tirsdag 27. mars 2012

Eit nytt kapittel i hageboka.

Så er det endeleg tid for å "bla over" frå vinter til vår i hagen min.
Dei siste dagane har me hatt eit strålande ver med fine temperaturar. 
Iallefall litt utpå dagen når skodda har letta.


Det er ikkje så mykje som blømer ennå, men litt er det. 
Våriris og krokus er avblømd alt og nå blømer mellom anna Erica og Japanpieris. 



Det var massevis av humler ute og surra i dag, her på Japanpieris.



Påskeliljene har såvidt begynt å opne seg mot vårsola.


Vårkjærminne står i full flor. 
Eg fekk ein liten avleggar frå Ida for nokre få år sidan
 som nå har spreidd seg og blitt til eit lysande blått felt i hagen.


Ønskjer alle hage-elskerar ei fin våronn og solrike dagar framover :)

torsdag 22. mars 2012

Strålande vårver :)

UTE: strålande, vindstille, tretten grader varmt vårver!
INNE: ei kraftig forkjøla og småsjuk Marie.
Å, men eg lengtar UT!




Herlig at sola skin så fint inn gjennom glaset til meg her eg sit og syns bittelitt synd på meg sjølv :)
Eg skal passe meg vel for å klage, ei forkjøling går som regel over ganske fort,
satsar på å kome ut og nyte våren neste veke!
Krysser fingrane for at veret held seg fint :)

mandag 19. mars 2012

Historie på veggen.

Historien sit i veggene i gamle hus, blir det ofte sagt.
Det kan så vere, men eg for min del har lyst å ha historie veggen også.
Eg har samla på litt av kvart etter mor og far, som låg stua vekk i esker og posar,
og lurte på kva eg skulle gjere med det.
Det er dumt når det berre ligg der bortgøymd.
Eg tok kontakt med  mi gode venninne Berit som eg veit er ein tusenkunstnar.
Berre sjå her.
Eg hadde ein ide og ho kom med forslag.
Først måtte eg kjøpe inn to djupe rammer på Ikea. 
Eg var så heldig at to av kollegaene mine skulle dit,
så når eg visste akkurat kva eg var på jakt etter handla dei for meg.
Tusen takk :)
Då eg hadde funne fram det meste av det eg skulle bruke tok eg turen til hytta til Berit.


På bilda her ser det ut som om det var eg som gjorde jobben,
men det var Berit som var eksperten.
Først måtte me male bakgrunnen kvit og medan malinga tørka
prøvde me oss fram korleis alle tinga kom best til sin rett.


Her er far sine ting; "amerikaslipset", armbåndsuret, gifteringane 
(den eine nesten avsliten etter etter hardt gardsarbeid, derfor kjøpte han ny), 
eit spel og ei sløyfe. Slipsnåla var sund, men etuiet ho låg i er dekorativt i seg sjølv.
 Far var hobbyfrisør, derfor tok eg med saksa og kammen han brukte. 
Tok også med ein gammal barberkniv og etuiet som høyrer til.
 Lommeboka hadde han laga sjølv. Stempelet og lommeuret er frå farfar.
 Elles tok eg med ei eske "sportskrem", stifter til sveivegramofon og eitpar gamle nøklar.


Eg hadde ikkje så mykje til mor sitt bilde. Smykka hennar hadde me døtrene delt mellom oss, 
men eg fann nå litt eg kunne bruke. Konfirmasjons-testamentet hennar var sjølvsagt. 
Stoffa eg har brukt kjem frå dynetrekk mor hadde sydd, det rosa til store dyner og det blå til barnedyner.
Mor likte å strikka så ei fin gammal strikkebok passa inn.
 Elles har eg tatt med gullklokka, ei porselennål, gifteringen, eit "perle"band 
og ei gammal eske det hadde vore niveakrem i.
Bildet mangla litt så eg festa på litt meir etter at eg kom heim.


Etter at me hadde planlagt korleis me ville ha alt fotograferte Berit forslag
 før ho båra hol i platene slik at ho kunne få festa dei ulike tinga.
Deretter kledde me begge platene med stoffrester som var til overs etter mor sin brudekjole
før me sette alt det andre på plass.


Me jobba frå klokka seks til klokka elleve, berre avbrote av ein liten pause
der Berit baud på kaffi og deilige pannekaker.


Eg var veldig fornøgd med far sitt. Eg hadde litt for lite med til at mor sitt blei heilt perfekt 
så eg suplerte med eitpar bilde og brotet på eit sokkestrikk som låg uferdig etter henne.


I dag er minnerammene komne på veggen, fint synest eg!
Kanskje dette kan vere ein ide for andre som har små minne liggande
som dei gjerne skulle sett på litt oftare :)


Tusen takk til Berit
som spanderte ein heil kveld på arbeidet
utan at ho ville ha ei einaste krone for det :)

mandag 12. mars 2012

På skattejakt i eige hus :)

Eg fann, eg fann, sa Askeladden og det seier eg også :)
Eg har funne fram ein  gammal stol eg hugsar frå barndommen min.
Han har stått stua bort saman med anna gammalt rot i mange år.
Stolen burde nok hatt seg eitt strøk eller to med maling for å passa inn i den nyoppussa stova,
men då vil han nok misse litt av særpreget og sjarmen sin.


Stolen har fått plass i "ognskronå" og her står han og ikkje passar heilt inn stakkar.


Eg var også ein tur i kjellaren og fann fram ei gammal potetkorg som er blitt forfremja frå åkeren til finstova.
Korga er perfekt til å ha magasin og blad i.
Så får det våge seg om dei ikkje passar heilt inn stilmessig, det viktigaste er at eg likar det.


Eg har litt andre ting vekkgøymd på loftet også som det skal bli kjekt å ta fram etterkvart :)

lørdag 10. mars 2012

Ein konvolutt med "vårglede" :)

 Av og til kjem ei uventa glede smygande når ein minst ventar det. 
Idag då eg henta posten låg det ein brun konvolutt med namnet mitt på i postkassen..
Det er ikkje så ofte eg får private brev i desse sms-tider så eg var ganske spent då eg opna konvolutten.
O lukke!
Inni låg ein stikling av engletrompet frå Ida.
Visst var eg glad for stiklingen, men det som gleda meg aller mest
 var at Ida tok seg bryet med å pakke og sende han til meg.
Du er berre god Ida :)
Tusen takk :)





Nå håpar eg at eg får dette til.Eg har aldri hatt engletrompet før.
Eg har sett stiklingen i godt fukta jord med ein plastpose med eit lite hol i over og sett han lyst og kjølig.
Om dette er feil måte må nokon skrive korleis det skal gjerast i kommentarfeltet.
Om eg får han til å spire vil eg sette han på terassen når det er frostfritt ute.




God helg til Ida og alle andre som kikkar innom bloggen min :)

mandag 5. mars 2012

Vårlengt...

Å, men eg synest det er herleg nå når dagslyset blir her litt lengre for kvar dag og "nytt liv av daude gror" :)


Leve i stunda
-når vårmorgonklokkene ringlar og slår
og syng for den gro'gla kimen,
når tonen frå fløyta kling mollstemt og sår
av vårlengt i skymingstimen.
Josef G Larssen

Gode vårdagar til deg som er innom bloggen min :)