fredag 5. oktober 2007

Velkommen inn! / Welcome to my home!

I stova vår har me litt av kvart, her er ikkje nokon spesiell stil. Eg likar så mykje ulikt. Eg har nok handla litt etter impulsmetoden. Sjølve møblene er i mørkbeisa eik. Eg kjøpte ein gong to rustfarga stolar på salg. Eg fann gardiner som passa til, tapet og salong er tatt ut etter gardiner igjen. Eg likar at fargar passar saman, elles plasserer eg ting som passar saman i lag. /Photos from my living room. Hjørne over sofaen. Biletet til venstre har eg brodert med langsting, kjøpte det fordi det passa så godt i fargane. Til høgre eit maleri av Odd Dubland, det har eg fått som gåve av kunstnaren sjølv! Det minner om tider som var... Berit Tjøsvoll har mala dette bilete, det passa også så godt med fargane i stova. Eg likar så godt det Berit malar, ho malar i fleire ulike teknikkar. I tillegg er ho ei god venninne! Desse akvarellene har også Berit mala. Eg har fått dei rama inn slik at dei passar godt inn. Eg har mange planter i stova, denne er to meter høg. Eg er svak for englar så eg har fleire ulike.
Desse koppane samlar eg på. Blomar og bær, midt i blinken! Glass og krystall er eg også svak for. Ein stor og frodig flamingoblom. Lysestakane til venstre er eg glad i. Denne planta fekk eg av ei gammal dame for femten år sidan. Dette krukkesettet er noko av det finaste eg har. Eg likar både form og farge.
Fin lita orkide eg fekk hos ei dame som har fått råmelk hos oss. Morgonsola skin inn gjennom vindauga. På den eine veggen i gangen har me kvardagsbilete tatt opp gjennom åra. Dette var litt detaljar frå heimen, håpar at du er blitt litt meir kjent med meg nå.
God helg til alle! / Have a nice weekend!

10 kommentarer:

GundaM sa...

Takk for titten inne hos deg,hjemmekoselig.Bare kaffekoppen mangla;-) Og så likte jeg så godt krukkesettet ditt med evighets symbolet på. Ha ei flott helg tobente som firbente;-)
Klem fra GundaM

Hilsen Bodil F.T. sa...

Dette var gøy og kjekt og koselig. Du har mange fine ting i heimen din. Maleriene var veldig flotte. Jeg liker veldig godt bildene til Odd Dubland. Og så kan du sitte ved vinduet og nyte den herlige utsikten. Kos deg videre!

Naturegirl sa...

Thank you for this view of your artwork and colllections in your home! What a magnificent view from your window!! Thank you also for visiting me and leaving get well wishes! I am getting better..happy weekend to you! hugs NG

minerva.jor sa...

Takk for invitasjonen!
Nydelig akvareller av Berit, likte godt de krusene med blomster på!
Vi laget råmelkpudding da jeg gikk på husmorskolen!
Ha en fin helg!
Klem:)

FO - 2 sa...

Mye fint hos deg. :)
Bildene av Berit er nydelige, alle sammen! :)
De små glassene dine er skjønne.
Kos deg og god lørdag til deg.
Klem.

ChatrinesLiving sa...

Takk for titten hjemme ho deg:) Bildene/kunsten er helt nydelig! Utsikten er jo bare helt upålkagelig:) Koselig hjem du har!

Anonym sa...

You have a beautiful home, window scene . . . and a cat :)
Thank you for showing them!

And those sizes of photos, I think, that in your template they can not be very nuch bigger, but you can try.
When you are writing your post, change a pictures width and high numbers and look at, how big they can be. I have change also in my other blog`s sidebar numbers and make it narrower.
we could be happy, if you would join our pet blog and publish some pictures of your cat there:)
You find it from my JoensuuDP blog,if you click my Leena in this comment, it carry you there.
Have a happy Sunday in your beautiful country.

STRIKKEMOR(O) sa...

Så fint og koseleg du har det heime hos deg! Kjekt å sjå inn i huset og!

Garden Angel sa...

Hei Marie!
Mange koselige kroker hos deg ja!
Engelen i vinduskarmen din var veldig vakker! Søte kopper du samler på også. Fin stemning i bildene dine:)

dot sa...

Your home is just beautiful and that view, WOW!