tirsdag 21. august 2007

Det var ein gong.....

...ein familie, som budde på ein gard, som låg på ei lita øy, som låg på sørvestlandet av Noreg. Mor og far i familien hadde det alltid travelt, fordi nesten alt arbeidet på garden skulle gjerast for hand. Barna var med på det meste, dei leika i nærleiken av der mor og far var.
Eldste jenta heitte Marie, ho hadde lyst hår og blå augo. Marie var veldig glad i dyr og ho var med far sin på alt som føregjekk på garden. Ho var odelsjente må vite. Jente nummer to lika seg betre saman med mor. Ho syntest kyr var så store, -og væren han kunne vera olm det visste ho. Jente nummer tre var berre i mor sitt hjarte ennå. Mor var ei flink gardkone. Ho hadde sterke hender etter all handmjølkinga. Kua Duna likte å bli mjølka og ho sto roleg til mor var ferdig. Mor og far mjølka tre kyr kvar, det var ein mellomstor gard på den tida. Mor var nøye på at mjølka skulle vere rein og frisk. Ho vaska kujuret godt og sila mjølka. Far seinka mjølkespanna ned i ei kjelde for å kjøle mjølka. Han brukte trillebår til å køyre mjølkespanna til mjølkekrakken. Far var ein mann som klappa framande hundar og snakka med framande born, hundane logra og borna smilte. Far var bygda sin ufag(sjølv)-lærte dyrlege/"jordmor", han var mykje rundt på gardane på bygda og hjelpte til ved lamming og kalving. Det var få som ringte dyrlegen før far hadde gitt opp, då var det som regel medisin som skulle til. Her er han med hesten, seinare kjøpte han seg traktor.Det vil med tida legge seg eit gløymselens-slør over fortida, men Marie som i dag er midt i livet har mange glassklare gode minne frå barndommen.
~~
Far skreiv dette minnet i Marie si minnebok (minne frå mor står lenger nede på bloggen under "I det barnlege hjørne", bilete kan klikkast stort så minnet kan lesast) :
~~
Barndomshjemmet hos far og mor,
glem det ei når du blir stor.
Det du lærte i ditt hjem,
vil du sikkert føre frem!
~~
Minnast titt og ofte Far

17 kommentarer:

Anonym sa...

Koselig historie og flotte bilder...

Ha en flott kveld...

Anonym sa...

Det må vere kjekt å ha slike "gamle" bilder å sjå tilbake på. Du skriver godt, kosa meg skikkelig kva gong eg er innom her! :)

FO - 2 sa...

Så flott.
Ett fint minne.
Gode minner... :)
Det er fint å mimre.
Og å være takknemlig for det man har og det man har har fått.
Nydelige bilder av skjønne tuller, far og mor. :)

Anonym sa...

For nokre nydelege bilder! Ein hardtarbeidande, men lykkeleg familie. Ser de jentene hadde fine strikkagensarar og!

Helene-Årets gleder sa...

Så fine bilder:-)
Du skriver så koselig.

Tusen takk for en liten reise i din barndom..

Ha en kjempe-fin kveld.

GAWO sa...

å dette var så fint å lese. Plutselig var jeg tilbake i Anne Karin Elstad sine bøker. De liker jeg godt. Du viser oss fine bilder. Det er godt å kunne tenke tilbake på en god trygg barndom.

Berit T sa...

Så kjekt å se bilder fra tiden før jeg ble kjent med deg, gleder meg til fortsettelsen.
Klem.

Marie sa...

Tusen takk for fine kommentarar! Ein god klem til alle bloggvennene mine :o)

JULIEK sa...

Ååååå for ett koselig innlegg : )

minerva.jor sa...

Fine minner , Marie.
Jeg tenker på din far, jeg husker fra min barndom- skjønte det ikke helt da, men det var mennesker rundt med "gaver"- som ved sitt nærvær og omsorg samt erfaring , helbredet dyr og mennesker .
Jeg kaller det en kjærlighet til alt rundt seg.
Ha en fin dag:)

Lena sa...

En veldig koselig blogg du har :0)

Marie sa...

Julie og Lena; takk for varmande ord.

Minerva; takk til deg også.
Det er sant det du seier om far. Han "sensa" ulike ting.Han hadde ein gong ei sterk oppleving, han vakna midt på natta etter ein draum.I draumen såg han ein kammerat som låg i sjøen og vinka for å få hjelp, han såg og eit fyr som lyste og han kjende seg igjen. Far var fiskar i ungdommen og hadde sett fyret mange gonger. Draumen var så verkeleg at han hadde lyst å sette i gang leiteaksjon. Han tok seg saman og sa til seg sjølv at dette er berre ein draum, men han fekk ikkje sove etterpå. Morgonen etter høyrde han på nyheitene at ein båt hadde forlist ved det fyret han "såg" og at kammeraten var ein av dei omkomne. Dette gjekk sterkt innpå han, han angra at han ikkje følgde intuisjonen om at her var noko verkeleg galt...

Hilsen Bodil F.T. sa...

Her er så mange gode minner fra barndommen at eg blir heilt nostalgisk. Mange ting eg kjenner igjen fra min egen barndom og oppvekst oppe i Trøndelag!!

Hulda sa...

Så nydelig innlegg. Jeg fikk helt tårer i øynene av å lese og se på de fine bildene. Kommer igjen.:)

Elin sa...

Nydelege bilete, koseleg!!

HildeS/Frøken Fryd sa...

Hei hei.
Tusen takk for mange koselege kommentarar.
Så nydeleg du har skrevet her, Marie, og så koselege bilete.
Bileta av dyra dine under, var så fine også.
Ha ein finfin kveld.

BO sa...

Så koselige bilete! Vart litt rørt eg! Minnar om mamma sine bilete i frå garden ho vaks opp. Der var dei også tre jenter, mor og far. Og så klart mjølkekyr, sauer og katt! :-)