torsdag 26. januar 2012

Det dagast.

Morgonlyset fanga med linsa på mobilen i går litt før klokka ni. 
Eg har ikkje redigert bildet meir enn at eg har lagt på ramme.


Dei siste to dagane har det storma skikkeleg her ute ved kysten. Så sjølv om gradestokken viser to-tre grader pluss er det bitkaldt ute. Heldigvis går det mot lysare tider :)

lørdag 21. januar 2012

Ikkje berre hus, men heim.

Eg har brukt dei siste vekene til å gjere det "nye" huset vårt om til ein heim. 
Huset er så forandra at eg gjekk litt att og fram i stovene i starten 
og lurte på om eg kom til kjenne meg heime her. Nytt og fint, men framandt. 
Nå har eg fått sett mitt preg på inventaret og funne meg godt tilrette :)


Denne helga har me fått lånt denne vesle sjarmøren som bed deg velkommen inn :)


Her er litt nytt og litt gammalt. Maleria har eg vist før. 
Dei små koselege bøkene på skapet har Berit Tjøsvoll laga.
 Lampen har eg hatt i årevis medan telys-lyktene er nye.


På eit lite skap står det kjære ting eg har arva etter mor. 
Då eg var lita jente var dette fatet og tekanna noko av det finaste eg hadde sett.
Dei er sikkert ikkje verd mange kronene, men eg elskar dei.





Lys er viktig og eg har kjøpt nokre nye lampar. 
Kristusbildet fekk eg av BeritT til ein fødselsdag for to-tre år sidan.


Orkidéen er innflyttingsgåve.


Då eg skulle handle inn nokre nye blomar var eg så heldig å finne nydelege engelske pelargonia.
Dei passa perfekt til den nostalgiske stilen huset har fått.




Ny stålampe. Lampane eg har kjøpt på Lampehuset på Oasen. Det er eit stort utval i lampar på lampebutikkane her i distriktet, men det var berre Lampehuset som hadde den stilen eg var ute etter.


Skjenken er frå barndomsheimen min.


Denne fine kaffikanna kjem frå mor sin familie. Asjetten er også gammal, men eg er usikker på opphavet.
På fatet ligg ei sølvskei og sølvgaffel som far fekk til komfirmasjonen. Skeia er så tynn at ho kan umogleg vore brukande til å ete med. Påleggsgaffelen har vore mor sin.


Denne store sølvskeia er tynnsliten og oppskrapa under skeibladet etter at ho har vore brukt i grautgryta.
Det at tinga er godt brukte gjer dei berre meir verdifulle for meg.


Her har eg også ein gammal huspostill med gotisk skrift liggande.



Det som aller mest gjer eit hus om til ein heim er familien :)
Nå er me toeine til dagleg, men bilde av barn og barnebarn er noko av det kjæraste eg har :)






I det du går ut kan du jo ta kjøkkenvegen. Her har eg nettopp fått opp knaggar
 til å henge opp forkle og andre ting som er praktisk å ha for handa.



Dette skjønne fatet fekk eg av Berit då ho var hos meg nå på torsdag.
Fatet passa perfekt på kjøkkenet hos meg. Tusen takk for fatet Berit, 
men aller mest takk for koseleg besøk  :)


Då seier eg og Ask Leonard takk for besøket og velkommen igjen :)

torsdag 12. januar 2012

Puter frå Eurofoto.

Eg var inne på Eurofoto sine nettsider og sjekka ut det meste av kva ein kan kjøpe med bilde på. Eg fekk lyst å prøve ut programmet for å lage  puter med eigne foto. Her ser du resultatet. Ein kan velge innramming om ein vil. Ein kan også skrive på putene og vel størrelse på bokstavar og kva skrift ein vil ha. Putene blei ganske bra, men eg skulle gjerne brukt litt meir pengar om eg hadde fått eit anna stoff som lin eller litt grovvevd bomull. Putene er i glatt polyester noko som gjev dei eit nokså billig preg. Fargemetninga blei også litt i meste laget. Men alt i alt er eg nøgd med resultatet.






