søndag 14. oktober 2007

Ein grå dag./ Grey whether.

Eg har vist bilete av strålande solrenningar, utsyn frå fjelltoppar og fine roser i det siste. Det er så lett å skape ein illusjon med fotografier, ein tar med det ein vil og utelet det ein ikkje vil ha med. Me er langt inne i hausten og dagar som på bileta under er det nok flest av i desse dagar. Skodda heng tungt over landskapet. Skodde likar eg ikkje, det er som om ho kryp inn i margen på meg. Eg har vore ute ein liten tur, det gjer alltid godt uansett ver. Det er stilt rundt meg, mannen min søv etter ei natt på arbeid. Ein heilt vanleg dag. Tankane sviv om så mangt her eg sit. Eg har snoka på skattelistene på internett. Eg ville aldri møtt opp på kemnarkontoret for å sjekka kva naboar og venner tente, men nå er det jo berre eit tastetrykk unna. Etterpå spør eg meg sjølv om kvifor eg gjer dette, det fører kun til ein ting og det er misunning. Og misunning er ei av dei sju dødssyndene er det ikkje? Eg samanliknar meg sjølv med den eine og den andre som eg meiner "ligg på same nivå" arbeidsmessig. Eg kjem til kort mot dei alle. Hjarte søkk ned i magen og eg blir lei meg. Eg misuner eigentleg ingen, men kan likevel ikkje fatte at det å produsere mat som alle treng for å leve skal vere så lite verdt. Eg tenker på ei strofe av Luis Jakobi "Det er du som gjør din dag og tinning grå". Eg må ut av denne sjølvmedkjensla. Kanskje eg skal gjere Karl I.(som eg i utgangspunktet har svært lite til overs for) sine ord til mine " Dere har da både frisk luft og god utsikt, det må tas i betraktning når en tenker livskvalitet". Javisst har me utsyn! Og luft og kjærleik! Hurra for livet på landet! Eg blir med eitt så mykje lettare til sinns! Pengar betyr jo eigentleg så lite, ikkje sant? Spøk til side. Det som betyr mest av alt enten ein tener mykje eller lite, bur i byar eller på landet er å få vere frisk og ha det bra med dei ein lever saman med og har rundt seg til dagleg. Det skal ikkje alltid så mykje til for å lysa litt opp i skoddeheimen (enten han er rundt meg eller i meg). Gentspireaen er litt "døgnvill" og blømer nokre enkle blomar mellom gule blad. Eit lite lyspunkt på ein elles grå haustsøndag.
«Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hyggje,
moro, men ikkje glede,
kamerater, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.»
Arne Garborg

14 kommentarer:

Marie sa...

Eg vil skrive første kommentaren sjølv denne gongen. Eg vil gjerne takke alle som har skrive gode ord til meg på innlegget under. Det betyr mykje for meg, varmar hjarte!
Reknar med det er meir sannsynleg at de "snur dette arket" i dag enn det under. Ønskjer alle ein strålande søndag (om han er aldri så grå) :o)

Ellie sa...

Jeg blir nesten helt rørt her jeg sitter. Så utrolig godt innlegg du har i dag! Synes du har det rette perspektivet på ting. Til syvende og sist betyr ikke penger så mye når det gjelder livskvalitet. Jeg synes også at det er leit at det å produsere mat, som jo er noe av det viktigste mennesker kan gjøre, ikke verdsettes høyere. Noe av det verste jeg vet er når folk maser over høye matvarepriser, og reiser til Sverige for å "Harry-shoppe"! Og jeg er ikke redd for å si det, heller ;-).

Ja, å hekle lappeteppe kan virkelig anbefales. Det kommer iallefall til å passe! Ha en fin søndagskveld!

kate sa...

The mist gives the countryside such an interesting look. I loved seeing these photographs and realising how much more advanced autumn is here. You live in a beautiful country!!

Anne sa...

Nå sitter jeg her med tårer i øynene Marie.
Du får satt ord på det jeg umiddelbart tenkte når jeg leste dine første ord i innlegget.

Og diktet sier vel mer enn nok.

Kunne vel "klaget" jeg også, med min sykepleielønn. Men egentlig er vi hverken kalde eller underernærte her i huset. Rikdom er mer enn kroner og øre, det skal være sikert og visst.

Ønsker deg en RIK nye uke. Med spennende dufter i din nese, men god menneskelig kontakt, kjærlighet, nærhet og varme.

