november 2011

Morgonstemning.

Skodda lettar...






Ønskjer alle som kikkar innom bloggen min ein lys og fin dag :)

søndag 6. november 2011

Heile familien sin sjarmør!

Ask Leonard fylte eitt år den fjerde november :)
Det blei ikkje noko selskap på han, han var nemlig bortreist på dagen. 
Dagen før reiste han til Haukeland sjukehus i ambulansehelikopter. 
Godgutten blei operert og er nå heldigvis på betringens veg :)




Farmor og farfar gratulerer heile familien sin sjarmør med vel overstått dag :)
Selskap kan me alltids ha når han kjem heim :)