torsdag 27. september 2012

Langs E 134 frå Seljord til Åkrafjorden.

Det har blitt lite blogging med meg i det siste, 
eg har hatt andre prioriteringar som har vore viktigare for meg.
Litt fotografering har det blitt innimellom, og bilda ligg arkiverte og klare til bruk.
Idag viser eg bilde tatt på heimtur frå seljordsmarknaden tidlegare denne månaden.


I Sauherad er kornet hausta inn, berre nokre halmballar ligg spreidd utover dei gyldne bakkane.




Vegen svingar seg langs vakre vassdrag. 



Bildet over og under er frå same plass, eg har leika meg litt med lyset.




I fjellet har haustfargane sett preg på vegetasjonen.





Langfoss heng kvit som eit brureslør ned fjellsida og endar opp i Åkrafjorden i Etne kommune. 
Langfoss er ein av dei flottaste fossane i landet vårt var ekstra stor etter alt regnet i det siste.


Her i låglandet var landskapet framleis grønt og frodig.
Regn i lufta og eit tungt skydekke, men likevel vakkert.


Mellom bakkar og furete, værbitte berg har nordmannen busett seg, 
nokre i fjellbygdene andre ved fjorden.

God helg :)


torsdag 13. september 2012

Favoritt i hausthagen.


Anne på Moseplassen vil gjerne ha oss til å vise kva som er finast i hausthagen vår akkurat nå.
Her hos meg er hagen sterkt prega av alt regnet me har hatt i lang tid.
Likevel er det nokre planter som ikkje bryr seg så mykje om at det regnar,
ein av desse er fuksia som eg har eit stort eksemplar av.
Eg fekk han til fødselsdagen for nokre år sidan og har gleda meg kvart år etter det.
Så denne er nok min favoritt i hagen i desse dagar :)

 I det blomane spring ut er dei mørk lilla, men dei blir lysare etter kvart.


Eg har pleid å klippe han ganske mykje før eg tar han inn i potetkjellaren seinhaustes,
men i fjor ribba eg berre greinene for blad så i år har han vore mykje større  enn før om åra.


For ei stund sidan blæs det kuling og dermed brekte fleire greiner av 
så då måtte eg plassere han i livd bak huset for nokre dagar.

Kjekt når det me jobbar med trivst og gledar oss med flott bløming :)

Ta deg ein tur innom hos Moseplassen og sjå mange andre flotte haustfavorittar :)

tirsdag 4. september 2012

Hekta på gamle skattar :)

Etter at me renoverte det gamle huset vårt har eg blitt heilt hekta på gamle skattar.
Det meste er vel kanskje ikkje verd så mykje i kroner og øre, 
men det er veldig kjekt å ta det fram frå skap og ned frå loft.
(Litt nytt innimellom som passar til for å supplere)











Det var eingong...
Tenk deg eit gammalt album...










Nå er hagesesongen på hell og då er det kjekt å kose seg inne :)

lørdag 1. september 2012

September.

1. september står det på kalenderen min idag. Ein sommar er over atter ein gong...
Litt vemodig, men eg håpar på fint ver framover slik at eg kan få nyte hagen ei stund til.
Me har hatt vekslande ver med styrtregn nokre dagar og sol og sommarvarme 
andre dagar i det siste. Haustryddinga i hagen får vente ein månad eller to til.


Dei fleste staudene er avblømde for i år, men nokre seine skal bløme nå framover.

Denne store flotte hortensia-busken fekk mor til 80 årsdagen som vanlig potteplante.
Då sommaren kom blei han planta ut i hagen og etter det har han gledd oss i mange år.

Fin lenge og i alle fasar av bløminga.


For nokre år sidan fekk eg ein hortensia sjølv også.
 Denne er blå, men han kom berre med ein einaste blom i år.
I dette bedet står det også mellom anna søyleblomst, kattemynte, 
forglemmegeisøster og teppesmelle.



Endeleg spring knoppane ut på fuksiaen som har brukt sommaren på å vekse seg stor og kraftig.


For nokre dagar sidan ruska vinden så voldsomt at me måtte få han i livd før alle greinene blei rivne av.

I sykkelkorgene har to typer campanula blømd heile sommaren.
Veldig takknemleg staude som tåler godt tørke 
(ikkje at me har hatt for mykje av det denne sommaren akkurat).

Massevis av roser har rotna før dei har fått opna seg skikkeleg 
fordi det har regna så mykje i juli og august,
 men her er det heldigvis nye knoppar heile tida 
så nokre av dei har fått kjent solvarmen :)

Pelargonia, her i full flor før regnet tok alle blomane. Desse burde nok stått under tak, 
men det hjelper lite når eg ikkje har tak å sette dei under.

Skaugum-begonia derimot ser ut til å storkose seg når det regnar, dei lyser ekstra opp på gråversdagar.

Til deg som kikkar innom; god helg!