onsdag 30. juli 2008

Sky Watch Friday.

My sky watch photos this week are taken on my evening walk on Tuesday between 20.30 and 21.30 p.m. The day had been very hot and it was still warm. You are welcome to walk with me. Klick on the photos to enlarge.
If you want to see more sky watch visit the sky watch blog here.

mandag 28. juli 2008

A sunny summer weekend. / Sommarhelg og kvilepuls.

I helga har me hatt mellom 27 og 30 'C. Etter at eg hadde handla til helga sat eg stort sett og slappa av i hagen på lørdag. Søster mi og mannen var innom Bokn med båt og dei var på besøk om kvelden. Søndag var eg med dei ut og bada i ei stille og fredeleg vik. Eg har ingen bilder fordi eg hadde gløymt kamera igjen heime. Eg viser nokre bilde frå ein solvarm ettermiddagshage i staden.
Kveldstemning. Ønskjer alle ei fin sommarveke :)
I wish you all a nice summer week :)

lørdag 26. juli 2008

Tropical heat. / Tropevarme.

I går hadde me 30´C i skuggen! Etter jobb og middag var det deilig å ta helg og slappe av i hagen. Balder syntest også skuggen var best i går. "Hei mamma, lyst på litt kos?" "Puh, så hett!"
"Litt luft på magen kanskje?" "Oi, nå blei eg trøyt, det tar på å kose seg." "Gjesp!"
"Ahhh! Etter å ha gjort ingenting ei stund er det herleg med ein liten blund!" "God sommarhelg folkens!"
Frå Balder og Marie :)

torsdag 24. juli 2008

Sky watch Friday.

Last weekend my husband and I went for a road trip and I took some photos. The first three photos are from a little lake.
This waterfall is called Langefoss (Long waterfall). The waterfall meets the sea in an norwegian fjord. The following photos are from the same fjord. You can see the sky watch blog roll here.

tirsdag 22. juli 2008

På leit etter røter.

Både farmor og farfar døydde før eg blei fødd så eg kjenner dei berre gjennom det far har fortalt. Farfar blei født i 1868 og vaks opp på Thorland her på Bokn. Farmor kom frå Refsland i Hauge i dalane, ho blei født i 1880. Farfar reiste til Amerika i ungdommen, men kom tilbake etter nokre år. Farmor var tenestejente hos ein fin familie i Stavanger då ho møtte farfar. Dei gifte seg i 1905. I dei første åra som mann og kone eigde og dreiv dei Thorland hotell i Stavanger. Barna kom som perler på ei snor, men det blei ikkje berre lukke for familien. Av ti barn døydde fem, tre som barn og to som unge vaksne. Etter nokre år i Stavanger flytte familien til Thorland på Bokn der farfar kom ifrå. Eit par år etter blei garden Heimdal på Sæbø til sals så i 1915 flytte dei hit eg bur i dag. I helga var eg og mannen min på ein liten ferietur. Turen gjekk mellom anna til Refsland på leit etter røtene mine. På bilete under ser me vegen inn mot tunet.
Me stoppa for å spørje etter vegen då me nærma oss, me fekk vite at me var på rett veg og at det var eitpar km til å køyre. Me stoppa ved ei hytte og her møtte me eit ektepar, det viste seg at mannen er firmenning med barna våre. Me blei bedt inn på koseleg besøk og fekk kaffi og nysteikte lappar. Dei fortalde om slekt og hendingar og mange trådar blei nøsta opp. Dei viste også bilde, her er huset farmor budde i då ho var lita. Huset hadde seinare brunne så det var lite igjen på buplassen. Det einaste huset som stod att var bryggarhuset, det var nesten dekka av humle. Her er muren som fjøset stod på. I dag er plassen seld og det står ei hytte på muren.
Trappa er laga av store heller som var golv i fjøset tidlegare. Låvebruberget, her stod løa tett inntil på høgre sida og dette berget blei brukt som låvebru. I hagen stod det gamle rosetre, stauder og bærbuskar. Prestegårdsrosa på bilde er akkurat den same som står i hagen her hos meg. Eg trur utan å vite for sikkert at farmor har fått ei rot heimefrå, kanskje har ho også har hatt humle og løytnannshjarte med seg. Den gamle kvernsteinen har dei noverande eigarane laga hagebord av.
I Refslandstjørna er det fleire små holmar og det er lagt steinar mellom slik at dei kunne gå over her og mjølke kyrne når kyrne beitte på andre sida av tjørna. Det gav ei merkeleg kjensle å gå her i farmor sine fotefar og tenke på at her sprang ho berrføtt og lett på foten som lita jente. Ved denne tjørna sat ho kanskje i vakre sommarkveldar og lengta ut, og drøymde om framtida. Då ho var ung var ho hos ei spåkone som fortalde at ho skulle møte ein mann med mørkt hår og bart som kom over eit stort hav. Ho møtte farfar som kom heim frå Amerika. Slik såg huset ut her på Heimdal då farmor kom hit. Her opplevde ho glede og her opplevde ho sorg. Hadde antibiotikaen vore oppfunnen på den tida kunne kanskje fire av barna som døydde blitt friske, også sjukdommen nummer fem døydde av er det gode botemiddel for i dag. Til tross for motgang var farmor kjent for å ha godt humør og ho hadde lett for å le. Framfor alt må ho ha vore ei sterk kvinne, både fysisk og psykisk. I dei tider var garden ganske stor med mykje tungt arbeid. Barna var med i arbeidet frå dei var små. Eg veit ikkje kor mange gonger ho var tilbake til barndomsheimen etter at ho reiste ut, mon tru om ho lengta heim av og til -til sine. Ho kom frå ein gard i innlandet, der utsynet var høge fjell, ei tjørn og eit vatn. Ho kom til ei forblåst og naken øy i havgapet, her var utsynet grasbakkar og sjø. Verken farmor, farfar eller far er mellom oss i dag, alle tre har levd store delar av liva sine her på garden og dei har budd i huset eg bur i i dag. Her høyrer eg også til, eg er sterkt knytt til Heimdal.
Tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.