onsdag 30. april 2008

Alongside a country road. / Langs landevegen.

Edderkoppane har spent ut dei snedige netta sine. Sola skin på doggdropane og avslører dei. / A spider's web.
Eit ospeblad frå i fjor. Motlyset framhevar alle nervene i blada. / Sunshine through a leaf from last year. Vårkål ved ein sildrande bekk. / Ranunculus ficaria by a little brook. Ei eng med kvitveis. / A meadow of Anemone nemorosa. Anemone nemorosa. Ei mengd løvetann står langs vegen og lyser som små soler. / The dandelions, Taraxacum officinale, are shining like small suns.
Eg strekker meg over gjerdet ved eit fråflytta hus for å få festa dette tusenfrydteppet til kameralinsa. / A carpet of daisys in an old garden. Det var mest kvite, enkle tusenfryd. Nokre få mørk rosa fyllte hadde kryssa seg med dei kvite og dette var resultatet. Er dei ikkje vakre? / Beautiful "Thousand Joys". Store, gamle buskar med blordrips eller blomstrande rips som me seier her. / Buches of Ribes sanguineum in an old garden. Ha ein finfin siste aprildag! I morgon er det mai :)
I wish you a real nice last day of April! Tomorrow it's May :)

mandag 28. april 2008

Welcome in to my garden. / Velkommen inn i hagen.

Ribes sanguineum, Blodrips. Bellis perennis, Tusenfryd.
Lunaria annua, Judaspenger.
Dicentra formosa, Småhjerte. Lithodora diffusa 'Heavenly Blue', Steinsame.

søndag 27. april 2008

Time for tulips. / Tid for tulipanar.

Takk for alle fine kommentarar på siste innlegg! God mandag :)

lørdag 26. april 2008

New life on our farm. / Yrande liv på garden.

"Det strøymer på så eg knapt kan anda!" No nærmar me oss slutten på lamminga for i år, det er fire sauer igjen. Me har berre 21 sauer som skal lamme, men det blir likevel ganske travelt medan det står på. Til no har 17 av dei lemt 46 lam tilsaman! 43 lever, to var daudfødde og eit la mora seg på så det blei kvalt. Bileta som følgjer er frå torsdag då me fekk tretten lam på eit par timar. To av sauene fekk fire lam kvar. Ei fekk tre. Om du klikkar biletet under stort ser du alle tre mødrene med avkom. Plutseleg dukka ei fjerde opp og ville stjele av firlinglamma. Grunnen til dette er at ho var igong med fødsel sjølv og trudde lamma var sine. Sauene jagar vanligvis andre sine lam, men under fødselen godtar dei andre nylemde lam.
På tide å få "småane" i hus. Har sauen fått to lam tar me eit under kvar arm, men er det så mange som fire er det greit med ei lita trillebår. Sauen sjekkar at dei små har det bra. Her har sauen som ville ha ei anna sine lam fått sine eigne. I går fekk me trillingar, tvillingar og eit enkelt. Sidan trillingane og det enkle blei lemde på ein gong klarte me å lure eit av trillingane over til ho med eit. Dette gjekk fint, ho godtok det som sitt, det vil seie ho trudde det var sitt. Til no har eg elleve små som eg skal vere mor for! Eg kjem til å "presentere" dei på bloggen etter kvart.
As you can see there is a lot of beautiful small lambs on our farm right now. Four sheep gave birth to thirteen lambs in a couple of hours.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
No har eg nettopp vore jordmor og tatt imot ein trilling til, så no har me 46 lam på atten sauer. Berre tre igjen, skal bli godt å bli ferdig.

torsdag 24. april 2008

Sky Watch Friday

Spring finally arrived at Heimdal (Home valley)! The weather has been fantastic these last couple of days. The three following photos are taken early in the morning, at 5.40 am. At 10 pm I was out to let the sheep in. Then I took the five following photos.
At last two moon photos taken this past week. Go to Tom for the sky watch blog roll.
Happy sky watch everyone!

tirsdag 22. april 2008

Vårkål-Ranunculus ficaria.

Litt meir informasjon om blomen på sist innlegg. Det er ikkje BEKKEBLOM det eg har tatt bilete av, men VÅRKÅL . Det er ein mindre slektning av bekkeblomen. Vårkålen veks på beiteland og plen og er ikkje avhengig av vatn slik som bekkeblomen. Då eg var lita jente kalla me både vårkål og engsoleie for smørblom. Me plukka og holdt han under haka på kvarandre og spurte; likar du smør? Om gulfargen blei reflektert på haka, ja då lika han/ho smør.
Bekkeblom-soleihov-Caltha palustris.
Vårkål-Ranunculus ficaria.
Engsoleie-smørblom-Ranunculus acris.
Alle tre tilhøyrer soleiefamilien.