Klem fra Anne.

Merete sa...

Så flott og reflekterande innlegg, Marie!! hmm..vi har vel alle vore innom skattelistene dei siste dagane og sjekka kva kjente og mindre kjente folk tener..eg må sei at eg har kjent litt på det samme som du skriv her!
Ha ein fin søndagskveld, Marie :o) klem frå meg!

Merete sa...

..og tusen takk for superfin omtale i forrige innlegg :o) blir heilt rørt eg når andre bloggarar nemner min blogg i innlegga sine fordi dei likar den!! takk igjen ;o)

minerva.jor sa...

Det er dager med skodde også!
bilde sier meg at du har hatt en en tur i ren og frisk luft.

Det er så mange tanker jeg kommer opp med etter å ha lest det du skriver her.
når vi ser rundt oss, ser vi at Livskvaliteten ikke avhengig av en stor formue.
Jeg mener det er viktig for oss å opprettholde en rik matproduksjon her i landet. Jeg blir fortvilet når dyrkbar mark blir gjort om til golfbaner.
Ha en fin søndaskveld:)

Hilsen Bodil F.T. sa...

Svært fine tanker!! Jeg er så enig med deg, og med det diktet av Arne Garborg du skriver til slutt.
Hos oss har vi hatt STOR familie og ei inntekt, men vi har hatt et lykkelig liv :) Ekte verdier ligger ikke i penger, ting og tang. Men de er gode å ha når en skal betale regningene... Nydelig bilde av vei med blomster!!

Sol sa...

Ja, det er vekslende vær nå om høsten.En dag skinner solen fra skyfri himmel, og den neste er grå og tung....Og sånn kan det være med følelser også....
Det er fint å være reflekterende Marie,og å få andre til å tenke også...
det er så mye en kunne skrive,men som jeg ser andre har skrevet her også,så har ikke livskvalitet bare med penger å gjøre. det er så mange ting som spiller inn, god helse,venner, noen å være glad i, noe meningsfyllt å holde på med, vakker natur å glede seg over....osv.
Ønsker deg en god uke Marie.

Marie sa...

Takk for kommentarar! Det eg skreiv om utsyn og frisk luft etter Karl I. Hagen var eigentleg meint som ironi...men eg er visst ikkje så flink til dette. Eg meinar alt eg skreiv...men det må litt meir til enn luft og kjærleik når rekningane skal betalast. Likevel er både frisk luft, helse og ikkje minst vennskap viktigare enn det meste og kan ikkje kjøpast for pengar!

FO - 2 sa...

Hei Marie.
Har nettopp kommentert skattelistene hos Petunia.
Vi må iallefall respektere at vi alle er forskjellige og godta hverandre.
Det er viktig.
Livet er mangfoldig, med både opp og ned turer og med både solskinnsdager og grå dager, som du viser her.
Begge deler kan være vakkert og nødvendig.
Vil ønske deg ei fin uke.
Håper den vil inneholde mange gleder, for din del. :)
God klem.

Anonym sa...

Hei!

Her var det jammen skjedd mykje sidan eg reiste. Du er blitt ein dreven bloggar! Det er nok ikkje så mykje eg kan hjelpe deg meg nå. Og mange flotte bilete!

Eg stravar med oppgåveskriving. Det er så vanskelig, anar ikkje korleis eg skal komme i mål...

Men du, Kitty var ikkje 13 år då ho døydde i 2006. Ho er fødd i desember 1990 og var vel 15 då ho døydde.

Marie sa...

Hei Mona!
Det var så kjekt å sjå kommentaren din! Du ser at eg treng litt hjelp ennå. Eg skal gå inn på den andre bloggen og rette med ein gong.

Lukke til med oppgåva! Du får gjere så godt du kan. Eg kan nok ikkje hjelpe deg(ligg nok for høgt for meg),men eg kan jo høyre på det du har skrive om du ønskjer det. Er ofte litt lettare når ein kjem igong. Ring når du er igong om du vil.

Ønskjer deg ein god dag! KLEM

Garden Angel sa...

Fint dikt og sanne ord!
Ja det er så koselig å oppdage sånne "små" gleder i hverdagen.Små ting som lyser opp, og gjør dagen bedre. Det er ikke alle som ser dem...noen går bare rett forbi.
Fine kontraster i det siste bildet ditt...og mange herlige naturbilder!! Kos deg videre denne uka og håper du finner flere små undre på din vei!
Klem fra meg:)