Om nokon veit om stader der ein kan kjøpe puter med eigne bilde av anna stoff så skriv det gjerne i ein kommentar :)

tirsdag 10. januar 2012

Julegåver.

Fekk lyst å vise nokre av gåvene eg fekk til jul :)
Først gåva som var den finaste utanpå. Den fekk eg frå mi kreative svigerdotter.
Vakrast innpakka gåva eg har fått nokon gong :)



Fint det som var inni også. Det pyntar opp på badet nå.


Gåva med det aller finaste innhaldet var dette skjønne bildet av Ask Leonard 
me fekk av han og foreldra. Herlege godgutten vår! 
Bildet er kome opp på stoveveggen rett innafor døra slik at alle som er innom får sjå det :)


Den mest praktiske gåva  fekk eg av døtrene mine, skikkeleg utstyr for å halde meg på beina på glattisen.
Midt i blinken for meg som går til jobb og elles også er mykje ute.
Eg fekk også musikk frå dei, noko som alltid er kjærkome.

Noko forseggjort og fint innpakka til å bruke på badet,
 noko fint til å henge på veggen og noko fint å høyre på :) 
Og ikkje minst praktiske "isbroddar". 
Ingen grunn til å sitte inne om det er iset og glatt ute. :) 

mandag 2. januar 2012

Det meste er på plass.

Det har vore lite julestemning frå naturen si side i jula og romjula, 
det har vore storm og regn stort sett.
Då er det kjekt å vere saman med venner og familie
og pusle med ting innomhus.


Me klarte akkurat å kome inn i nyoppussa rom til jul. 
Veggene var utan bilde og vindaugene utan gardiner,
men kjekt var det likevel.


Då juletreet stod ferdig pynta utpå julafta blei det rektig så koseleg.



Og då julegjestene kom, med denne vesle pjokken som hovudperson, kunne det nesten ikkje bli betre :)
Bildet er tatt i romjula, julafta var Ask Leonard stasa opp med svart bukse og kvit skjorte med sløyfe.


Då me gjekk inn i det nye året var endeleg gardiner og dei fleste bilde på plass.
Gardinene har eg kjøpt frå Helen Fredholm som importerer dei frå Skottland.
Du finn meir informasjon om dei her.


Eg falt pladask for desse vakre blondegardinene første gong eg såg dei på Helen sin blogg.
Opptakerane, eit breitt blondeband har eg også kjøpt frå henne.
Ho sel mange ulike blonder. Om du har lyst å ta dei nærare i augesyn finn du dei her.




På veggene er det ei blanding av litt av kvart.
Familiefoto og bilde eg har tatt sjølv har eg flest av.  Eg har av og til blitt spurt av andre 
om dei kan få male eit av bildemotiva eg har hatt på bloggen min.
Dette har eg sjølvsagt sagt ja til. 
Ser på det som ei stor ære faktisk at andre likar det eg viser så godt
 at dei får lyst å lage sin versjon av det.
Maleriet over er malt etter eit foto eg tok  av det gamle fjøset
 hos svigerforeldra mine i sommar.
Bildet mitt ser du her.
Ho som har mala dette er Vivan Østerberg som bur i Finnland. 
Eg har blitt kjent med henne gjennom blogging.
Då ho viste resultatet på bloggen sin, du ser det her,
fekk eg lyst å kjøpe det og henge det på veggen.



Det neste bildet har eg fått av mi kjære venninne Berit Tjøsvoll, 
ho har mala det etter eit foto eg tok av kjellardøra vår.

Det siste bildet under her hengde på veggen over divanen 
i daglegstova vår då eg var lita jente.
Det er nok ikkje verd noko i pengar, men det har stor affeksjonsverdi for meg.
Far fortalde at farfar hadde kjøpt det til ei av søstrene hans då ho var alvorleg sjuk.
Far miste fem søsken som barn og unge vaksne.
 Og dette bildet minner meg om dei tantene og onklane eg aldri fekk møte.


Huset frå 1855 har sjel og i tillegg har det skeive vegger og golv, men det får våge seg :)
Så er det opp til oss sjølve å lage huset til ein god heim å bu i :)