torsdag 2. august 2007

Skiftande motar og trender

Eg har strikka nye pulsvarmarar til dotter mi. Noko må ein finne på ein regnversdag. Eg srikka desse svarte pulsvarmarane til døtrene mine til jul. Ei fekk med petrolgrønne perler, det andre paret strikka eg med turkis perler. Dei blei skikkeleg fine. Året før fekk dei slike sjal. Eit likt dette og eit i rust/bruntonar. Denne duken sydde eg til sjømannskyrkjebasaren i april. Biletet er tatt av mønsteret.
Nissefamilien på bilete var gevinst i fjor. Desse dokkene var min gevinst i 2005. Dette biletet sydde eg for mange år sidan. Nå er slike broderi heilt "ut", men det heng nå på veggen hos meg. Eg brukte lang tid på det. Eg måtte ha godt lys då eg sydde sidan mange fargar er nesten like. Trendar kjem og går. Tippar det står mange slike broderi stua bort hos mange. Dette heng og i stova mi. Det passar til fargane elles i stova.
Gåve til mor mi. Ein gong var det langsting som var det store. Dette passar og perfekt til fargane i stova vår. Dette såg eg i eit butikkvindauga i Stavanger, eg berre måtte ha det! Krossting på lin. Handarbeid ein heil vinter.
Denne duken fekk me til bryllupet vårt frå mannen min si tante. Ho har kopiert kvardagsduken som mormor til mannen min brukte på spisebordet sitt. På desse bileta er duken nyvaska, eg vil ikkje stryke han før eg skal bruke han ellers vil han gulne. Krossting på bomullsaida.
"Kjerlighed er Hjemmets lykke"
"Gjestfrihed er Husets smykke." "Nøisomhed er Livets Dyd." "Snehvid dug er Bordets Pryd."

7 kommentarer:

Lynetmor sa...

Hei, så mange fine ting du har laget :-)
Ønsker deg en kjempe fin helg :-)

Elin sa...

Dette var veldig interessant! Ja, det er sant at trendar kjem og går. Det er jo kjekt å ha litt "sjel" i huset sitt, slik at ein ikkje kastar på båten alt det gamle. Den duken er jammen fin! Forstår at du er redd for den!

Virpi sa...

I love your pictures. I could have room in my walls for those too =). And the tablecloth is aswome too.

min sin lille tue sa...

Hei på deg:) Jeg er imponert igjen:) Så mange sting har ikke jeg tålmodighet til. Men mor har, og hun har sydd endel sånne bilder. Jeg har to blomsterbilder hengende i stua mi, du ser dem litt uti bloggen min hvis du vil der jeg viser litt fra huset vårt.
Og jeg blåser i om de er in eller ikke, er så glad i dem fordi mor har laget dem:)
Flott dikt du viste i forrige innlegg også.
Ha ei flott helg:)

Janne sa...

Så flink du er:D Imponerande!

Helgeklem frå Janne:)

P.S. Me kjem nok på besøk ein dag, men Arvid flyttar tilbake på Gann på søndag, så det er fyrsteprioritet for augenblinken. D.S.

minerva.jor sa...

For en allsidig dame du er!
det ligger mange timers arbeide bak alt dette. Jeg har samlet noen av de siste tingene jeg har laget på en egen blogg ( link fra siden min).
Nå syr jeg med jetfart en kjole til min datter; som må være ferdig på fredag:)
Ha en kos helg:)

Ida sa...

Så mye flott håndarbeid! :)
Dyktig med både strikkepinner og synål kan jeg se.
Sjalet er skjønt. :)