Etter ei travel helg og mandag med ekstra arbeid i fjøset og med sauer og lam har eg ein pustepause i dag før det er langdag med mjølking og barnehage i morgon. Fjøsstellet er unnagjort, husarbeidet ropar på meg, men no vil eg slappe av og kosa meg ei lita stund. Det gjer eg best når eg får sitte å redigere bilde og lage innlegg på bloggen. I natt og dag i har det striregna. Dei to første bilda er tatt frå utgangsdøra mi no i dag.

Hagen får verkeleg vaska seg og alt regnet øydelegg nok ein del av plantene som framleis held stand. Me har hatt ein nydeleg sommar og haust her på sørvestlandet i år. Bilda som følgjer er med få unnatk tatt dei siste fjorten dagane. Solskinet møter meg i det eg trør ut i hagen 16. september.

Hagen sett "litt fra oven". Dette og neste bilde er tatt frå altanen og gjev eit godt bilde av denne delen av hagen.

Mykje er avblømd, men løvemunn og blodsdråpar står framleis fine.